SoMe-analyse 1. kvartal 2019

Instagram

Målgrupper og følgjarar

  • Primærmålgruppene for Instagramprofilen vår er eksisterande og potensielle studentar.
  • Per 31. mars har vi 3 196 følgjarar.
  • Vi har flest følgjarar i alderen 18-24 år (44 %), med aldersgruppa 25-34 år (33 %) som neststørste gruppe. 73 % er kvinner, 27 % menn.
  • Nær halvparten av følgjarane våre held til i Bergensområdet.

Innlegg

Vi har eit snitt på 0,4 postar per dag. Tar vi vekk helgene, har vi ein postfrekvens på 0,6 per dag. Vi postar bilder frå studiesituasjonar, livet på campus med meir. Noko blir vi tipsa om, andre ting oppsøker vi sjølv.

Nokre av postane med best engasjement har vi «lånt» frå studentar.

Taggen #hvlfolk blir stadig betre innarbeidd, og har så langt blitt brukt i 3 300 innlegg. Vi brukar i tillegg #hvlutveksling når det er aktuelt, og prøver å få denne innarbeidd blant utreisande studentar (så langt brukt i 317 innlegg).

Stories

Vi har lånt ut Instagramkontoen vår til 15 studentar frå januar til mars. Studentane blir bedt om å dele frå studiekvardagen sin gjennom å legge ut i storien vår. Her legg dei ut både film og bilder. Vi har hatt studentar frå alle campusar, og fleire utvekslingsstudentar. Dette fungerer veldig godt, og kvar historie blir i snitt sett av mellom 1500 og 2000 personar.

Trafikk til hvl.no

Instagram har generert 440 sesjonar til hvl.no i perioden.

Mål for Instagram framover

  • Eit innlegg per dag
  • I større grad plukke og dele bilder studentar har tagga med #hvlfolk.
  • Få god fordeling av bilder frå alle campusar.
  • Få større andel følgjarar frå andre stader i landet enn Bergen.

Facebook

Målgrupper og følgjarar

  • Primærmålgruppene for Facebooksida vår er eksisterande og potensielle studentar.
  • Vi har 13 750 følgjarar per 31. mars, og følgjarmassen aukar jevnt.
  • Vi har flest følgarar i alderen 18-24 år (34 %), med aldersgruppa 25-34 år (29 %) som neststørste gruppe. 73 % er kvinner, 27 % menn.

Innlegg, rekkevidde og engasjement

Vi har eit snitt på 0,9 postar per dag. Tar vi vekk helgene, har vi ein postfrekvens på 1, 3 per dag. Vi ser tydeleg at eigne videoar er det som gir best rekkevidde og engasjement, nesten dobbelt så mykje som innlegg med bilder.

Rekkevidde = Tal personer som har fått vist innlegg frå sida vår på skjermen sin.
Reaksjonar = likarklikk, kommentarar og delingar.

Blant topp 5-postane kjem video øvst. Det er gledeleg at to kronikkar frå studentar kjem på 4. og 5. plass.

I perioden produserte vi 18 videoar. Tal frå Facebook (universelt) seier at tida ein brukar på å sjå ein video i snitt ligg på 8 sekund, og det stemmer godt overens med våre tal.

På dei fem videoane  som blei sett av flest i perioden, her klarte vi å komme over 8 sekund. Vi blir likevel utfordra på å klare å lage korte nok filmar.

Trafikk til hvl.no

Facebook er heilt klart den største trafikkdrivaren til hvl.no, med 25 000 sesjonar i perioden (ubetalt).

Mål for Facebook framover

  • Få større andel følgjarar frå andre stader i landet enn Bergen.
  • Lage korte videoar.
  • Vurdere om vi skal ha eiga fb-side for etter- og vidareutdanning.

Twitter

Målgrupper og følgjarar

  • Målgruppene for Twitterprofilen vår er nærings- og arbeidsliv og forskingsmiljø.
  • Vi har 3 837 følgjarar per 31. mars.

Frå mars har vi gjort ei dreiing av korleis vi brukar Twitter. Frå at vi tidlegare i stor grad delte saker frå medierapporten, vil vi no i større grad bruke allereie publisert innhald frå andre, som å retweete rektor og andre tilsette, og like og kommentere tweets frå aktuelle aktørar. Vi vil som før dele saker frå hvl.no. Denne dreiinga er basert på både at vi ser at vi har lav rekkevidde på det vi postar på Twitter, og det faktum at det som i størst grad treff på Twitter er personlege meiningsytringar, politikk og underhaldning.

Vi brukar verktøyet Tweetdeck til å følgje med på aktuelle samtalar.

Trafikk til hvl.no

Twitter har generert 440 sesjonar til hvl.no i perioden.

Strategi framover

Det at Twitter på landsbasis har ein stagnasjon i bruk, og det vi skriv i avsnittet over, gjer at vi i mindre grad vil bruke mykje ressursar på å produsere innhald til denne kanalen, men i større grad overvake og delta der det er aktuelt.

LinkedIn

Målgrupper og følgjarar

  • Målgruppene for LinkedIn-profilen vår er nærings- og arbeidsliv og forskingsmiljø.
  • Vi har 29 000 følgjarar.
  • Nær halvparten av følgjarane våre held til i Bergensområdet. Vi ser at vi har flest følgjarar innan bransjen olje og energi, etterfulgt av offentleg forvaltning og høgare utdanning.

Innlegg, rekkevidde og engasjement

Vi har eit snitt på 1 post per dag viss vi ikkje reknar med helg. LinkedIn er i stor grad ein desktop-aktivitet, dvs. at dei fleste besøker LinkedIn i arbeidstida.

Vi har generelt lavt engasjement på postane våre, med eit snitt på 0, 32 %.

Trafikk til hvl.no

LinkedIn har generert 504 sesjonar til hvl.no i perioden.

Mål for LinkedIn

Også på LinkedIn ønskjer vi å gjere nokre endringar. Frå å tidlegare stort sett berre dele saker frå medierapporten, vil vi legge ned meir arbeid i å lage innhald for denne kanalen. Vi skal fokusere på aktuell forsking, løfte fram tilsette som er aktive, dele større HVL-arrangement og skape innhald relatert til master og EVU.

Vi skal

  • få fleire følgjarar frå andre stader i landet enn Bergen.
  • få fleire følgjarar innan bransjar vi er store på, som helse og utdanning.
  • auke tal eksponeringar og engasjement.

YouTube

På YouTube lastar vi opp filmane våre, men produserer ikkje innhald på same måte som i dei andre kanalane. Vi har oppretta spelelister for campusane våre, studietilbod osv.

Målgruppe

Målgruppa er potensielle studentar. Vi har 146 abonnentar på kanalen vår. Det viktigaste på YouTube er å ha relevante søkeord på videoane våre, slik at vi blir synlege ved aktuelle søk.

Trafikk til hvl.no

YouTube har generert 1 570 sesjonar til hvl.no i perioden (inkluderer betalt annonsering på YouTube).

Mål for YouTube framover

  • Gå gjennom videoar og passe på at aktuelle søkeord er lagt inn.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.