Medieanalyse for HVL, 1. kvartal 2019

I første kvartal 2019 var HVL omtalt i 784 saker i media, mot 711 for same periode i fjor.  Sakene omhandlar høgskulen på ulike i måtar. I enkelte saker uttaler tilsette ved HVL seg som ekspertar innan eit fagområde,  i andre saker er HVL nemnd som ein aktør i ein breiare samanheng, og i nokre få saker blir høgskulen sett i eit negativt lys.

27 prosent av sakene er positive for HVL. Det vil seie at er saker som profilerer HVL si faglege verksemd og profil. Det kan til dømes handle om fagtilsette som uttaler seg som om sitt fagfelt, kronikkar, eller andre saker som omtaler utdanningane eller forskingsaktiviteten ved HVL.  Fleire tilsette har hatt kronikkar på trykk i perioden. Vi nemner til dømes Astrid Synnøve Litland og Ragnhild Sollesnes om vaskinemotstand (BT), og Alicja Renata Sadinowic om barnevern og barnehagen (Stavanger Aftenblad). Fleire studentar ved barhagelærarutdanninga har også hatt kronikkar/debattinnlegg om med barnhagen som tema i perioden, mellom anna i BT. Andre oppslag som kan nemnast er til dømes sak i BT om bortkasta helseforsking (EU-støtta prosjekt leia av Hans Lund), og intervju med Monika Alvestad Reime i Dagbladet om barnevern.

Nøytrale oppslag er saker som verken profilerer høgskolen sitt fagmiljø/profil spesielt, eller gir et etterlatt negativt inntrykk av organisasjonen. Det kan til dømes vere saker der HVL er nemnt i ulike samanhengar. 69 prosent av sakene kjem i denne kategorien.

Berre 4 prosent av oppslaga er negative for HVL.  Blant desse er mellom anna oppslag i Khrono om misnøye med den nye K2-bygget ved campus Bergen (27.2.19), oppslag om mangel på administrative ressursar (Khrono, 19.01.19), lærarstudentar som meiner praksisstudia ikkje rustar dei godt nok til lærarrolla (BA, 25.02.19), og oppslag i Studvest om manglande system for varsling om seksuell trakassering (27.02.19)

Ser vi på frekvens, er Khrono mediet som har omtalt HVL flest gangar i denne perioden. Deretter følgjer Fagpressenytt (portal som publiserer nyheiter, reportasjar og artiklar frå mange fag- og nisjemedium) og Sogn Avis. Samtidig er rekkevidde viktig for å vurdere kor godt HVL klarar å synleggjere seg. Her ligg verken Khrono, Fagpressenytt eller Sogn Avis øvst på lista, men saker frå større medium som A-magasinet, NRK, Dagbladet og BT.

Det meste av omtalen kjem i aviser (vel 50 prosent), deretter følgjer nettmagasin og fagtidsskrift.

Som vanleg er dei fleste sakene på nett (vel 67 prosent), deretter følgjer print (vel 29 prosent) og til slutt radio, tv osv. som står for 2,8 prosent.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.