Jul med Tone

Forfattar: Gunnar Yttri

Tone Damli si nye musikkplate ”Di første jul” har fått hard medfart i hovudstadspressa. Mykje kan tyda på at mottakinga i det vesle musikkmeldarkorpset er meir prega av misunning og fordommar, en av reell og open lytting. Men kva med kvar og ein av oss som er glade i musikk; er me i stand til å møta ei ny plate med Tone Damli med eit rimeleg ope sinn?

Av profesjonelle musikkmeldarar vil me venta at ei ny plate reelt vert lytta til og kritisk sett under lupa. Resultatet av denne lyttinga, kall det gjerne dommen, bør verta presist og gjerne inspirerande formidla til lesaren. Gode musikkmeldarar maktar også i ord å gje døme på kva som er bra eller mindre bra, dei maktar å setja plata inn i ein (eller fleire) musikktradisjon(ar) og dei maktar å møta artisten på kunstnarlege premissar.

Fleire av meldarane er innom slike omsyn, men går elles jamt og trutt i fella:  Idol- Tone (deltakar og dommar) , Tone som moteikon og framgangsrik forretningskvinne tek stor plass i meldingane. Ho vert skulda for ”intimitetstyranni” fordi ho som nybakt mor lagar ei personleg juleplate. Meldingane er gjennomgåande nedlatande og mistenkeleggjerande. Nedlatande på det viset at ein ikkje tek musikaren Tone på alvor. Robert Hoftun Gjestad i Aftenposten opnar slik:

”Artist, kjendis og Idol-dommer Tone Damli er blitt mor, og har tydeligvis kjent på behovet for å spille inn en juleplate på morsmålet til sin lille datter, ikke bare synge denne miksen av sanger for henne der hjemme.”

Mistenkeleggjerande på det viset at ein sterkt insinuerer at det er pengane som er hovuddrivkrafta for denne artisten. Sigrid Hvidsten i Dagbladet nyttar nær ein tredjedel av meldinga til å fortelja om andre artistar som har gjort gode pengar på juleplater.

”Eg mistenker at hovudstadspressa i botnen er imot tukling med julesongar som bør vere på bokmål”, skriv Magne Aasbrenn i sin kronikk i Dagbladet 22.november. Det kan godt vera at nynorsk og dialektbruk plasserer Tone Damli særleg lagleg til hogg i hovudstaden. Men mykje tyder på at den ublide mottakinga av juleplata hennar, kviler på eit anna grunnlag. Det er til dømes uråd å sjå at Odd Nordstoga har vorte offer for det same.

Hovudproblemet er at meldarkorpset opererer med kvalitetskriterium der det artisten har gjort tidlegare og er mest kjent for, vert avgjerande for lyttinga til den nye plata. Innanfor den rådande romantiske estetikken ligg det at kunstnaren skal vera svolten, ulukkeleg og gjerne ha vore gjennom personlege tragediar. Di verre livet har fare med kunstnaren, di verre kunstnaren har fare med seg sjølv – di meir sympati og interesse kan kunstnaren venta frå meldarkorpset. Innanfor populærkulturen er dette, helst saman med ei ”anti-establishment”- haldning, rotfesta som vegen til stor og varig kunst, jamvel om vegen gjerne endar i fullkomen tragedie for artisten. Døme kan nemnast frå jazzen med Charlie Parker og Billie Holiday, via rock &roll med Amy Winehouse og Joachim Nielsen, til filmverda med Heath Ledger og Robin Williams.

Det er dette verdigrunnlaget, som også egnar seg framifrå i tabloid marknadsføring, meldarkorpset ikkje klarar å frigjera seg frå. Tone Damli representerer noko heilt anna. Ho er sunn, vakker og glad. Ho har gjort karriere innanfor Idol-sirkuset, ho tener pengar på marknadsføring av kommersielle produkt som har lite med musikk å gjera og ho tek del i eit spekter av show der den kulørte vekepressa er rikt til stades.

Eg trur at mange som er glade i musikk, let seg forstyrra av mykje av dei same fordommane som meldarkorpset gjer seg skuldige i. Biletet media skapar av ein person har lett for å koma i framgrunnen, også for dei av oss som knapt ser på TV eller les VG og Dagbladet. Men det finst fleire vegar til å bryta gjennom dette. Den eine vegen er å vera stolt patriot og erkjenna at Tone Damli er eit fint alternativ i ei kommersiell mediastyrt verd. Den vegen som yter artisten mest rettferd er likevel å gjera slik historiestudenten vert lært opp til: Gå sjølv til kjelda med eit ope og kritisk sinn. Lytt til plata og gjer deg opp di eiga meining.

Sjølv må eg vedgå at det meste som har med musikk-konkurransar å gjera, byr meg sterkt i mot. Det er so uendeleg mykje fin musikk der ute som ikkje er innom media-styrte kommersielle konkurransar. Det er der eg er og vil vera, på stadig jakt etter dei gode orda og tonane og dei interessante sjølvstendige artistane. Berre om ein gut eller jente frå bygda mi eller heimfylket mitt tek del i musikkonkurransen, let eg meg engasjera. Då er eg patriot og ønskjer vedkommande det aller beste på vegen.

 

Bilde av den nye plata til Tone Damli (Hente frå Tone sin eigen blogg)
Bilde av den nye plata til Tone Damli (Hente frå Tone sin eigen blogg)

 

Samstundes gler eg meg til å høyra ”Di første jul” med Tone Damli. Eg håpar også at plata kan vera starten på et sterkare personleg uttrykk. Kanskje finn me ved neste krossveg songar skrivne av Tone sjølv? Eg håpar. Eg har to fine musikkminne som vert min inngang til plata. Det eine då ei 15 år gamal jente for fleire år tilbake skulle opptre i den gamle høgskulekantina i Sogndal kulturhus. Barn og unge tok del i programmet. Utanom desse var det lite folk tilstades. Publikum var for det meste sett saman av foreldre og nære slektningar. Dette var før Idol-sirkuset og kjendisspetakkelet. Men jenta sto og trippa nervøst. Pianisten som skulle gje ho tonefølgje dukka ikkje opp i tide. So sette ho seg sjølv ved pianoet og la akkordane og song Norah Jones sin ”Don`t Know Why” useieleg vakkert. Nokre år seinare opplevde eg den same jenta, no nasjonal popstjerne, si sterke og vare framføring av julesalmen ”Mitt hjarta alltid vankar” i ei fullsett Stedje kyrkje. Slik er min forventningsfulle inngang til ”Di første jul”. Men mine forventningar er sjølvsagt også eit slag fordommar.