Forfattar: Magne Mæhle
I ein nyleg publisert artikkel diskuterer vi resultat frå ei undersøking av kor mange barn som blir utsett for omsorgssvikt, vald og overgrep i eigen heim i fem Nordiske land. Dette har vi gjort ved å gå gjennom relevant forsking på dette området frå 1990 og fram til i dag. Det er mange metodeproblem knytt til slike undersøkingar. Tala kan derfor aldri bli eksakte. Truleg er førekomsttala vi finn minimumstal, fordi undrerapportering er meir sannsynleg enn overrapportering. Likevel trur vi det er mulig å lese noen hovudtrekk og tendensar ut av desse tala.
Ulike former for overgrep
Vanlegvis deler vi omsorgssvikt og mishandling opp i fem kategoriar: Fysisk mishandling, seksuelle overgrep, emosjonell mishandling, vanskjøtsel og det å vere vitne til vald.

Desse ulike formene for omsorgssvikt kan sjølvsagt overlappe, og gjer det ofte. Det var ingen gode studiar å finne på vanskjøtsel og emosjonell mishandling. Vi har derfor berre tal for fysisk, mishandling, seksuelle overgrep og vitne til vald. Vi fann 24 studiar; 4 norske, 12, svenske, 3 danske, 3 finske og 2 islandske som stetta inklusjonskriteria våre. Tala her spriker også ein del; mest når det gjeld seksuelle overgrep der førekomsttala varierte frå 0,2 til 1, 2 prosent. Her er det viktig å merke seg at dette dreier seg om overgrep i eigen heim. Vi veit at flest seksuelle overgrep mot barn og ungdom skjer utafor heimen. Rett nok fann vi også ein dansk studie som viser ein førekomst på 5,5 prosent, men her var ein breiare definisjon nytta. Når det gjeld fysisk mishandling varier tala frå 3 – 9% ,medan vi finn at 7-12,5 % av alle barn og unge som har blitt spurt om dette svarar at dei har vore vitne til vald i eigen heim. Fordi vi har talmateriale for ein lengre periode, 1990- 2014, kan vi i nokon grad sjå endringar over tid. Både når det gjeld seksuelle overgrep og fysisk mishandling synest det vere ein nedgang dei siste 10 år. Ein tilsvarande tendens ser ein i amerikanske studiar.
Mindre overgrep i Nordiske land?
Dei nordiske tala er lågare enn dei ein finn i andre høginntektsland, som USA, Canada og Storbritannia. Vi veit frå tidlegare forsking at måten foreldre oppdreg og utøver omsorg for barn på er «sensitivt» for både kulturelle standardar og verdiar, og for økonomiske forhold. På denne bakgunn finn vi det også riktig å diskuter kva som kan vere viktig årsaksfaktorar til at dei nordiske landa kjem noe betre ut.
Samanlikna med nesten alle land i verda har folk i Norden høg økonomisk levestandar og eit høgt utdanningsnivå. I tillegg er det, relativt sett, gode tryggleiksnett for dei som fell utafor. Dei nordiske land var av dei første med ei lovgjeving som forbaud fysisk straff i oppdraging av barn. I dag er det 5 av 39 land som har ei eit slikt forbod. Vi trur at lovgjevinga både avspeglar viktige kulturelle verdiar, og påverkar desse haldningane i befolkninga. Kanskje enda viktigare, vi har tilbod om helsestasjonar og barnehagar som nesten alle barnefamiliar nyttar seg av. Dette avspeglar ei haldning om at barn er eit offentleg ansvar, samstundes som det også gjer omsorga meir «gjennomsiktig».
Trass i dette finst det ei stor gruppe barn i Noreg som anten blir utsett for vald på eigen kropp eller som er opplever at søsken, mor eller far blir utsett for vald. I gjennomsnitt 3 i ein vanleg skuleklasse.
Kvifor er det viktig å fange opp desse barna?
