I Høyanger samfunnshus var det fredag 13.november ei flott boklansering for flunkande nytt historieverk i to bind: Vatnet, verket og byen: Høyanger 100 år. 1915 – 2015. Å kunne lansere dette bokverket nøyaktig 100 år sidan skipinga av Norsk Aluminium Companie (NACO) – Høyangerfaldene – 13. november 1915, er verkeleg ei stor hending. Skipinga av NACO vart nemleg starten på industrireisinga i Høyanger og byrjinga på det moderne industrisamfunnet.
Forfattarane Anders Timberlid og Martin Byrkjeland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er to svært kunnskapsrike historikarar og har gjennomført arbeidet på ein særs god måte. Mange set pris på arbeidet som no ligg føre og det var lang kø etter lanseringa for å sikre seg ei signert utgåve av historieverket.
Historieverk som no ligg føre vil både byggje og auke kunnskapen om Høyanger. Bøkene er skrive i respekt for Høyangersamfunnet sine historiske kjenneteikn, og tidlegare generasjonars liv og arbeid, og vil truleg vere til glede for noverande og komande generasjonar. Det er også slik at Høyanger sin viktige plass i norsk samtidshistorie generelt, men særskilt i norsk industrihistorie, her vert rydda. Ordførar i Høyanger, Petter Sortland, la i sin tale under boklanseringa vekt på kor mykje det betyr å no ha fått historia til Høyanger framstilt på ein slik god og grundig måte.
Forfattarane sin gjennomgang av bokverket under lanseringa gav ikkje Høyanger kommune mindre grunn til å vere stolt. Det er litt av ei reise gjennom 100 år som her vert skildra. Soga om reisa frå ei lita bondebygd til moderne industrisamfunn er skapt av menneske som på vegen til ulike tider har gjort større og mindre val innanfor visse rammer. Det er denne menneskeskapte utviklinga som gjer det særleg meiningsfullt å studere historie og som gjer at vi kan lære noko av den. Forteljinga forfattarane la fram gav god støtte for at dette er rett og slett er eit historieverk som Høyanger fortener.
Frå høgskulen si side var det under lanseringa viktig å få takka oppdragsgjevar Høyanger kommune. At dei folkevalde i Høyanger satsa på eit bokverk av dette omfanget og av denne kvaliteten i ein periode der kommuneøkonomien jamt er pressa, fortel oss om ein kultur for lærdom og ei evne og vilje til å løfte seg utover kvardagens kortsiktige krav, krav som sjølvsagt også må takast i vare om kommunane våre skal utvikle seg. Det står rett og slett stor respekt av Høyanger kommune si satsing her.
Bokprosjektet er også ein type oppdrag som er viktig for høgskulen. Kvar av forfattarane har hatt i underkant 2 år på seg til å utføre oppdraget. Samtidig som oppdraget var konkret og gav tydlege rammer, har det vore eit fagleg utfordrande oppdrag – altså ein type oppdrag som fagmiljøet vårt må løfte seg for å utføre. Ei referansegruppe oppnemnd av Høyanger kommune og leia Karl Magnus Gudvangen, tidlegare leiar i Hydro, har vore med og kvalitetssikra bokverket. Ein detaljert gjennomgang og innspel til manuskript og også med kjeldeinnsamling har vore viktige for resultatet.
Referansegruppe vart takka under boklanseringa. Nemnda har bestått av Karl Magnus Gudvangen, Jorunn Systad, Monica Oppedal, Terje Norevik, Reidun Haugnes, Oddvar Flæthe og Grethe Bjørnsen Ulvedal/Anita Nordheim.
Måten det er blitt jobba på gjev styrke for vidare arbeid og nye faglege oppdrag. Det er slik historievitskapen kan utvikle seg. Høgskulen i Sogn og Fjordane har i alle fall gjennom dette oppdraget bygt opp meir kompetanse og gjort oss klar til å ta på oss og konkurrere om fleire historieoppdrag. Kanskje er det fleire som ser behov for og vil prioritere å få dokumentert si bedriftshistorie, institusjonshistorie, bygdehistorie, regionalhistorie – frå Sogn og Fjordane og frå Vestlandet? Så både til offentlege og private verksemder i Sogn og Fjordane og på Vestlandet, vil vi seie:
Look to Høyanger! Sjå til Høyanger!
Denne annonsa er frå Sogn Folkeblad i 1957 og fortel ein del om korleis Høyanger utvikla seg som handelsstad. (henta frå bind 1, s.204)
