Forfattar: Anders Timberlid
Midt i 1960-åra slo den moderne ungdomskulturen gjennom i Høyanger. Denne var på mange måtar ulik distriktet omkring. Industrien hadde ført til ei modernisering ved at folk her lettare tok inn impulsar frå dei store byane. Forbrukarsamfunnet slo raskare gjennom, og folk hadde betre råd enn på bygdene omkring.
Ein moderne musikk
Det var musikken som skulle setje Høyanger på fylkeskartet i 1960-åra. Etter kvart vart det strengare krav til kvalitet, ungdommane hadde skaffa seg plater der dei hadde høyrt korleis musikken vart spela. Fjernsynet hadde ført til at folk fekk ta del ikkje berre i nyheitene, men også ungdomskulturen. Her kom utviklinga på musikkfronten i Storbritannia til å bli sentral. Musikkindustrien vaks i takt med den teknologiske utviklinga. Platespelaren vart etter kvart allemannseige, og vart ein del av kvardagen til dei unge. Frå midt i 1950-åra kom rocken til Noreg med Bill Haley og ”Rock around the clock” og Elvis frå slutten av same tiåret. Tidleg i 1960-åra kom Bob Dylan og Beatles. Ikkje berre kledde ungdommen seg annleis, eit synleg bevis på eit opprør var at gutane gjekk med langt hår. Dette vart ikkje alltid sett positivt på av den eldre garde. Hausten 1966 var gruppa Silver Strings frå Oslo på vitjing i Høyanger. Sogn Dagblad hadde omtale og bilete av gruppa: ”Som ein ser, har ikkje desse gutane skulderlangt hår, men populære er dei likevel.”
Her var det mange ungdommar som gjekk på vidaregåande skule, problemet var berre at mange berre var her for ein kortare periode. Som ein av få plassar i fylket vart Høyanger 1. februar 1969 peika ut til å vere jury i Vidar Lønn Arnesen sitt timelange program ”Ti i skuddet”. Ei gruppe ungdommar var då samla i gymnastikksalen på Høyanger skule der dei fekk der utlevert kvar sin såkalla mentometerknapp. Saman med ein jury frå Tynset stemte Høyanger-ungdommane fram ei liste som var gjeldande fram til neste fredag då ein annan jury skulle kåre dei mest populære melodiane.
Rocken hadde for alvor kome til Høyanger tidleg i 1960-åra. Bygda fekk ein forsmak på dette i 1961 då Rocking-Davy (alias Sverre Faaberg frå Bergen) fekk Folkets Hus til å skjelve i grunnmurane. ”Det var ein av dei første gongene vi høyrde ein elektrisk rockegitar”, fortel Jan Haaheim som har god oversikt over den lokale rockehistoria. Rocking-Davy var den første stjerna som skulle gje ein forsmak på det som skulle kome. Seinare kom også ei anna stor stjerne til bygda, nemleg Per «Elvis» Granberg.
Dei første popgruppene
Midt i 1960-åra starta dei første popgruppene opp i Høyanger, og i dei neste åra var det fleire grupper som eksisterte parallelt. Den første gruppa som såg dagens lys, var Rhodes som starta opp i 1966. Det var ei rein instrumentalgruppe med trekkspel, to gitarar, saksofon og slagverk. For å tilpasse seg den nye popmusikken, byrja dei med vokalist. Ducklings var ei anna trekkspelgruppe, men Svein Egil Østerbø (Pløsa) fekk trekkspelet til å høyre ut som eit hammondorgel, og med elektrisk gitar og trommer vart dette moderne musikk. Om lag på same tid starta Hit Sounds opp. I 1967 slo nokre frå denne gruppa seg saman med deler av Rhodes og vart til New Hit Sounds. Dei var særs aktive i 1967 og 1968, og etter kvart skulle denne gruppa bli blant dei mest kjende i fylket.
Eit anna band som også gjorde stor suksess både i Høyanger og Sunnfjord, var Leeds Ltd.. Jan Haaheim var med å starte denne gruppa i 1966, ei gruppe som eksisterte fram til 1969. Dei låg også innan same typen musikk som New Hit Sounds. Også desse var ettertrakta på ungdomshusa i Sunnfjord slik at orkesteret var på farten nesten kvar helg.
Ein annan type musikk spelte Noreviks (toppbilde) som også starta opp i 1966/67. Primus motor her var Steinar Norevik som hadde spelt ein del på sørsida før han kom til Høyanger på skule. Her fekk han med seg fleire, mellom anna Oddvar Dingsøyr (Olla) som då også var aktiv i New Hit Sounds. Musikken deira omfatta mellom anna svensktoppar, Cliff Richard og Larry Finnegan.
Dans på lokale
Stort sett heldt banda seg til lokale dansetilstellingar, dei hadde ingen ambisjonar om å gjere musikken til ein leveveg. Det var innafor fylket at dei turnerte, men av og til var dei i Bergen. New Hit Sounds vart på mange måtar historiske ved at dei spelte i Bergen både i 1967 og året etter. På den tida var det høgst uvanleg at band frå Sogn og Fjordane fekk slike speleoppdrag. Høyanger-bandet vart lagt merke til og fekk positiv omtale både i Bergens Tidende og Bergens Arbeiderblad. ”Eg hugsar godt vi var i Bergen”, fortel trommeslagar Lars Størseth, då var dei oppvarmingsband for Pussycats frå Tromsø som var dei største popstjernene i landet på den tida. Dagen etter omtalen i avisa skulle New Hit Sounds spele i Alværstraumen. Elles spelte gruppa i lag med The Stringers på ei tilstelling på Askøy. Frontfigurane her var Helge Nilsen og Rune Larsen.
