Medieanalyse for 2. kvartal 2019

HVL var omtalt i vel 900 saker i media i 2. kvartal 2019. Dette er omtrent på same nivå som i same periode i fjor. Omtalen artar seg på ulike måtar. I nokre saker er HVL nemnt i ein breiare samanheng.  I andre saker uttaler tilsette ved HVL seg innan ulike fagområde, eller studentar og fagmiljø ved HVL blir omtala. Nokre få saker set høgskulen i eit negativt lys.

Nøytrale oppslag er saker som verken profilerer høgskulen sitt fagmiljø/profil spesielt, eller gir et etterlatt negativt inntrykk av organisasjonen. Det kan til dømes vere saker der HVL er nemnt i ulike samanhengar. 58 prosent av oppslaga kjem i denne kategorien. Det er vanleg at fleirtalet av sakene er nøytrale.

37 prosent av sakene er positive for HVL. Det vil seie at dei profilerer den faglege verksemda og profilen vår. Vi nemner til dømes oppslag i BT om professor Eldbjørg Fossgard som basert på forsking åtvarar mot praksisen med film og TV i matpausen på skulen.  I denne kategorien kjem også ulike kronikkar og saker på forskning.no.

6 prosent kjem i kategorien negative oppslag,  og har gått litt opp frå 4 prosent i førre kvartal. Vi nemner til dømes oppslag i Khrono om manglar i kvalitetsarbeidet ved HVL, oppslag i avisa Sunnhordland om at HVL-tilsette på Stord er uroa for framtida, og oppslag i Khrono og BT om musikkprofessor Njål Vindenes som sluttar ved HVL i protest.

34 prosent av sakene er i lokale medium. 24 prosent i er i riksmedium og 10 prosent er i regionale medium. Resten kjem i kategorien «anna dekning». Det vil seie saker i fagpresse/ magasin osv. kor inndelinga riks-, region- og lokal ikkje blir like naturleg å bruke.

I søylediagrammet under ser ein korleis omtalen fordeler seg på fylker basert på kor kjeldene er plassert.

52 prosent av oppslaga er i aviser. Deretter følgjer ulike nettmagasin (vel 15 prosent) og fagtidsskrift (vel 13 prosent).

Ser vi på frekvens, er Khrono mediet som har omtalt HVL flest gangar og i denne perioden, slik var det også i 1. kvartal. Deretter følgjer BT og Fagpressenytt (portal som publiserer nyheiter, reportasjar og artiklar frå mange fag- og nisjemedium). Samtidig er rekkevidde viktig for å vurdere kor godt HVL faktisk klarar å synleggjere seg i mediebildet. Her ligg verken Khrono eller Fagpressenytt øvst på lista, men saker frå større medium som Aftenposten, NRK og liknande.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.