Fordommar om fylke og høgare utdanning

DSC03300_1200

Forfattar: Gunnar Yttri

Studiebarometeret 2014 er lansert. Høgskulen i Sogn og Fjordane gjer det godt. Viktige utdanningsmiljø gjer det framifrå og gler seg over fine resultat. Men statssekretær Bjørn Haugstad møter det heile med fordommar mot folk, fylke og høgskule.

Høgskulen i Sogn og Fjordane utmerkar seg på ”fem på topp”-listene til Studiebarometeret. Rektor Åse Løkeland frontar ein høgskule som gler seg over resultata. Ein legg til grunn at  godt systematisk pedagogisk og fagleg arbeid og prioritering av ressursar ber frukter og nøgde studentar. Men statssekretær i Kunnskapsdepartementet Bjørn Haugstad  (Høgre) ser slik på det:

— Sogn og Fjordane gjør det stort sett bra på mange såkalte verdimålinger, og befolkningen i fylket er gjennomgående mer fornøyde enn i resten av landet, så sånn sett er det ikke merkelig at de ligger høyt på studenttilfredshet heller,

Sitatet er saksa frå ein større artikkel http://www.khrono.no/2015/02/sma-vs-store-utdanninger , men fordrar kommentarar. Studiebarometeret er eitt av dei målingsinstrumenta styremaktene har innført for å opna opp og styra høgare utdanning. Når ein mellomstor høgskule her gjer det godt, velgjer statssekretæren å forklara det med at folket i fylket er gjennomgåande meir nøgde enn resten av landet. Med andre ord har ikkje Bjørn Haugstad tru på resultata som er oppnådd.

Det stemmer at fylket Sogn og Fjordane er ”trivselsfylket” som scorar positivt og godt på ulike undersøkingar og statistikk om levekår og helse. Men det er ein formidabel fordom å lata dette biletet forklara at Høgskulen i Sogn og Fjordane har landets mest nøgde studentar. Det ligg jo i dette at studentane ved Høgskulen i Sogn og Fjordane tek til takke og er nøgd med svak kvalitet, og at høgskulens reelle faglege og pedagogiske tilbod betyr lite.

Statssekretær Haugstad gjer seg skuldig i å snevra inn institusjonens arbeidsmåte, verkefelt og samfunnsmandat. Høgare utdanning i Sogn og Fjordane har heilt frå etableringa av Sogndal lærarskule i 1972 og Sogn og Fjordane distriktshøgskule i 1975 hatt eit nasjonalt samfunnsmandat. Visst skal høgare utdanning i fylket bidra til fylket og til regional utvikling, men i rekrutteringa av studentar konkurrerer høgskulen nasjonalt. Særleg frå nabofylka i sør, aust og nord, kjem ungdommar for å ta høgare utdanning i Sogn og Fjordane.

Ved opptaket til grunnutdanningane hausten 2014 kom 65% av studentane frå andre fylke enn Sogn og Fjordane. Å lata ein allmenn ”tilfreds-mentalitet” i Sogn og Fjordane forklara kvifor Høgskulen i Sogn og Fjordane lukkast, vert slik ein fordomsfull skivebom.

Ulike sentrale målingar kan motivera til forbetringsarbeid og friske satsingar ved universitet og høgskular. Men det fordrar eit minimum av kritisk analyse og kunnskapsbasert oppfølging frå ansvarleg styremakt som faktisk har bestilt Studiebarometer 2014.

 

2 Replies to “Fordommar om fylke og høgare utdanning”

  1. No skal vel ein ikkje leggje for stor vekt på den artikkelen. Den er full av det som må vere feilsiteringar. Det står f.eks om Åse: «Sogndal-rektor», og når Bjelle uttaler seg, nemner han berre Sogndal, Sogndal, Sogndal, endå alle dei fire studiene som er omtalt i faktaboksen ligg i Førde. Verken rektor eller viserektor ville ha uttalt seg så upresist som artikkelen refererer. Det er såleis ingen grunn til å tru at statsekretæren er korrekt sitert.

    Venleg helsing,
    Øyvind

  2. Eg trur diverre at han ikkje er feilsitert. Det er tydeleg at han er irritert på HiSF, og ikkje ynskjer oss noko godt.Han har jo snakke negativt om høgskulen ei god stund. Eg har skrive noko om dette til lokalavisene på onsdag.

Comments are closed.