Skribentar: Anne-Grethe Naustdal og Unni Aasen
Kan ein profesjonsutøvar med liten vurderingsevne og sjølvstende og som innehar ein minimumsprestasjon kring fagleg kunnskap i sentrale fag gå ut i praksis og møte brukarar, pasientar, barnevernsbarn, elevar osv ?
Dette og fleire spørsmål vart stilt på UHR sin årlege karakterkonferanse gjekk av stabelen 23. og 24. oktober 2014. Konferansen tok utgangspunkt i rapporten «Karakterbruk i UH-sektoren 2013» som i år særleg rettar fokus på helse- og sosial utdanningane. Vi vil her reflektere kring eit sentralt spørsmål som vart drøfta: Kan ein profesjonsutøvar med karakteren E i sentrale fag tilfredsstille krava til god profesjonsutøving?
Kva kunnskap har ein student med karakteren E?
Ein student som får karakteren E har etter dei nasjonale karakterbeskrivingane ein prestasjon som tilfredsstiller minimumskrava , men heller ikkje meir. Studenten syner liten vurderingsevne og sjølvstende. Bør ein student med karakteren E i sentrale fag knytt til profesjonen få lov å praktisere yrket? Tenk deg ein barnevernspedagog med ansvar for vilkår for utvikling hos barn og unge som har det vanskeleg. Er det fagleg forsvarleg at den ferdig utdanna barnevernspedagogen har liten vurderingsevne og sjølvstende knytt til emne «Profesjonsutøving barnevern», som er eit emne som byggjer på det meste av den grunnleggjande kompetansen ein ventar at ein barnevernspedagog skal ha?

Kor går grensa for fagleg forsvarleg profesjonskunnskap?
Vi meiner det er all grunn til å stille spørsmål med dagens karakterbeskrivingar. Før vi eventuelt får eit forbetra system må fagmiljøa i UH-sektoren sette karaktersetting på dagsorden i lys av dei problemstillingar karakterrapporten reiser. Konkretisering av kva som kjenneteiknar bevarelsar som kvalifiserer til ulike karaktertrinn må forankrast i fagmiljøa og vere ein del av institusjonane sitt kvalitetssystem. Diskusjonar kring læringsutbytteformuleringar må skje på emnenivå, programnivå og nasjonalt. Vi som leiarar i institusjonane må bidra til å skape ein bevisstheit kring bruk av karakterskalaen. Har vi gode system for utarbeiding av vurderingskriterier i emne og fag og klart formulerte læringsutbytte som gjer at sensorane kjenne godt til faglege krav? Med tanke på brukargruppene ein utdannar for kan det vere grunn for sensorar å tenke seg ekstra godt om før ein set karakteren E i staden for F (ikkje greidd)? Er dette i samsvar med god profesjonsutøving?
Ny nasjonal karakterskala?
Under konferansen kom det fram forslag om ny formulering av bokstavkarakterane i nasjonal karakterskala der A, B, C og F blir som i dag. D formulerast om til «Ein akseptabel prestasjon med nokre manglar (staden for vesentlege manglar som står i dag). Kandidaten syner tilstrekkeleg vurderingsevne og sjølvstende». Slik vil det komme klart fram at ein kandidat med karakteren D kan praktisere faget sitt. Karakteren E vart av fleire anbefalt ikkje brukt.
Stort samfunnsansvar
Utdanning av framtidige profesjonsutøvarar innan helse- og sosialsektoren er eit stort samfunnsansvar. Helse- og sosialpersonell skal etter avslutta bachelorstudium kunne løyse store og komplekse faglege oppgåver innan sitt yrkesfelt. Kvalitetssikring av utdanningane er eit viktig arbeid for heile UH sektoren. Karaktersetjing og vurdering av studentar er eit sentralt arbeidsområde som det må rettast meir merksemd mot. Karaktersystemet vi har i dag vart innført i 2003. Våren 2009 fekk vi Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for høgare utdanning, med klare kompetansekrav til bachelor-, master og doktorgradsnivå. Dette medførte at utdanningsinstitusjonane har utforma læringsutbyte i høve dette rammeverket i alle emne- og studieplanar. Det som no viser seg er at det ikkje er samsvar mellom kvalifikasjonsrammeverket og beskrivinga av karakteren E. Karaktersystemet og karaktersettingspraksis skal fylgjast opp ved dei aktuelle utdanningane og institusjonane og i nasjonale rådsorgan og av UHR. Tida er inne for å setjekaraktersettingspraksis og system kring dette på dagsorden.
Karakterrapporten 2013 tar føre seg mange interessante og viktige tema kring vurdering av studentar. Les gjerne karakterrapporten om du vart meir interessert i dette viktige kvalitetsarbeidet ved UH-institusjonane. Via UHR sine nettsider kjem det også ei oppsummering frå karakterkonferansen.