Struktursaka – innlegg på fagdagen

Forfattar: Oddmund Hoel

«Slik ser eg føre meg HiSF i 2020 i eit landskap med færre institusjonar». Det var hovudtema på fagdagen for alle tilsette ved HiSF 23.1.2015, og her er innlegget eg heldt.

2020 er om fem år. Det er ei æve i politikken, men kort tid i vår bransje. Same kva som skjer vil ikkje HiSF sjå dramatisk annleis ut om fem år. Det er ikkje det me snakkar om. Det me snakkar om, er korleis nye institusjons-, leiings- og maktstrukturar som vert etablerte fram mot 2020, kan få store konsekvensar for høgare utdanning og forsking i Sogn og Fjordane dei neste 10–15–20 åra.

Grunngjevingane for at HiSF ikkje kan halde fram som sjølvstendig institusjon, er like uklare som kvalitetsomgrepet. Det er velkjent at høgskulen vår er god på mange ting og mindre god på andre. Sentrale argument for at me må fusjonere er at me utdannar få masterstudentar, er svak på forsking målt i publiseringspoeng, har for få tilsette med fyrstekompetanse og kanskje ikkje greier å drive ei femårig lærarutdanning åleine. Alt dette har HiSF sjølv sagt til departementet, men HiSF har òg skissert løysingane i dokument etter dokument. Svaret frå departementet er ikkje andre konkrete løysingar, men ein mirakelkur som heiter fusjon. Men korleis skal ein fusjon skaffe fleire masterstudentar i Sogndal og Førde, fleire i fyrstestillingar og toppstillingar og fleire publiseringspoeng? Dei konkrete tiltaka må nødvendigvis vere mykje dei same anten ein er sjølvstendig eller fusjonert. Ingen andre enn oss sjølve kjem til å klekkje dei ut, og det gjer me heile tida, til dømes ved å krangle om FoU-strategien. Det interessante er om vilkåra for å gjennomføre tiltaka vert betre eller dårlegare med ein fusjon.

Tenk no at HiSF hadde gjort det bra på forsking, hatt mange masterstudentar og mange fyrstekompetente, men at me derimot hadde fått underkjent kvalitetssystemet vårt av NOKUT slik Høgskolen i Oslo og Akershus fekk i juni 2014 og NTNU fekk i 2013, tenk oss at studentane våre hadde oppnådd dårlege resultat eller at studentane hadde gjeve Sogndal og Førde stryk som studiestader, tenk om studentane hadde meldt om dårleg trivsel og svak fagleg oppfølging som på ymse universitetsfag, eller at det frå nærings- og arbeidslivshald i fylket hadde vorte klaga over at me var lite relevante, fjerne og vanskelege å samarbeide med. Tipset mitt er at dette då hadde vore sentrale kvalitetsargument for at me måtte fusjonere. Men om større einingar uansett er svaret, finn ein alltid argument.

Sterkare fagleg samarbeid er sentralt i debatten, både om forsking, fagleg utvikling og undervisning. I haust brukte me fleire møte på avdelingane på å kartleggje kven me samarbeider me. Resultatet var ei stor bør med sprikjande staur, og slik må det sjølvsagt vere. Sjølv har eg i det siste vore involvert i tre forskingsprosjekt, eitt leia av oss i samarbeid med Høgskulen i Volda, eitt leia av forskarar ved Høgskulen i Bergen og Universitetet i Bergen i samarbeid med dei fleste universitet og høgskular i landet, og eitt leia frå Høgskolen i Telemark. Historikarkollegaene mine samarbeider meir med Universitetet i Oslo og Universitetet i Tromsø, for å halde oss innanlands.

Slik kunne me fylt dagen og saka med anekdotiske prov og personlege vitnemål. Dette sprikjer ikkje berre i alle retningar på institusjons- og avdelingsnivå, men òg på individnivå. Ingen tenkjelege og utenkjelege fusjonsalternativ vil fange opp meir enn ein brøkdel av dei faglege samarbeida som går føre seg. Summerer me alt fagleg samarbeid som fagmiljøa ved HiSF driv, er svaret enkelt: Jo større og breiare institusjonar, jo meir omfattande er summen av alt samarbeid me har med dei.

Struktursaka handlar likevel ikkje primært om samarbeidet me uansett driv uavhengig av institusjonsgrenser, men om den grå og traurige baksida: makt og ressursar. Det handlar om kven som skal styre budsjettet. Det handlar ikkje om intensjonane til dei som i dag leiar prosessen, som er dei aller beste på vegne av høgare utdanning og forsking i Sogn og Fjordane. Det handlar om kva leiingstrukturar som er etablerte når nye folk skal lage budsjettet for 2025 og kanskje må gjere strenge prioriteringar. Me kan ta historiequizen:

  • ville me fått på plass dei nye høgskulebygga i Førde 2005 og Sogndal 2012 om verksemda var styrt frå ein stad utanfor fylket?
  • ville me hatt ei leiing og eit styre som i over ti år har halde oppe ein fruktbar dialog med Sogn og Fjordane fylkeskommune og like før jul 2014 lukkast i å sikre Gymnasbygget på Fosshaugane for vidare vekst for forsking og utdanning i fylket?
  • ville me hatt dei masterprogramma me har i Sogndal og Førde?
  • ville me hatt ansvaret for dei tunge forskingsrådsprosjekta som me i dag har?
  • ville me ha vore mellom høgskulane i landet med sterkast vekst i studenttalet?

Eg er redd svaret er «nei». HiSF har ikkje berre tilsette, men òg leiarar som kjenner tilhøva i regionen og som kontinuerleg arbeider for å utvikle høgare utdanning og forsking i Sogn og Fjordane. Av og til riv me oss i håret over kva denne leiinga finn på, men det er kort veg til dekan- og rektorkontora og til styret. Det er også kort veg frå leiinga vår til makta i Oslo, jamfør statsrådsvitjinga komande tysdag.

I ein framtidig fusjonert institusjon må våre ynske, behov og krav, alle viktige nye tiltak som kan gje vidare vekst og utvikling, fyrst nå gjennom i ein omfattande intern prioriteringskamp før nokon, og kanskje andre enn leiarar her i fylket, skal få gjennomslag hjå sentrale styresmakter. Ein fusjonert institusjon har berre ein rektor og eitt styre, og det er berre den rektoren og det styret som kan representere institusjonen i møtet med sentrale styresmakter.

Difor bør me seie eit klart og tydeleg nei til at HiSF skal gå inn som einaste distriksfilial i ein fusjon med Høgskolen i Bergen eller Universitetet eller båe – makttilhøva vil bli altfor asymmetriske. Og dette er sjølvsagt ikkje eit argument mot utvida og meir formalisert samarbeid. Det finst ein annan institusjon som liknar oss mykje og langt på veg er i same strategiske posisjon som oss i den nordvestlandske geografien, Høgskulen i Volda. HiSF har i dag alt å vinne på ein allianse med Volda, aller helst med det utfallet at båe får halde fram som sjølvstendige institusjonar, i verste fall at me iallfall saman kan stå side ved side innanfor ei større samanslåing om det skulle vise seg at eit stortingsfleirtal til sjuande og sist går inn for tvangsfusjon.

Mi bøn er å heller få bruke arbeidstida dei komande åra på å vere med på å utvikle utdanningane våre, forske og skaffe HiSF nokre publiseringspoeng enn å bruke den same tida på alle møta og alt planleggingsarbeid som skal til for å gjennomføre ein fusjon som manglar dei fleste føresetnader for å lukkast.