Forfattar: Anne-Grethe Naustdal
Manglande fagleg faktakunnskap hos studentar kan fangast fortløpande opp gjennom ulike vurderingsordningar. At studentane også har personlege eigenskapar for yrke dei utdannar seg til krev ei heilt anna vurdering.
Studentar på 26 helse- og sosialfag og lærarutdanningar skal vurderast om dei er skikka for yrket dei utdannar seg til. Dette vart lovbestemt i 2006. Grunngjeving for ordninga er omsynet til «den svake part»; ein ynskjer hindre at born, elevar, pasientar og brukarar av ulike teneste skal møte yrkesutøvarar som ikkje er skikka for det arbeidsområdet dei vil utdanne seg til.
Det har imidlertid synt seg vanskeleg å få skikkavurderingsarbeidet til å fungere godt. Dette gjev grunn til uro. Profesjonsutøvarar innan læraryrket og helse- og sosialsektoren har eit stort samfunnsansvar og skal etter avslutta studie løyse komplekse faglege oppgåver. Ordninga med skikkavurdering skal fange opp studentar som ikkje bør fullføre det studie dei har begynt på. Ein ”gjengangar” i skikkasaker er for eksempel studentar som ikkje forheld seg til faglig kunnskap, prosedyrar og reglement knytt til yrket dei utdannar seg til. Det er studentar med store utfordringar i kommunikasjon og samhandling med andre. Vi ser også at dette kan vere studentar med store emosjonelle problem, som får vanskar når dei skal hjelpe andre.
Skikkavurderingsordninga skal vere eit ekstra sikkerheitstiltak for å for å sikre at studentane i tillegg til nødvendige teoretiske og praktiske ferdigheiter, også har dei nødvendige personlige eigenskapane for yrkesutøving. Kvalitet i høgare utdanning handler fyrst og fremst om å utdanne godt kvalifisert arbeidskraft som samfunnet treng og «nålauge» for å komme igjennom kan ikkje vere for stort.
Saman med førsteamanuensis Egil Gabrielsen har eg skrive ein vitskapleg artikkel om skikkavurdering. Den har tittelen «Den viktige og vanskelige skikkethetsvurderingen; hvilke utfordringer gir den universiteter og høgskoler?» .
Datamateriale vårt gir grunnlag til å hevde at dagens universitets- og høgskular har ulik beredskap for å behandle skikkasaker. Mens nokre institusjonar melder tvil om skikkaheit jamleg, er det fortsatt universitet og høgskular som verken har registrert tvilsmeldingar eller reist skikkasaker. Berre ein av dei som har det institusjonelle ansvaret for skikkavurdering vurderer beredskapen for skikkasaker som «Meget god». Det er brukarane av dei ulike tenestene som uskikka studentar utdannar seg til som må bære risikoen for dette. I artikkelen drøftar vi dei ulike utfordringar universitet og høgskular står overfor når dei skal gjennomføre lovpålagd skikkavurdering av ein betydelig del av sine studentar.
Artikkelen bør absolutt ha sin relevans i desse dagar. Kunnskapsdepartementet har nemleg på høyring eit nytt forslag til forskrift om skikkavurdering. Mange institusjonar har alt svart på høyringa og det er gledeleg å sjå at det er engasjement kring ordninga. Ei velfungerande skikkavurdering vil nemleg både kunne kvalifisere studentar til å bli eigna og til å luke ut dei som ikkje tilfredsstiller krava.
Det er vår plikt som utdanningsinstitusjon å sikre at sårbare grupper ikkje vert utsett for uskikka profesjonsutøvarar.
Referanse:
Naustdal A.G. & Gabrielsen E. (2015) Den viktige og vanskelige skikkethetsvurderingen; hvilke utfordringer gir den universiteter og høgskoler? Uniped 38(1), 7-25. http://www.idunn.no/uniped/2015/01/den_viktige_og_vanskelige_skikkethetsvurderingen_hvilkeut