Forfattar: Gunnar Yttri
Din sveitte, dumme, vesle skit av ein drosjesjåfør! Faens politi – gå til flokken din av undermålarar! Engelske topp-politikarar kappast om å skjella ut og krenka arbeidsfolk.
Sant eller usant; aviser , TV og sosiale media brettar det ut. Politiske motstandarar haustar lettkjøpte gevinstar. Politikarar må gå frå posisjonar i vanære. Dei etablerte partia snublar, på den ein sida er regjeringskoalisjonen med Dei konservative leia av statsminister David Cameron og Liberaldemokratane leia av visestatsminister Nick Clegg , på den andre sida er Labour leia av Ed Miliband.
Det er vanskeleg å finna godt fotfeste. Avstanden og utakten mellom dei folkevalde og folket er stor. Det britiske sjølvstendepartie (United Kingdom Independence Party – UKIP) leia av Nigel Farage er i framgang, bore fram på innvandringsmotstand og ønskje om eit meir rettferdig britisk samfunn.
I landet der Marx og Engels forfatta det kommunistiske manifestet, skriv politiske kommentatorar at ”class war” er tilbake med full kraft. Tida vil visa kor sterk denne krafta i røynda er. Inntil vidare er establishmentet sin omtale av arbeidsfolk ei fin, lita lærebok i banning på engelsk. Samstundes kjem store økonomiske og sosiale skilnadar i England til syne.
Dei konservative sin sjefsinnpiskar Andrew Mitchell er skulda for i september 2012 å ha skjelt ut politivakta i regjeringskvartalet Downing Street. Politivakta opna ikkje porten raskt og smidig nok når Mitchell kom syklande. Men i følgje politirapporten nøydde ikkje Mitchell med å kalla politivakta for latsabb eller slabbedask. Politivakta vart kalla ”fucking pleb”.

F-ordet er ikkje det problematiske her. Det er omgrepet ”pleb” som er giftig og skapar oppstand i britisk politikk. For ”pleb” spelar på at store deler av folket er sette, frå vogge til grav, til å vera underdanige, å tena og å fø på eit privilegert mindretal. ”Pleb” har vorte nytta som nedsetjande og kategoriserande omgrep i uminnelege tider.
Det var i romartida at øya fekk namnet Britannia og ”pleb” har røter i antikkens Roma. Ein plebeiar var medlem av plebs som var den store romerske allmugen. Plebeiarane var politisk, sosialt og økonomisk underlegne patrisiarane, den leiande samfunnsklassa sett saman av romersk aristokrati og godseigarar.
Når ein britisk topp-politikar kallar ein polititenestemann for ”pleb”, er det provoserande. Ein folkevald talar nedsetjande om menneske som nyttar arbeidskrafta si på å sikra dei same folkevalde tryggleik. Men det er sprengstoff fordi det avdekkjer sementerte, enorme skilnader i levemåte og haldningar mellom ein styrande elite og arbeidsfolk.
Mitchell vedgjekk og orsaka at han hadde skjelt ut politivakta. Men han nekta konsekvent for å ha nytta omgrepet ”pleb”. Nærare høyringar og undersøkingar, omtala som ”Plebgate” fann ikkje endelege bevis. På vegen fekk politiet riper i lakken for fleire upresise vitnemål. Grunna mediastormen måtte Mitchell uansett gå frå posisjonen som dei konservative sin sjefsinnpiskar i parlamentet,. Parlamentarikaren gjekk seinare til injuriesøksmål mot avisene som hadde blåst opp saka, men tapte. Retten fann det i november 2014 sannsynleg at parlamentarikaren hadde brukt omgrepet ”pleb”
I same månad som ”Plebgate” kom til ende, tok David Mellor , tidlegare regjeringsmedlem for dei konservative, no framgangsrik forretningsmann og radiovert, ein drosjesjåfør grundig føre seg. Og bevis var då ikkje mangelvare. Mellor og partnaren Lady Cabham hadde før på dagen vore på mottaking hjå prins Charles i Buckingham Palace. Då drosjesjåføren skulle køyra paret heim etter ein etterfølgjande lunsj, til ein bustad i 80 millionars klassen ved elveleiet, fall vegvalet passasjer Mellor tungt for hjarta. Nokre fåe pund sto på spel. Drosjesjåføren skjøna kva som ville komma og sette mobiltelefonen sin på lydopptak .
Mellor gav han melding om at drosjesjåføren var ein ”sweaty, stupid little shit” som han ikkje ville diskutera med. Han informerte samstundes om at han sjølv hadde vore i regjeringa, var rådgjevar for dronninga og var ein prisvinnande radiovert som ville ta nett denne drosjesjåføren føre seg i neste sending. Og han la til: ”I don`t want to hear from you. Get a better education. Shut the fuck up!”

