Forfattar: Ole-Martin Hitland
….om mellom anna medisinske eksperiment, drap og stigmatiserande haldingar til menneske med utviklingshemming. Kva kan historia lære oss?
«Association of Care Educators in Europe” (ACE) hadde nyleg nettverksmøte i Sogndal. Nettverket har representantar frå utdanningar lik vernepleiarutdanninga i Norge. I år deltok representantar frå Austerrike, Tyskland, England og Norge.
Nettverket samarbeider om sentrale fagområde i utdanningane, og det som er felles innhald. Dei siste åra har nettverket hatt fokus på menneske med utviklingshemming sin sjanse for deltaking, og kva som fører til utestenging. Historia til deltakarlanda er ulik på det sosialpolitiske området, og vektlegginga av faglege perspektiv er ulike.
ACE har gjennomført ei undersøking om korleis fenomen som rasehygiene (eugenikk), drap, utestenging av menneske med utviklingshemming er del av pensum i profesjonsutdanningane i deltakarlanda. I dag har vi debattar i fagmiljø og samfunn om sorteringssamfunnet. Resultat frå undersøkinga vert publisert våren 2015.
I samband med nettverksmøtet heldt to av deltakarane på nettverksmøtet Gerhart Hofer (Austerrike) og Helen Atherton (England) førelesing for tilsette og studentar.
Hofer snakka om den heilt spesielle historia til Austerrike med medisinske eksperiment og drap på barn med utviklingshemming under nazi-tida. Han kom også inn på den manglande viljen til å ta oppgjer med stigmatiserande haldningar til menneske med utviklingshemming («History of People with Disability with special perspective on Austria with its burdened history»).
Helen Atherton sitt føredrag hadde tittelen “Learning from the Past: an issue of individual choice or professional responsibility?” Atherton sa at det i dag verkar utenkeleg at helse- og sosialarbeidarar deltek aktivt i drap på forsvaslause menneske, masseinstitusjonalisering eller tvungen sterilisering. Vi stiller spørsmålet “Korleis kunne dei den gongen?” og meir spesielt «Kunne eg?». Atherton siterte George Santaya som sa at «Those that cannot remember the past are condemned to repeat it”. Det er sentralt å ha kunnskap om historiske fenomen, for å hindra at grusomheiter gjentek seg. Atherton presenterte funn frå undersøkinga som ACE har utført, og spørsmålet er kva ansvar utdanningsinstitusjonane har for at fagfolk har kunnskap om historia.
Helen Atherton is Lecturer in Nursing (Learning Disabilities) School of Healthcare University of Leeds, England. http://www.leeds.ac.uk/
Gerhart Hofer is director of Kathi-Lampert-Schule für Sozialbetreuungsberufe in Götzis, Austria. http://www.kathi-lampert-schule.at/home/
Minnelunden “Spielgrund” i Wien. Ved dette sjukehuset vart mange hundre barn med funksjonshemming drepne gjennom krigsåra.
Am Spiegelgrund in Vienna was a children’s clinic where hundreds of children were killed during the Nazis’ Children Euthanasia Program. Children with disabilities died inexplicably, but the truth was they were poisoned. Remains of the children were found after the war. In 2002 the children were laid to rest during a joint funeral.
http://www.theguardian.com/world/2002/apr/29/internationaleducationnews.humanities
«Hidden History» explores the teaching of eugenics in contemporary health and social care programs in Europe.
Eg er redd Helen Atherton er litt for optimistisk når ho meiner det er utenkeleg at helse- og sosialarbeidarar skal delta i drap på utviklingshemma i dag. Med ujamne mellomrom kjem debatten om «retten til ein verdig dør» eller «bamhjertighetsdrap» opp i media. Skal ein ta meiningsmålingane for god fisk er det ein stor del av Noreg si befolking som er tilhengarar av dette prinsippet. Nederland og Sveits har visstnok kome langt i denne utviklinga der dei opnar opp for bamhjertighetsdrap på ikkje berre fysiske sjukdomar, men også kronisk depresjon med stort symptomtrykk som har vart i lang tid og der pasienten uttrykker eit sterkt ønskje om å døy. Psykisk utviklingshemma med omfattande fysiske tilleggsvanskar som er fullstendig avhengig pleie og har dårleg evne til å kommunisere, kan lett kome i same kategori. Argumenta på 1930 talet under massedrapa på psykisk utviklingshemma, psykiatriske pasientar, døvstumme, folk med alvorleg epilepsi, homofile og einskilde etniske grupper, var ikkje berre av sosialpolitisk, økonomisk og administrativ type. Dei gjekk også på at dei kronisk sjuke og sterkt plaga pasientane skulle sleppe å lide. Det er livsviktig å kjenne historia. Ei god hjelp til det er slike seminar som Ole Martin Hitland skriv om og boka av Yngvar Ustvedt (1997): Dødens leger. Utgitt på Gyldendal.