Tysdagsdebatt om alkohol, studentar og kollektive drikkevanar

Arrangørar og skribentar: Hilde Yrstad Vøllo, Isak Hommedal og Marit Rolvsjord. Bildet er teke av Marit Rolvsjord.

«Etter at vi melde oss til å halde debatt på Meieriet måtte vi velje tema. Vi valde tema om alkohol, studentar og kollektive drikkevanar i Sogndal.»

Vi valde temaet fordi det er relevant for både unge vaksne, studentar og vaksne. Prosessen gjekk bra og då debattkvelden kom hadde vi fire fine debattantar klare for å prate om eit tema som det ofte pratast for lite om til vanleg.

Frå studentorganisasjonen Lurkarlaget stilte Mats Kneppen, SIS og Meieriet var representert ved Milla Grytnes, Jorunn Furuheim kom frå politiet og Arne Johannessen som leiar for avhaldsorganisasjonen ACTIS.

Debatten var prega av saklege innlegg og god deltaking frå salen. Arne Johannessen starta med å framheve kor viktig det er at dette temaet blir snakka om. Samanlikna med kor stor rolle narkotika har i den offentlege debatten, meiner Johannessen at alkoholbruk og alkoholvanar treng meir merksemd i media. I tillegg vart det lagt vekt på at ein må kunne diskutere dette temaet utan at nokon skal føle seg krenka. Store delar av den norske befolkninga har eit forhold til alkohol, og debatten omfattar difor mange. Debatten var også innom faddervekene si rolle når det kom til drikkepress blant studentar. SiS har valt å strekke faddervekene her i Sogndal over to veker. På den måten blir dei to vekene så mykje meir enn berre festing og fokus på alkohol i fylgje SiS sin representant. SiS har fått gode tilbakemeldingar på denne gjennomføringa og var klar på at dette var noko dei ikkje ville endre på.
Mange i salen kom opp og delte av sine eigne erfaringar. Det gjaldt både drikkepress, miljøet dei sjølv var i og korleis det opplevde dei ulike studentorganisasjonane i Sogndal. I tillegg stilte dei spørsmål til debattantane, og det vart dermed mange flotte innspel og spørsmål til vidare debatt.

Stor takk til debattantane som stilte opp og til dei som var i salen. I etterkant har me fått god tilbakemelding og vi er nøgde med gjennomføringa. Sjeldant mange møtte på debatten og eit tips til neste debatt er å nytte sosiale media for å rekruttere tilskodarar, det fungerte bra for oss i alle fall.

Sogn Avis har laga ei reportasje frå arrangementet. Her kan du lese saka:

http://www.sognavis.no/lokale_nyhende/article7702409.ece