Utdanningskvalitet – krev kontinuerleg fokus

Krava til kvalifikasjonar og kompetanse til kandidatane vi utdannar er høge, både frå oss sjølv, frå Kunnskapsdepartementet, frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning og frå sektorane vi utdannar til, altså arbeidslivet. Utdanning og forsking av høg kvalitet er rett og slett avgjerande for å møte endringane samfunnet vårt står overfor. For å lykkast må vi ikkje berre ha gode fagtilsette, men også ein administrasjon med kapasitet og kompetanse til å støtte opp under utdanning og forsking.

Fleire store reformer innan både høgre utdanning og innan dei ulike arbeidsområda vi utdannar til,  syner at arenaen studentane skal ut og utøve sin kompetanse i  stadig er i endring og krev ny kunnskap.  Det er utfordrande å gjere rette val og prioriteringar i høve undervisninga og utviklinga av utdanninga. Sentrale kompetansebehov i arbeidslivet skal dekkast, samstundes som utdanninga må kvile på ein sjølvstendig fagleg basis. Dette stiller igjen store krav til oss som skal utdanne framtidas arbeidskraft. Høgskulen i Sogn og Fjordane har ambisjonar om å vere ein særs god utdanningsinstitusjon og vedtok før sommarferien ein strategi- og handlingsplan for utdanning med store ambisjonar.

Høgskulen i Sogn og Fjordane har grunn til å ha høge ambisjonar kring utdanningskvalitet. I mange år har vi nemleg scora godt på utdanningskvalitet, både i lokale og nasjonale undersøkingar. Men dette gjev oss ingen grunn til å kvile på lauvbæra. Oppfatninga av utdanningskvaliteten kan endre seg raskt og krev eit kontinuerleg fokus. I ei tid der krava til forsking også aukar kraftig og ressursramma ikkje vert større, blir fokus på utdanningskvalitet viktig å halde langt framme i vårt daglege arbeid. Utdanningskvalitet må ver ein del av ein kontinuerlig diskusjon både blant studentar, fagtilsette, administrasjon og leiing. Saman må vi trekke fram og løfte opp dei tiltaka som bidrar til kvalitet.

Når ein skal rette merksemd på forbetring av utdanningskvaliteten er det fleire innfallsvinklar. Vi kan konsentrere oss om å utvikle oss vidare på det vi er gode på frå før, f,eks å halde ei god forelesing som engasjerer og motiverer studentane til vidare læring. Eller vi kan ta sjansen på å gå inn og ta i bruk nye læringsmetodar f.eks gjennom meir bruk av digitale verktøy. Det fins gode argument for både å behalde tradisjonelle undervisningsmetodar, men også gode argument for å lære nye måtar å undervise på. Det er dessverre lettare sagt enn gjort å tileigne seg nye måtar å arbeide på, og kanskje lære seg noko heilt nytt, f.eks det å ta i bruk ny teknologi. Men i ein kunnskapsorganisasjon som oss er det nødvendig å satse på utvikling også innan det pedagogiske område. Vi må beholde det vi er spesielt gode på og som gjer at studentane våre lykkast i studia sine. I tillegg må vi satse på nyutvikling innan nokre pedagogiske områder.

Vi må altså heile tida sjå etter nye muligheiter for å få studentane til å lære det dei skal og vi må stadig vere på utkikk etter nye måtar å arbeide på. Det gjeld å utnytte handlingsrommet ein har som lærarar i høgare utdanning for å utforme eit undervisningsopplegg, som samstundes legg til rette for at studentane lærer det vi ynskjer at dei skal lære. Men dette fordrar både god planlegging og pedagogisk kunnskap. Ved Høgskulen i Hedmark  har dei innført pedagogisk kvarter ved alle personalmøter og instituttmøter ved alle campus. Dei har workshops i digitale verktøy og praktisk-pedagogisk kompetanse, pedagogiske fagdagar/ lynkursdagar og eit eige fagteam som bidrar som sparringspartnar inn mot fagmiljø  og studieprogram som ynskjer hjelp til vidareutvikling av undervisninga. Vi har ulike tiltak kring utvikling av pedagogisk kvalitet også hjå oss, men inspirasjon til nye tiltak er alltid interessant å finne og dele.

Det å rette merksemd og skape arenaer for å dele sin pedagogiske praksis med andre kollegaer ynskjer i alle fall eg å bidra meir til. På personalseminar ved avdelinga vår for nokre veker sidan delte kollegaer kunnskap om den gode rettleiinga, det å bruke digitale verktøyi i undervisning, det å halde meir tradisjonelle forelesingar, det å engasjere studentar i klasserommet, studentaktive læringsformer m.m. Tilbakemeldingane var at denne delinga av kollegaers eigne erfaringar skapte inspirasjon til å utvikle sin eigen undervisningspraksis. Vi kan alltid jakte på å bli betre sjølv og vi kan hjelpe andre kollegaer til å bli betre. Kanskje kan vi ved HiSF arrangere pedagogisk- kafé i dei flotte biblioteka våre både på Campus Førde og og Sogndal? Bok-kaféane som blir arrangert her, og som de ser bilde av under, er blitt eit flott tiltak for formidling av forsking.

Engasjerte tilhøyrarar (2)

Foto: AG Naustdal

Arena for å dele denne type praksis må innarbeidast meir i våre faste møteplassar. Som tilsett i høgare utdanning må vi nemleg heile tida stille oss spørsmålet om korleis ein best muleg kan legge til rette for god undervisning og læring. Det er hovudoppgåva vår – uansett kva posisjon ein har kan vi aldri komme vekk i frå det. Det å sjølv vere bevisst på kva oppfatning ein har av læring og undervisning, vil kunne bidra til at ein vert betre i stand til kritisk å vurdere og forbetre eigen undervisningspraksis. Eit forbetringsprosjekt for den einskilde fagtilsette kan rett og slett vere å auke sin eigen refleksjons over sin undervisningspraksis. Eller kva med å invitere ein kollega med på undervisninga og få tilbakemelding og refleksjon kring dette i etterkant? Ut i frå dette kan det komme fram nye forbetringspunkt. Mulegheitene er mange og det er ikkje alltid det skal så mykje til for at kvaliteten i arbeidet kan få eit løft. Det gjeld berre å ikkje gape for stort og huske at små forbetringar også gode forbetringar.