Medieanalyse for 3. kvartal 2019

HVL var omtalt i 750 saker i media i 3. kvartal 2019. Det er over 100 gangar meir en same kvartal i fjor, men 150 saker færre enn førre kvartal. Men for å forstå korleis HVL synleggjer seg i media må vi sjå nærare på kva medium vi er synlege i, og korleis sakene fordeler seg mellom positive, negative og nøytrale oppslag.

Litt over 48 prosent kjem i kategorien positive oppslag. Dette er ei ganske stor auke frå 2. kvartal då prosentandelen låg på 37 prosent. Positive oppslag vil seie saker som profilerer den faglege verksemda og profilen vår. Det kan også vere saker der våre tilsette uttaler seg som fagekspertar. Vi kan gi døme på mange positive saker i denne perioden. Ei sak som fekk stor spreiing i ulike kanalar og medium over heile landet, var til dømes professor og økolog Stein Joar Hegland si forsking på blåbær og den sviktande blåbærhausten. Det same gjaldt eit oppslag om bruk av VR-teknologi som vart vist fram på ei tverrfagleg forskingsutstilling ved campus Bergen i september. Mange tilsette har dessutan bidratt med kronikkar i denne perioden, og fleire har uttala seg som fagekspertar. Professor og samlivsekspert Frode Thuen må nemnast som ein gjengangar på det sistnemnde området.

HVL hadde ganske få negative oppslag i perioden. Dei negative oppslaga utgjer berre 3 prosent, mot 6 prosent i førre kvartal.  Det har altså blitt fleire positive og færre negative saker. Brorparten av dei negative oppslaga handlar om sviktande søkjartal til fleire av utdanningane ved HVL.

Resten av saken kjem i kategorien nøytral. Nøytrale oppslag er saker som verken profilerer høgskulen sitt fagmiljø/profil spesielt, eller gir et etterlatt negativt inntrykk av organisasjonen. Det kan til dømes vere saker der HVL er nemnt i ulike samanhengar.

Statistikken viser at vi har fått fleire oppslag i lokale medium enn førre kvartal. Då var 34 prosent av oppslaga i lokale medium, mot 41 prosent i dette kvartalet.

24 prosent av oppslaga er i riksmedium og 9 prosent er regionale medium, omtrent på same nivå som førre kvartal. Resten (26 prosent) kjem i kategorien «anna dekning». Det vil seie saker i fagpresse/ magasin osv. kor inndelinga riks-, region- og lokal ikkje blir like naturleg å bruke.

Søylediagrammet under viser ser ein korleis omtalen fordeler seg på fylker basert på kor kjeldene er plassert geografisk.

Ser vi på frekvens i enkeltmedium er HVL omtala flest gangar i Khrono (48), slik tilfellet også var i førre kvartal. Deretter følgjer Sogn avis (38), avisa Sunnhordaland (33) og Haugesunds Avis (31). Samtidig er rekkevidde (altså kor mange lesarar, sjåarar eller lyttarar kanalen har) viktig for å vurdere kor godt HVL faktisk synleggjer seg i mediebildet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.