Erfaringar frå arbeidet som skikkaansvarleg ved HiSF 2006-2015
Skikkavurdering er eit viktig virkemiddel for å sikre at utdanningsinstitusjonar utekseminerar kandidatar som innfrir forventningar samfunnet stiller til profesjonelle yrkesutøvarar. Å vurdere om ein student er skikka til yrket vedkommande utdannar seg til, omfattar ei vurdering av både faglege og personlege føresetnadar. Forskrifta om skikkethetsvurdering har klare kriterium ein skal vurdere etter. Samstundes er det naudsynt å utøve skjønn i vurderingane. Å utøve skjønn i høve studentane sine personlege eigenskapar i høve dei kriteria yrkesprofesjonen krev, er eit ansvar utdannings-institusjonane er pålagt og som må utførast på best mogleg måte av omsyn til alle involverte partar. Formålet med innføringa av skikkavurderinga er omsynet til «den svake part»; ein ynskjer å hindre at born, elevar, pasientar og brukarar av ulike velferdstenester skal møte yrkesutøvarar som ikkje er skikka for det arbeidsområdet dei vil utdanne seg til. Det er også ei bjørneteneste å la studentar utdanne seg til eit yrke dei med stor grad av sikkerheit ikkje vil fungere i.
Ved alle høgskular og universitet er det av styret ved institusjonen peika ut ein person som institusjonsansvarleg for skikkavurdering. Eg har hatt dette vervet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane sidan 2006. 1.august går eg av som institusjonsansvarleg og eg leverte difor ein rapport til styret om erfaringane med arbeidet med skikkavurdering ved HiSF frå 2006 – 2015. Eg vil gjerne dele noko av det eg skreiv i styrets rapport her på bloggen Krohnargument.
Tal frå Database for statistikk om høgare utdanning (DBH) syner at det nasjonalt er få skikkasaker. I 2013 vart det f.eks rapportert 85 tvilsmeldingar, der 3 saker vart behandla i skikkanemnd og 1 student vart erklært uskikka. I 2014 vart det rapportert 83 tvilsmeldingar, der 8 saker vart behandla i skikkanemnd og 2 studentar vart erklært uskikka. Ved HiSF har eg behandla totalt 25 tvilsmeldingar sidan 2006. Ingen store tal verken nasjonalt eller lokalt, men så lenge ein fangar opp dei studentane ein skal er det ikkje tal saker som tel. Spørsmålet er vel berre om institusjonane har gode system for å fange opp uskikka studentar. Tabellen under syner ein oversikt over tal saker ved HiSF og korleis dei fordelar seg mellom helse- og sosialutdanningane og lærarutdanningane.
Når institusjonsansvarleg mottar ei grunngjeven melding om tvil om ein student er skikka for yrket han/ho utdannar seg til, skal det gjennomførast ei særskilt skikkavurdering. Studenten skal mellom anna bli gitt tilbod om forsterka rettleiing og oppfølging. Saksgangen i skikkasaker kan skisserast slik;
Bachelorutdanningane i helse- og sosial har hatt alle sakene, med unntak av ei sak knytt til lærarutdanningane. Sjukepleie-, barnevern-, vernepleie- og sosionomutdanningane har alle hatt saker til behandling.
Variasjon i omfang og alvorsgrad
Av HiSF sine 25 skikkasaker vart fem saker avslutta etter gjennomføring av den fyrste samtalen (vurderingssamtalen) og fem andre saker vart avslutta etter vedtak om utestenging. I fire saker valde studentane å slutte undervegs i behandlinga av skikkasaka og i 11 saker fekk studentane halde fram i studie. Skikkasakene har altså variert i omfang og alvorsgrad.
Eg har ofte fått spørsmål om når ein bør melde tvil om ein student. Kor alvorleg skal det vere? Mi erfaring er at ein ”gjengangar” i skikkasaker er studentar:
- som ikkje held seg til fagleg kunnskap, prosedyrar og reglement knytt til yrket dei utdannar seg til
- med store utfordringar i kommunikasjon og samhandling med andre
- med store emosjonelle problem og som følgjeleg får vanskar når dei skal hjelpe andre
Det er satt ned eigne kriterium for lærarutdanning og for helse- og sosialutdanning, som skal nyttast ved skikkavurdering. I ein artikkel som Egil Gabrielsen (UiS) og eg har skrive framstilte vi kriteriane gjennom denne figuren:
Skikkavurdering er etter mi vurdering eit viktig og godt ekstra tiltak for å fange opp studentar som ikkje bør fullføre studiet. Det er vanskelege skjønnsvurderingar og avveging av ulike omsyn. Men det er i alle fall betre å melde ein gong for mykje enn ein gong for lite. Sårbare grupper må ikkje bli utsatt for uskikka profesjonsutøvarar.
Alle må kjenne ordninga
Skal ordninga fungere må alle som er i kontakt med studentar som ligg under denne ordninga kjenne til kva skikkavurdering er. Dei som skal handsame sakene i fyrste instans, før institusjonsansvarleg får saka, må ha innsikt i skikkavurderingsordninga som ein del av den samla studentvurderinga. Ordninga tar i vare studentar som fell utanfor og gjev desse ein muligheit til utvida rettleiing og oppfølging. Skikkavurdering handlar i fleire tilfeller om studentar som treng ekstra oppfølging og rettleiing. Heldigvis ser vi studentar som under skikkavurdering tar rettleiing, arbeider med seg sjølv og utviklar den nødvendige kompetansen som yrket krev. Ei velfungerande skikkavurdering vil både kunne kvalifisere studentar til å bli eigna og til å luke ut dei som ikkje tilfredsstiller krava.
Dessverre har ikkje alle institusjonar tatt ordninga med skikkavurdering skikkeleg i bruk. Tal i DBH syner at det er store utdanningsinstitusjonar som registrerer få eller ingen tvilsmeldingar. Ein studie (Naustdal og Gabrielsen, 2015) syner at nasjonalt berre er eit fåtal av dei institusjonsansvarlige som vurderer beredskapen for skikkasaker som mykje god. Denne studien har eg blogga om før her på krohnargument.
Mitt ynskje for studieåret 2015/2016, er at alle utdanningsinstitusjonar tar nødvendig grep for å sikre at deira institusjon har ei velfungerande skikkavurderingsordning.
Referanse:
DBH (2015). Skikkethetsvurdering. Database for høyere utdanning. http://dbh.nsd.uib.no/dbhvev/dokumenter.cfm?tabell_id=388
Naustdal, AG; Gabrielsen, E.(2015) Den viktige og vanskelige skikkethetsvurderingen; hvilke utfordringer gir den universiteter og høgskoler?. UNIPED; Volum 38.(1) s. 8-22. http://www.idunn.no/uniped/2015/01/den_viktige_og_vanskelige_skikkethetsvurderingen_hvilkeut