Stor aktivitet
Musikken henta dei frå det som var populært, om ikkje akkurat det var listepop. Det var om å gjere å høyre gjennom det som fanst på plater eller vart spela på radio. Då vart det til at det gjekk mykje på engelsk. New Hit Sounds køyrde på cover-låtar der gruppa si framføring av Beatles-melodien ”Nowhere Man” skulle verte legendarisk etter det kjennarar har fortalt.
Banda var meir enn opptekne. På tysdagane var det ungdomskveld på Valhall, på torsdag var entusiastane samla på Folkets Hus før helga kom då det for alvor braka laus. Gjennom 1960-åra var det Høyanger-banda som sytte for musikk langt nordover i fylket. Dette var ei tid då bygdedansen hadde sin gullalder; aldri har så mange lokale band spelt så ofte for så mange frå slutten av 1960-åra og tidleg i 1970-åra.
Publikum var viktig, anten gruppene spelte i Høyanger eller andre stader i fylket. Når festane var andre stader, var det viktig å få seg skyss. Men det var ikkje alltid like enkelt.
Då stod vi i Byporten og prøvde å få skyss.( ….) køyrde, og så var det å lempe inn både godt og gale. Kom vi fram så seint som klokka 12, slapp vi å betale. Men vi rakk dei tre siste, og karane som hadde drukke seg opp, fekk gjerne med seg ein slåstkamp før det slutta.
Teknologiens forbannelse?
Den moderne teknologien var sårbar. Det skulle Noreviks få oppleve då dei spelte i ungdomshuset Viking i Førde, for etter kort tid gjekk straumen. Då dei fekk melding om at den ikkje ville kome att før neste dag, pakka dei instrumenta sine og reiste saman med store delar av publikumet til Vassenden der Leeds Ltd. spelte. I pausen overtok Noreviks. ”Den gongen var det ingen som kasta bort tida.”
Bruken av forsterkarar gjorde at musikken fekk eit heilt anna lydnivå enn det som hadde vore vanleg tidlegare. Det gjorde at mange orkester kom borti spørsmålet om kor høgt dei kunne spele. Det fekk Leeds Ltd. oppleve i Dale i november 1967 då dei vart melde til politiet fordi dei hadde spelt for høgt under ein dansefest. Kva som var rimeleg høg musikk, var eit spørsmål som vart heftig diskutert då lensmannsbetjenten i Dale dukka opp. Han meinte at musikken var for høg og bad dei skru ned volumet. Gruppa meinte dei spelte på det volumet som var vanleg, men skrudde likevel ned volumet. Men då betjenten kom att ein halv time over midnatt, meinte han at det var full styrke att. Medlemmene i bandet nekta for at dei hadde skrudd opp att lyden. Betjenten konkluderte med at musikken forstyrra nattefreden og stansa heile arrangementet. Han skreiv rapport om saka og sende den over til Fjordane politikammer. I og med at påtalemakta meinte at orkesteret hadde trassa ordre frå politiet, enda det med at kvar og ein vart kalla inn til avhøyr i Høyanger. Politifullmektig Fure sa til Sogn Dagblad at folk som budde tett ved danselokale ikkje trong å finne seg i å verte uroa på ein laurdagskveld, i denne samanhengen burde ikkje støyande musikk vere noko unnatak. Avisa Firda Folkeblad var heilt samd med betjenten, samtidig som den undra seg over at ikkje dei næraste grannane til danselokalet reagerte på støyen. Den var i det heile meir kritisk til Høyanger-gruppa enn det Sogn Dagblad var. Episoden førte også til at gruppa kom på riksmedia, men då var det andre som hadde merka lyden. På Landbrukshalvtimen i NRK tok dei opp dette med høg musikk som kunne verke forstyrrande på husdyra, i dette tilfellet mjølkekyrne i Sunnfjord som hadde vorte forstyrra i døgnrytmen.
Bot eller ikkje?
Saka enda med at medlemmene i Leeds Ltd. vart kalla inn til lensmannen i Høyanger i veka etterpå. Politiet vedgjekk at så lenge ikkje musikken hadde forstyrra naboane, var det lite dei kunne gjere. Kva som vart enden på denne saka, er litt uklart. I følgje Sogn Dagblad enda det med ei åtvaring for at dei ikkje hadde teke omsyn til betjenten sin påtale. Jan Haaheim fortel derimot at kvar av dei fekk 100 kr. i bot. Det fekk også ein del av festdeltakarane som hadde nekta å forlate festlokalet etter at musikken hadde vorte stansa.
Dansefestane vekte også utfordringar på andre område. På årsmøtet til Sogn og Fjordane bondekvinnelag vart det gjort vedtak om at dansefestane måtte slutte tidlegare. Slik det no var, gjekk dette ut over arbeid og skulegang. Løysinga var å starte festane tidlegare slik at ungdommane kom seg heim i rimeleg tid og fekk sove ut.
Utdraget er henta frå ”Høyanger 1915-2015” som kjem i november 2015