Aktivt miljø ved sosialarbeidarutdanningane!

Forfattar: Unni Aasen

Gode yrkesretta bachelorutdanningar som utdannar barnevernspedagogar, sosionomar og vernepleiarar til kompetente yrkesutøvarar i takt med praksisfeltet sine behov, er basis for verksemda ved IBSV (Institutt for barnevern, sosialt arbeid og vernepleie). God kvalitet på undervisning og tett samarbeid med praksisfeltet er heilt sentralt i vårt arbeid. Utfordringane samfunnet står overfor krev forskings- og utviklingsarbeid som kan medverke til endringar i samfunnet. Det er eit aktivt fagmiljø ved Avdeling for samfunnsfag som forskar på mange praksisnære problemstillingar. Sosialt arbeid er eitt av desse områda.

Spennande dialog kring kulturar i sosialt arbeid

FORSA, The Association for Social Work Research in Sweden og NOUSA (Nordisk Organisasjon for Utdanninger i Sosialt Arbeid) inviterte til symposium 8. – 10. Oktober 2014 i Malmø. Temaet var ulike kulturar i sosialt arbeid. Avdeling for samfunnsfag stilte mannsterkt opp og fire tilsette presenterte arbeida sine. Aktiviteten og deltakinga frå Høgskulen i Sogn og Fjordane innan sosialt arbeid vart lagt positivt merke til. I denne bloggen gjev dei fire forskarane ein liten smakebit av det dei formidla til deltakarne på symposiumet.

SAMSUNG DIGITAL CAMERA
F.v: Aud Marie Øien, Inger Johanne Solheim, Lillian Bruland Selseng og Monika Alvestad Reime

 

«Profesjonelle identitetar i institusjonsarbeid med ungdom»

Stipendiat Monika Alvestad Reime tok utgangspunkt i sitt doktorgradsprosjektet som handlar om barnevernsinstitusjonar for ungdom med alvorleg rus eller åtferdsproblematikk plassert etter tvangsparagraf 4-24 i barnevernstenestelova. Det vart tatt utgangspunkt i identifiseringa av to dominerande diskursar, som uttrykker verdiar og forståingar knytt til barnevernsinstitusjonar i Noreg. Vidare vart det trekt fram moglege identitets posisjonar som følgje av diskursane. Forholdet mellom erfaringsbasert kunnskap og evidensbasert kunnskap vart vist som relevant i å konstituere ulike identitetsposisjonar, og innlegget påpeika eit stort spenn mellom ulike profesjonelle identitetar. Presentasjonen var basert på data frå intervju og fokusgrupper av totalt 19 tilsette frå fem ulike barnevernsinstitusjonar.

Avhengigheit, alder og ageism – .

Stipendiat Lillian Bruland Selseng har gjort ein diskursiv analyse av samspelet mellom kategoriane ‘ung’, ‘vaksen’ og ‘rusmisbruk’ i praksisforteljingar frå den norske velferdstenesta NAV. Presentasjonen tok utgangspunkt i Selseng sitt doktorgradsarbeid der arbeid med rusproblem som ein diskursiv praksis vert studert. Det vart fokusert på korleis forståingar av alder og forståingar av rusmisbruk samspelar. Ei analyse av det kulturelle meiningsinnhaldet i kategoriane «ungdom» og «vaksen» vart gjort og deretter diskuterte ein korleis dette samspelar med korleis rusmisbruk vert gitt meining. Analysen bygger på 43 narrativt inspirerte intervju med 23 rådgjevarar i den norske velferdstenesta NAV.

«Rettleiing som kroppsleg erfaring og kritisk refleksjon – eit aksjonsforskingsprosjekt»

Aud Marie Øien (førsteamanuensis) og Inger Johanne Solheim (førstelektor) presenterte funn frå eit aksjonsforskingsprosjekt som handlar om grupperettleiing av NAV-rådgjevarar, der dei var både rettleiarar og forskarar. Øien og Solheim skriv fylgjande om sitt innlegg: I prosjektet utforska vi i kva grad merksemd om eigne kroppslege reaksjonar kunne utvida den kritiske refleksjonen. Rettleiinga var todelt; ein del med fysiske øvingar og samtalar om desse, ein samtaledel om erfaringar knytt til yrkesutøving. I første del av rettleiinga, fortalte rådgjevarane om manglande merksemd på kroppslege reaksjonar, konfliktar med klientar og manglande forståing frå samarbeidspartnarar. Undervegs utvikla rådgjevarane større merksemd på og aksept av kroppslege reaksjonar. Rettleiinga førte til meir kritisk refleksjon i møte med brukarar, men ga berre i liten grad styrking av kritisk refleksjon over eigne forståingar og praksis i samarbeidet med samarbeidspartnarar. Møta med desse vart verande vanskelege.


 

Forskingstema innan sosialarbeidarutdanningane er mange. Tema over er viktige områder innan sosialt arbeid og vil verte forska vidare samt at det vert forska på mange andre praksisnære problemstillingar ved IBSV. Det kjem nok mange fleire blogginnlegg frå dette miljøet.