Dumt spørsmål, kanskje. Vi har ei moralsk plikt både som fagfolk og medborgarar til å bidra til at barn ikkje blir utsett for overgrep. Barn skal ikkje lide. Det er likevel nokre grunnar til som gjer at vi som samfunn har frykteleg mye å tape på å la dette skje. For konsekvensane av omsorgssvikt og overgrep er ikkje avgrensa til barna si liding her og no. Dei langsiktige konsekvensane av å leve i ein situasjon der ein blir utsett for vedarande utryggleik og stress, det vi kallar toxisk stress, er minst like alvorlege. Eit konstant høgare nivå av stresshormon i blodet påverkar nervesystemet og reduserer mellom anna evna til emosjonell regulering. Resultatet av dette omtalar vi gjerne utviklingstraumer. Det påverkar konsentrasjon, evne til læring og derfor også utdanning og seinare arbeidsevne. Vi har også lenge kjent til sammenhengen mellom omsorgssvikt og psykiske helseplager i vaksen alder. Vi veit at slike erfaringar dramatisk aukar risikoen for m.a. rusmisbruk, depresjon og sjølvmord. Vi veit også at det påverkar evna til omsorg for eigne barn slik at den skadelege omsorgsutøvinga blir overført til neste generasjon.
Store konsekvensar, men likevel lett å oversjå
Dei siste 15 åra har vi i tillegg fått både internasjonal og norsk forsking som viser ein klar samanheng med mellom mishandling, overgrep og vald i barnåra og fysisk helse i vaksen alder. Desse barna har ein høgare (meir enn fordobla) risiko for, mellom anna, kreft og hjerte-kar-sjukdomar når dei blir vaksne. Dette skuldast både dei direkte helsekonsekvensane av toxisk stress, og indirekte påverknad ved at dei ofte har eit dårleg kosthald, mosjonere mindre, er meir overvektige, røykjer meir og har eit høgare forbruk av rusmidlar. Dei psykologiske mekanismane som gjer at det blir slik er det ikkje plass til å diskutere her, men ein måte å sjå det på er at mat, røyking og rusmidlar nettopp er hjelpemiddel til å reguler emosjonar, som dei grunna tidleg toxisk stress ikkje har fått utvikla evna til å regulere.
Kva betyr dette? Vi er sjølvsagt einige om at barn ikkje skal lide. Men menneskeleg liding ein ikkje ser er lett å gløyme. For verkelege å vise fram kor viktig det er å hindre at barn blir utsett for overgrep må vi truleg også bruke andre argument. Kva med dei økonomiske? Tenk om det hadde funnest eit medikament som for 12-15 % av befolkninga dramatisk hadde redusert risikoen for å droppe ut av skule og arbeidsliv. Samstundes som det tilsvarande reduserte risikoen for utvikling av mange av dei mest kostbare psykiske og fysiske sjukdomane, dei som fører til sjukemeldingar, tidleg død og belastar helsevesenet vårt mest. Om dette medikamentet i tillegg minskar risikoen for at skadeleg omsorgsutøving og uhelse blir reprodusert og ført vidare til nye generasjonar, ja då kan ein spørje seg kor mykje pengar vi hadde spart!
Tidleg innsats
Medikamentet finst ikkje, men vi kjenner dei aktive ingrediensane. Derfor veit også nok til å sette i gang meir målretta arbeid for å utvikle det. Vi veit at desse skadeleg erfaringane, som også kan dokumenterast og målast nevrologisk, i hovudsak skjer i samspel mellom barn og foreldre. Å identifisere dei barna og familiane der dette skjer er ein start. Men vi må også ha noko å tilby. Å utvikle gode metodar for å hjelpe dei som er tilgjengeleg for det, og skilje dei som er tilgjengeleg for hjelp frå dei som ikkje er det, er derfor like viktig. Vi veit også nok til kunne seie at desse tilboda må kome tidleg i barnas liv, og ikkje i ungdomsalder, slik det no ofte er. Men som også vår studie indikerer, omsorg for barn skjer ikkje i eit sosialt og kulturelt vakuum. Lovgiving, gode velferdsordningar, sosial gjennomsiktighet og kontroll har også betydning. Medikamentet vi prøver å utvikle må derfor også vere basert på kunnskap om samspel mellom individ, familie nærmiljø og samfunn, og på politiske avgjerder.
Om du vil lese heile artikkelen knytt til denne studien finn du den her: Kloppen, K., Mæhle, M., Kvello, Ø., Haugland, S., & Breivik, K. (2014). Prevalence of intrafamilial child maltreatment in the Nordic countries: a review. Child Abuse Review (epub ahead of print). doi: 10.1002/car.2324