Fofattar: Helene Maristuen
Toppbilde av Nærøyfjorden. Bilde: Katrin Moe
Det sa Atle Hovi, adm. direktør på Beitostølen resort på næringsseminaret som høgskulen og Vestlandsforsking arrangerte førre veka. Hovi peika på kor viktig det er å satse på det unike, det som konkurrenten ikkje har.
”I Noreg har me spektakulær natur med fjord og fjell og det kan ikkje flaggast ut”, sa Hovi.
Eg trur det er viktig å bli minna på dette til tider, for alle aktørar, både private, halv-offentlege og offentlege.

”Motivasjon til kvifor samfunnsutviklarane engasjerer seg og investerar i reiselivet er nettopp den store overrisslingseffekten i lokalsamfunna” sa direktør for næring i Sogn og Fjordane fylkeskommune Jan Heggheim, og det har han sjølsagt heilt rett i. Vidare presiserte han at ”kommunane hadde hatt eit lægre sørvisnivå bla med tanke på infrastruktur og andre fellesgoder dersom me ikkje hadde hatt reiseliv her”.
Fellesgoder er goder som namnet tilseier, som kjem i forma fasiliteter eller tjenester som er utvikla og tilrettelagt for alle. Mange av fellesgoda våre har stor attraksjonskraft og kan og bli klassifiserte som attraksjonar. Desse attraksjonane kan vere med å trekke reisande til eit reisemål sjølv om dei ikkje tjener pengar sjølve. Ein refererer ofte til reiselivets paradoks når ein snakkar om dette; det at pengeverdien og opplevingsverdien ikkje heng saman.
Heggheim presiserte og kor viktig det er å vere konsistent i satsingane og at fylkeskommunen har hatt vandring som satsingsområde i mange år. Vidare er det viktig å få fram at det er mange ulike former for vandring og han presenterte heile tolv ulike former for vandring; alt i frå tettstad vandring til klatring.
Reiselivsdirektør i Innovasjon Norge Per – Arne Tuftin peika på ein del utfordringar i norsk reiseliv og for Sogn og Fjordane men avslutta med å gje råd om kva ein bør satse på i framtida. Hovedoverskrifta var opplevingar og attraksjonar! Gjesten vil ha autentiske og spennande opplevingar! Vidare presiserte han at det har kome fram i den årlege turistundersøkinga til Innovasjon Norge at det er dei utanlandske gjestene som gjennomfører sportsaktivitetar som er mest nøgde med ferien sin men at det er dei me tjener minst pengar på!
Grűnder og dagleg leiar av Vesterland Feriepark, Arne Glenn Flåten visste eit kart over Sognefjorden med alle kommunane rundt og meinte at dette er vårt ”Disneyland” – og at her er det kjempepotensial!

Merete Lunde, direktør i Vestlandsforsking inviterte næringslivet til dialog og bedriftsprosjekt i samband med det nyleg oppstarta prosjektet VRI 3 samhandling, der mat og reiseliv er eit av tre prioriterte satsingsområde.
”Det er menneska som er ressursen – eit fjell er berre ein haug med stein”. Det sa grunder Didrik Ose frå DID Adventure. Fokus må derfor vere på at gjesten har det gøy og at vertskapet er godt kompetent.
Hanne Frosta , den tidlegare eigaren av restauranten Hanne på Høyden , presiserte kor viktig det var å prøve nye kombinasjonar og nye smakar! Ho fortalte om når ho tilbydde ”budeielukt på glas” i restauranten sin. Glaset inneholdt gras, ost samt hår frå kyr slik at det lukta skikkeleg bondegard.
Bård Huseby, forskar og hotelleigar, fortalte om ei undersøking der det viste seg at meir enn 90 % av gjestene ikkje hadde eit fastsatt budsjett når dei var på ferie.
Dekan Anne Grethe Naustdal presiserte at ein møteplass kan vere med å bidra til auka samarbeid og vekst og næringsseminaret kan vere ein slik møteplass.
Enkel reisemålsteori handlar om å matche behov, ønskjer og motiv til gjesten med reisemålets ressursar. Det er openbart kva vårt ”Disneyland ”kan tilby og bør tilby og vidare kvifor det offentlege skal engasjere seg og finansiere deler av dette! Utfordringa derimot ser ut til å vere å klare å ta ut meir, både på opplevingsverdien og på pengeverdien! Kva som er spektakulært for gjestene er ulikt og det er viktig å bli minna på at volumet av gjestene i fylket ikkje tek toppturar. Det passar med det som kom fram på den internasjonale konferansen for naturbasert turisme i Sogndal denne veka. Gjestene vil ha ”slow adventure” sa Peter Varley i Adventure Tourism Research Association som presiserte at han har tru på eit rolegare friluftsliv med vekt på gode turopplevingar. Å tilrettelegge for slike gode og unike opplevingar med eit godt kompetent vertskap til ein pris som gjev pluss i regnskapet synes å vere oppskrifta! Å spele på sansane våre og tilby noko annleis. Utnytte høve til å selje meir til kvar gjest.
Møteplasssen er etablert og Vestlandsforsking og FoU-miljøa er klare til å bidra i dette viktige arbeidet og denne moglegheita vonar ein næringa vil nytte! Og ser ein ut vindauga er det ganske opplagt at reiseliv er noko dette fylket bør satse enno meir på i framtida. Trass alt – Sognefjorden kan aldri flyttast til Kina!