Forfattar: Ole-Martin Hitland
Deling av erfaringar frå eit langt liv med omsorgsansvar for eit spesielt menneske….
Torunn og Elfinn Færevåg er foreldre til ein vaksen son med Angelmans Syndrom og psykisk utviklingshemming. Sonen fekk i starten omsorgstenester frå kommunen, men fekk etterkvart etablert ei ordning med BPA (brukarstyrt personleg assistanse), i eit husbankhus som han eig sjølv. Foreldra vil dela erfaringane sine og frimodige tankar etter eit halvt liv med ein sterkt utviklingshemma son.
Gjesteførelesing for alle:
Tid: Torsdag 27. november 2014 kl 12.00 – 15.00.
Stad: Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sogndal, Fossbygget, F 300.
Førelesinga vil handla om korleis samarbeidet med kommune var og er, kommunikasjon, trening, det gode liv, personale si rolle og dobbeltrolle, personalet sitt ansvar, nettverk, BPA, stabilitet og trygghet, og resten av hans liv,- utan foreldre.
I Norge skal ikkje utviklingshemma bu i institusjonar. Ansvarsreforma seier at det berre unntaksvis skal bu fleire enn 4-5 personar i bufellesskap. Det er dokumentert at institusjonsliknande buformer reduserer deltaking. Buformene fører til stort tal hjelparar, og gjer med dette kommunikasjon endå vanskelegare. Desse og andre faktorar er negativt for den enkelte sin livskvalitet.
I dag aukar storleiken på bufellesskapa. Det vert idag planlagt bufellesskap/institusjonar med opp til 40 bebuarar (Tøssebro 2011). Rådmenn og andre byråkratar i kommunar trur dette sparar fellesskapet for pengar. Dette finns det ingen dokumentasjon på, snarare tvert imot.
Færre unge med psykisk utviklingshemming enn andre unge, kjøper sitt eige husvære. Dette er likevel i endring. Spesielt er det økonomiske grunnar også for personar med utviklingshemming til å eiga sitt eige husvære. Eigarskap til bustaden gjer det også vanskelegare for utleigaren, kommunen, å bestemma kvar den enkelte skal bu. Til dømes om ein skal bu i store bufellesskap.
Ekteparet Færevåg vil belysa desse spørsmåla. I tillegg vil dei ta opp problemstillingar og tema med erfaringar frå eit langt liv med omsorgsansvar for eit spesielt menneske.