Sosialt arbeid i eit internasjonalt perspektiv

Forfattarar: Tone Jørgensen, Brit-Marie Follevåg, Kari Bergset og Svanhildur Gudmundsdottir

Inntrykk frå “The fifth European Conference for Social Work Research 2015: Re-visioning social work with individuals, collectives and communities: social work research”

Frå 22.-24.april 2015 vart ein årleg europeisk konferanse for forsking om sosialt arbeid arrangert i Ljubljana. Svanhildur Gudmundsdottir, Brit-Marie Follevåg, Kari Bergset og Tone Jørgensen frå sosialarbeidarutdanningane ved Avdeling for samfunnsfag deltok med paper og poster-presentasjon på konferansen.

Eit uttalt mål for konferansen var å få fram lokal, nasjonal og komparativ forsking på og i sosialt arbeid i ulike sosiale og historisk-kulturelle kontekstar. Eit spesielt fokus vart retta mot dei aukande sosiale ulikskapane og sosiale spenningar som pregar Europa i dag. Dei over 300 paper- og poster presentasjonane som gjekk føre seg tok utgangspunkt i dette tema. Desse presentasjonane var fordelt på fleire ulike arbeidsverkstadar, eller gruppesesjonar, som konferansedeltakarane kunne velje mellom.

Sosial ulikskap var også eit fellestema for presentasjonane til dei som var vald ut som hovudtalarar på årets konferanse. Tre av dei som gjorde størst inntrykk på oss i Sogndal-delegasjonen var professor i økonomi ved University of London, Guy Standing, Dr Paul Stubb, sosiolog og Senior Research fellow ved Institute of economics i Zagreb og professor ved Spitzer department of Social Work at Ben-Gurion University of the Negev, Michal Krumer-Neve. Desse samla fleire hundre konferansedeltakarar til plenumsførelesingar. Det dei fortalde frå si forsking skapte eit sterkt medvit og stor uro for dei aukande fattigdomsproblema som pregar spesielt den sørlegaste delen av Europa i dag. Alle gjorde på kvar sin måte presise analysar av dei store samfunnsutfordringane og sosiale problema som følgjer med det at fleire menneske no enn før lever i stor fattigdom, utan arbeid og utan formelle rettar. Skilnaden mellom fattig og rik har blitt større. Ikkje minst fekk dei fram korleis dette må få følgjer for sosialt arbeids praksis.

Guy Standing fokuserte i sin presentasjon på den raskt veksande underklassen i Europa som han kallar for «prekariatet». Ulikt industrisamfunnas arbeiderklasse er prekariatet prega av å vere ei mangfaldig gruppe. Fellesnemnaren for tilhøyre i denne klassen er to forhold – økonomisk utryggleik og avgrensa borgarrettar. Standing fekk fram korleis sosial uro og destabilitet er urovekkande konsekvensar av prekariatets framvekst, og han var tydeleg på at det er den nyliberalistiske økonomimodellen som skapar denne nye underklassen. For svært mange er uvisse levekår og svak tilknyting til arbeidslivet ei følgje av at det no er marknadskreftene som styrer samfunnsøkonomien i dei europeiske landa.

Dr. Paul Stubbs var inne på noko av det same. Han la vekt på korleis aukande fattigdom og sosial urett, spesielt i dei øst-europeiske landa, skapar ein sterk trong til å tenke nytt. Han viste korleis det stadig oftare veks fram ulike sosiale grupperingar i desse landa som kjempar mot den nyliberalistiske politikken. Eit viktig poeng han fekk fram er at dette krev nytenking innafor sosialt arbeid i dei landa problema er størst, men han la også vekt på at det europeiske fellesskapet, og EU spesielt også har eit stort ansvar for situasjonen. Ein viktig del av dette ansvaret handlar om utvikle ein sosialpolitikk som tek utgangspunkt i problema slik desse blir erfart på kroppen.

Professor Michal Krumer-Nevo var den av førelesarane som i størst grad fekk fram koplingane mellom profesjonelt sosialt arbeid og mogelege løysingar på dei problema som Standing og Stubbs skildrar. Hennar hovudbodskap var at arbeidet med å løyse sosiale problem startar på grasrotplan, og ho oppmoda alle som jobba innafor sosialtenestene om å «ta politikken tilbake til sosialt arbeid». Ho viste med klokskap fram korleis konfliktteoretiske perspektiv og eit kritisk blikk på strukturelle maktforhold i samfunn er avgjerande i sosial arbeid dersom målet er endring. Det varma dei tilsette på sosialarbeidarutdanningane å høyre nokon tale i anden etter Jane Addams, ei av opphavskvinnene til sosialt arbeids teoriar og metodar.

Skildringane til desse tre, og andre som la fram si forsking på konferansen fekk fram korleis den sosiale og politiske stoda i Europa i dag, vil få heilt konkrete følgjer for sosialt arbeid. Med dagens politikk følgjer ein vekst av politiske motstandsgrupper og det er dette vi ser konturane av i Europa no. Samfunnsarbeid og sosialt arbeid med utsette grupper på lokalsamfunnsnivå blir meir og meir aktuelt. Sosialt arbeid går alltid føre seg i ein samfunnskontekst. Når konteksten endrar seg, må dette få konsekvensar for teoriutvikling innafor faget, praksis i sosialt arbeid, og ikkje minst for utdanninga. Sjølv om førelesarane sine samfunnsdiagnosar ikkje heilt utan vidare kan overførast direkte til ein norsk kontekst, var like fullt denne konferansen ei sterk påminning om noko vi ikkje må gløyme:
– Sosialarbeidarutdanningane må vere i stadig endring og utvikling.
– Å halde ved like gode sosialarbeidarutdanningar med fokus på strukturelle rammevilkår i eit samfunn er grunnleggande for at sosiale problem kan bli løyst.
– Sosialt arbeid er politikk i praksis.