Tekst av: Ståle Sårheim og Ulrike Spring
Passagiere des Eises. Polarhelden und arktische Diskurse 1874 – heiter boka som blei slept ved Wien Museum tysdag 13. januar. Ulrike Spring, 1. amanuensis i historie ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og Johan Schimanski, 1. amanuensis i allmenn litteraturvitenskap ved Universitetet i Oslo har skreve boka med utgangspunkt i den Austerrikske–Ungarske polarekspedisjonen (1872-74). Ulrike Spring arbeidde som kurator på museet frå 2003 – 2007.
Omlag 150 møtte fram til boksleppet på tysdag kveld. Presentasjonen av boka vart møtt med stor interesse og applaus. Etter det flotte føredraget av Ulrike Spring og Johan Schimanski kom det interessante spørsmål frå salen og fleire stilte seg i kø for å sikre seg eit signert eksemplar av boka.

Boka legg vekt på tilbakekomsten til polarekspedisjonen frå september til desember 1874. Ekspedisjonen, som førte til oppdaginga av Franz Josef land i 1873, vart motteken med svært stor merksemd frå media i heile Europa, men særleg i Norge, Tyskland og Østerrike-Ungarn.
I boka fokuserar dei to forfattarane på kvifor ekspedisjonen vart gjenstand for store feiringar og bankettar, tusenvis av avisartiklar og mange bilete, teaterstykke og dikt. Dei ser mottakinga i lys av 1870-tallets kulturelle, politiske og sosiale landskap. Dei analyserar også ulike dominerande diskursar, til dømes framtida til det fleirkulturelle habsburgmonarkiet, Noreg si sjølvkjensle som arktisk nasjon, borgarskapet si stadig veksande rolle, førestillingar om arktis og det arktiske.
Boka er gjeven ut på Böhlau Verlag, eit av dei få gjenståande uavhengige og private vitskapsforlaga i dei tyskspråklege områda. Forlaget held til i Weimar, Köln og Wien.
Den kjende kulturvitaren professor Wolfgang Müller-Funk fra Universitetet i Wien åpna boksleppet med ein refleksjon over grensene si rolle for ekspedisjonen: arktis var både ei geografisk grense og ei mental grense, ei grense for det umulege som kunne opplevast. Han diskuterte ekspedisjonen særleg ut frå den østerrikske forfattaren Christoph Ransmayr si postmoderne bok om ekspedisjonen, Im Schrecken des Eises und der Finsternis (1984).
Etter innleiinga heldt Ulrike Spring og Johan Schimanski ei førelesing om hovedpunkta i boka. Dei understreka m.a. at den fleirkulturelle ekspedisjonen vart tolka som eit potensielt framtidskonsept for det fleirkulturelle habsburgmonarkiet som var prega av aukande nasjonalisme og politisk og kulturell usemje. Dei viste òg korleis arktis vart ein del av Wien og korleis til dømes borgarskapet i Bergen brukte ekspedisjonen for å stadfeste norsk arktisk identitet.
For dei som ynskjer å lese om hendinga frå nettsida til den norske ambassaden i Wien bruk linken nedanfor. Dei møtte på lanseringa: