Forfattar: Anders Timberlid
Måndag 9. mars var eg i 8. klasse ved Sogndal ungdomsskule for å snakka om Sogndalsfjøra i eldre tid. Klassen hadde denne veka eit prosjekt som er kalla ”Heimbygda mi” der fleire sider ved Sogndal skal undersøkast.
I samband med historia skal dei få fram ulike sider ved den, mellom anna korleis det var å veksa opp i Sogndalsfjøra. Forutan seansen på skulen på måndagen skal elevane også ha vandring i Fjøra i lag med folk som har vakse opp i Sogndal. Gjennom bilete prøvde eg å formidla ulike sider ved lokalsamfunnet, slik som bygningar, vassforsyning, sanitære forhold og matforsyning.

Vinklinga vart òg forsøkt gjort korleis det var å vera barn i 1920- og 1930-åra der gode bilete fortalde om korleis dei gjekk kledde og noko om leik og fritid. Viktig i denne samanhengen var å sjå korleis Sogndal hadde forandra seg frå ”gamle dagar” og fram til i dag. Fleire av spørsmåla var gode, og vitna om at elevane hadde interesse for det som vart presentert. Kanskje kan vi sjå nokon av desse elevane att som studentar på samfunnsfag om fem-seks år?