Den nedlatande utskjellinga fekk store mediaoppslag. Og i eit land der store deler av den politiske leiarskapen har gått på dei same private skulane som den økonomiske overklassa, vart ”education” eit heitt tema. Etter først å ha retta fokuset på det moralsk forkastelege i å gjera skjult lydopptak, bad Mellor om orsaking for framferda si. Han lova for det eine ein skikkeleg feit donasjon til julegåvefondet om drosjesjåførane i London har laga for trengande barn, og for det andre at han ved neste lunsj på byen berre skulle drikka vatn.
Ein treng ikkje vera konservativ eller gå på bar i lunsjtida for å går i baret. Emily Thornberry, profilert parlamentsmedlem for Labour, sende i november ei melding på Twitter, og måtte kort tid etter trekkja seg som justispolitisk talskvinne . Sett frå utsida var meldinga tilsynelatande uskuldig. Thornberry sende ”Image from #Rochester” frå mellomvalet der. Biletet var av eit rekkehus, delvis sveipt i det engelske flagget, og med ei kvit stor varevogn parkert utanfor. Men med meldinga trakka Thornberry rett inn i eit minefelt av engelske sosiale og politiske kodar.

Biletet krenka engelsk arbeidarkultur og fotografen vart snøgt omtala som ”snobbish”. Kva gjekk gale? Kva var det som small? Den kvite varevogna symboliserer den engelske handverkaren, ”the C2s”, dei mange tusen som ser til at snikkararbeid, røyrlegging, elektrikar-arbeid og ei rad handverksprega oppgåver vert utført og har levebrødet sitt av dette. Det engelske flagget, St. Georg-flagget, det kvite flagget med den raude krossen, vert mykje nytta av fotballsupporterar og på andre idrettsarenaer der England si ære står på spel, gjerne på folkelege arenaer. I seinare tid har også flagget vorte nytta av nasjonalistiske rørsler, mykje stimulerte av terrorfrykt, arbeidsinnvandringa frå EU og folkerøystinga om eit Skotland uavhengig av Storbritannia.
På biletet frå den typiske arbeidarheimen i Rochester hang det engelske flagget framfor vindauge og hindra utsyn. Labour sin folkevalde hadde anten ho ville det eller ikkje, kopla saman engelsk arbeidarkultur med blind nasjonalisme.
Særleg uheldig var kanskje samankoplinga til dei kvite varevognene – ”the C2s”. Dei representerer ei veljargruppe som vert veldig viktig framfor parlamentsvalet i Storbritannia i mai. I utdanning og sosial bakgrunn tilhøyrer handverkarane arbeidarklassen. Samstundes er fleire av dei sjølvstendige næringsdrivande og kan ha politiske sympatiar både mellom liberale og konservative. Men fleire vil også verta freista av sjølvstendepartiet sine lovnader om full innvandringsstogg, betre helsestell og eldreomsorg, lågare skatt og rettvis løn for godt og ærleg arbeid.
Det partiet som klarar å få tillit mellom desse veljarane, kan verta det neste regjeringspartiet i Storbritannia. Ein god start vil vera å setja stogg for utskjelling og krenking av arbeidsfolk. Det burde vera mogleg. Å viska ut dei enorme sosiale og økonomiske skilnadane i det britiske samfunnet, er derimot ei formidabel oppgåve.