SoMe-analyse 3. kvartal 2019

Denne perioden var i stor grad prega av innhald som skulle påverke til å behalde HVL som 1. prioritet (evt. omprioritere til oss eller velgeoss gjennom ledige studieplassar). Mykje innhald handla naturleg nok også om studiestart. Dei to første vekene i juli hadde vi mykje innhald frå to studentar som besøkte alle campusane våre på sykkel. Dei gav oss små glimt frå turen og campusane, som bleidelt både på FB-og Instastory.

Facebook

Sidan forrige kvartal har vi fått 1 200 nye følgjarar, og er no oppe i drøyt 15 000 følgjarar. Aldersfordelinga blant følgjarane våre er som før.

Facebook er også i denne perioden den heilt klart største trafikkdrivaren til hvl.no, med 19 000 økter.

Vi hadde 85 innlegg i perioden, som gir eit snitt på 0,9 innlegg per dag. Det er som før video og bilder som gir best rekkevidde.

Vi har også mange FB-arrangement som gir god rekkevidde. Dette er arrangement i regi av HVL (eller der vi er medarrangør), og for ulike målgrupper.

Topp 5-innlegg

Topp 5 innlegg ser vi under, der videoar produsert av SoMe-teamet var dei to postane med best rekkevidde. Videoen med krympeboks fekk mange kommentarar som var knytt til teknikken som blei brukt. Når mange kommenterer, sprer innhaldet seg endå betre.

Analyse av innlegg fra Facebook

Fem beste poster FB

Instagram

Vi har knapt 3 700 følgjarar , ein auke på 230 personar sidan forrige periode. Aldersfordelinga blant følgjarane våre er som før.

Tal innlegg

57 innlegg i perioden. Dette gir eit snitt på 0,6 innlegg per dag, ein liten auke frå forrige periode. Det er ei jamn fordeling mellom video og bilder.

Rekkevidde

Jevnt over får vi bra respons på både bilder og videoar.

Videoane med størst rekkevidde i perioden var  

  1. Teaser til sykkelturneen (jf. kommentar øverst på sida) (2 933)
  2. Rektor gratulerer alle som fekk tilbod om studieplass hos oss (2 819)
  3. Ergoterapistudentar  som testar sittedans (2 819)
  4. Historiestudentar (2 678)
  5.  Studentar ønskjer nye studentar velkomne (2 659)

Bilde med størst rekkevidde

Høgskulepark i Sogndal ferdig 4105

GLU-studentar med opplegg studiestart 3968

faglærar i idrett 3808

festkledde (frå student) 3708

sprøyte 3225

 

  • Taggen #hvlfolk er mykje i bruk, og er brukt i 4000 innlegg.
  • #høgskulenpåvestlandet blir også ein del brukt, og har 720 innlegg. #høgskolenpåvestlandet  har 230 innlegg.
  • #studentisogndal er ein tag som er brukt i mange år, og er framleis flittig brukt av Sogndalsstudentane. Her er det 7500 innlegg. Vi finn ikkje tilsvarande taggar for dei andre campusane som er mykje brukt.

Vi lånte ut Instastoryen vår til 5 studentar i perioden. Sidan juli og delvis august var ferietid, er dette talet lågare enn forrige kvartal.

LinkedIn

Vi har 30 495 følgjarar, ei auke på 900 personar sidan forrige periode.

Vi hadde 26 innlegg i perioden. Dette er relativt lågt, og skuldast ferietid. Prioriterte målgrupper i perioden juli og halv august var studiesøkarar og studentar, og dermed hadde vi mindre innhald på LinkedIn enn i forrige periode.

Topp 3-innlegg, med hhv. 9 930, 7 865 og 6 807 eksponeringar, ser vi under.

LinkedIn genererte 698 besøk til hvl.no i perioden, ein (naturleg, jf. over) nedgang på knapt 50 %.

Twitter

Vi har 3950 følgjarar, som er omtrent som i forrige periode, og 48 innlegg. Dette er mindre enn forrige periode, og med same forklaring som på LinkedIn.

Trafikken til hvl.no var 246 økter, noko som er omtrent det same som forrige periode.

Topp 3 tweets ser vi under.

Youtube

Over 60 % av videoane våre blei sett via betalt annonsering.

Trafikken til hvl.no var låg, med 52 økter. Å få sjåarane til å gå direkte frå videoen til hvl.no er krevande. Dei kan ha gått inn på nettsida seinare, uten at vi kan måle dette.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.