Forfattar: Gunnar Yttri
Den moderne norske lærarstanden vaks fram og vart forma i åra 1900 – 1950. Sogn og Fjordane var i denne perioden det fylket i Noreg som rekrutterte suverent best til læraryrket. Dette er løfta fram i den nye historiske studien Læraren som bygdehøvding.
Læraren og skulen sin status i dag må forståast i eit større historisk perspektiv. Verdiar, normer og skikkar let seg ikkje politisk styra frå år til år, men vert forma over tid. Det er difor interessant å undersøka om ein historisk kan finna skilnader i verdsetjinga av læraryrket og skulen i dei ulike fylka. I studien Læraren som bygdehøvding er dette gjort ved å undersøka i kor stor grad dei ulike fylka rekrutterte til læraryrket i tidsrommet 1900 – 1950.
Det er vanleg å forklara ulik rekruttering til læraryrket med ulikt grunnlag i næringsvegar, sosiale strukturar og geografi. Men den historisk sterke rekrutteringa av lærarar frå Sogn og Fjordane, hadde også grunnlag i ein folkeleg danningskultur med opphav i bondestand, lekmannsrørsle og målrørsle. Det var ein kultur som sette lesing, skriving, skule og utdanning høgt.
Bygdehøvdingar på nasjonale arenaer
I første halvdel av 1900-talet var det vanleg for ein gåverik ungdom frå Sogn og Fjordane å gå på folkehøgskule eller amtsskule i fylket og så reisa ut av fylket for å ta lærarutdanning. Ved fullført utdanning kalla læraryrket, gjerne i kombinasjon med klokkargjerninga. Fleire fekk viktige verv og fleire vart ordførarar. Den rolla lærarane spela og den vyrdnaden dei hadde i bygdesamfunna, er nok med å forklara kvifor rekrutteringa til læraryrket på bygdene var so god.
Men i mange tilfelle var det ikkje slik at læraren frå Sogn og Fjordane kom attende til heimkommunen eller til heimfylket. Visst gjekk karrierevegen til læraren opp og fram i samfunnslaga, men vegen førte også vekk frå heimen. Ikkje noko fylke i Noreg hadde so sterk utflytting av nyutdanna lærarar som Sogn og Fjordane. Over halvparten tok seg sin første lærarpost utanfor fødselsfylket og dei fleste av desse reiste lenger enn til eitt av nabofylka. På hi sida, fleire markerte seg som meir enn ”bygdehøvdingar” og den nye lokale eliten. Dei tok ei større rolle i utforminga av heile det norske skulestellet, som skulepolitikarar, som institusjonsbyggjarar og gjennom verv og arbeid i organisasjons- og kulturliv.
Dei første tiåra på 1900-talet vart til dømes tre ulike lærarskular i Noreg leia av ein sunnfjording, ein sogning og ein nordfjording. Det var menn med oppvekst og formande i år Sogn og Fjordane. Alle hadde dei ein vinter på amtsskule eller folkehøgskule under beltet før dei drog ut. Henrik Kaarstad frå Innvik i Nordfjord bygde opp og styrte lærarskulen i Volda frå 1895 – 1927, Håkon Wergeland frå Gulen i Sogn, styrte lærarskulen på Notodden frå 1910 – 1938 og Søren Nordeide frå Askvoll i Sunnfjord var første rektor ved Noregs lærarhøgskule i Trondheim frå 1922 – 1936. Ungdom i Sogn og Fjordane som vurderte læraryrket, kunne finna rollemodellar lokalt, regionalt og nasjonalt.
Lærande Regionar
Læraren som bygdehøvding er ein historisk delstudie i det store forskingsprosjektet Lærande Regionar. Resultata frå det forskingsrådsfinansierte prosjektet vert i desse dagar lagt fram for ålmenta og vil seinare på året koma ut i antologien Skolens kvalitet bestemmes lokalt (Fagbokforlaget 2015) redigert av professor Gjert Langfeldt. Fleire forskarar har vore engasjerte i det overordna spørsmålet: Korleis kan me forstå og forklara dei gode resultata elevar i grunnskulen i Sogn og Fjordane oppnår på nasjonale prøvar? I dei ulike studiane er det særleg gjort jamføringar med fylka Nord-Trøndelag, Aust-Agder og Oppland, fylke der elevane i grunnskulen scorar høvesvis dårleg. Dei ulike delstudiane er presenterte på nettstaden Utdanningsnytt.