HiSF-budsjettet – om 2,5 %-kuttet

I går vedtok høgskulestyret budsjettet for 2016. Den tildelte budsjettramma i statsbudsjettet hadde ein grei auke og gjorde det ikkje naudsynt med kutt i seg sjølv, men det vart vedteke å kutta 2,5 % flatt i undervisningsressursen for å frigjera midlar til styrkt FoU-satsing. Det har vore brei semje om at det må flyttast ressursar frå undervisning til FoU for å styrkja forskinga ved HiSF, men det har vore usemje om eit flatt kutt på 2,5 % er rette måten å gjera det på. Det har vekt ein del merksemd at eg gjekk imot det flate kuttet i styret, så nokon kan kanskje vera interessert i å få innblikk i talgrunnlaget bak det eg la fram munnleg i styremøtet. Argumentasjonen elles går fram både av saka på hisf.no, NRK Sogn og Fjordane og av opptaket frå styremøtet. Før møtet gjekk leiaren i Studentparlamentet ut mot kuttframlegget.

Alle fire dekanane ved HiSF gjekk samla imot eit flatt 2,5 %-kutt tidlegare i månaden. Problemet med flate kutt er at dei råkar ulikt. Utdanningar som har romsleg med ressursar, toler 2,5 % kutt betre enn utdanningar som alt går på små ressursar. Det ligg inne store nedervde skilnader i ressurstildelinga til dei ulike utdanningane HiSF sin ressursfordelingsmodell. På avdelingsnivå kan dette målast på mange måtar. Ein måte er å telja kor mange arbeidstimar i undervisning som vert lagt ned per student. I 2015/16 er tala slik:

  • AHF: 77,8 arbeidstimar per student
  • AIN: 71,5 arbeidstimar per student
  • ALI: 73,4 arbeidstimar per student
  • ASF: 57,9 arbeidstimar per student
  • HiSF, snitt: 68,6 timar per student

Avdelingane kan ikkje jamførast direkte fordi studieporteføljen er ulik, difor held eg meg i framhaldet til seks bachelor- og fagutdanningar som kan jamførast: profesjonsutdanningane med omfattande innslag av praksis. Dei er sentrale i høgskulen, men utgjer berre eit utval av alle utdanningane våre.

Ressursfordelingsmodellen fortel oss at desse utdanningane i 2015 fekk tildelt ressursar til så mange studiepoeng (sp) kvar:

Avdeling for samfunnsfag:

  • Bachelor barnevern 123 sp
  • Bachelor sosionom 180 sp
  • Bachelor i vernepleie heiltid 135 sp
  • Bachelor i vernepleie deltid 45 sp pr år dvs full utteljing for eit kull
  • = samordning på 102 sp av 720 sp

Avdeling for helsefag:

  • Bachelor i sjukepleie haust 180 sp
  • Bachelor i sjukepleie januar 180 sp
  • Bachelor i sjukepleie deltid 2 kull a 45 sp pr år= full utteljing
  • = samordning på 0 sp av 540 sp

Avdeling for lærarutdanning og idrett:

  • 4-årrig grunnskulelærar 1-7, PEL/norsk og mat. 180 sp. Tre første åra 180 sp
  • 4-årig grunnskulelærar 5-10 PEL/valfag. 180 sp. Tre første åra 180 sp
  • 4-årig grunnskulelærar 1-7, PEL/norsk og mat. 5 år -deltid. 180 sp. Fire første åra 240 sp
  • Bachelor barnehagelærar 180 sp
  • Bachelor barnehagelærar – deltid 80 sp dvs full utteljing
  • = samordning på 0 sp av 960

Sosialarbeidarutdanningane har altså eit samordningskrav på 14 % i ressurstildelinga. Omrekna utgjer dette 1756 arbeidstimar undervisning. I tillegg kjem automatisk 23 % stillingsressurs til adm/fou/fagleg oppdatering og ei FoU-tildeling til avdelinga på 8,75 % av undervisningsressursen. Totalt utgjer dette ein samordningsvinst på sosialarbeidarutdanningane på 1,47 årsverk, som altså blir att på institusjonsnivå.

Dersom same samordningskrav (14 %) reint hypotetisk hadde vorte stilt til sjukepleie- og lærarutdanningane, hadde det gjeve ein samordningsvinst på AHF og ALI på til saman 3,0 årsverk. Samordning er ikkje umogleg på desse studia. Det vert gjort alt i dag, men denne samordningsvinsten vert att på avdelinga og vert omdisponert til andre føremål.

Dette vil seia at det vedtekne flate 2,5 % kuttet på sosialarbeidarutdanningane må takast direkte på kutt i undervisninga eller på ytterlegare samordning (ut over 14 %). På desse utdanningane er undervisningsmengda alt skrapa ned til eit minimum. Sjukepleie- og lærarutdanningane har derimot ein buffer i den samordninga dei alt har gjort som (noko av?) 2,5 %-kuttet kan takast frå. Dette er meint som ein svært konkret illustrasjon på korleis eit flatt kutt råkar svært ulikt på ulike utdanningar på grunn av ulikskapar i ressursfordelingsmodellen.

Budsjettsaka som vart lagt fram for styret, omtalar ikkje konsekvensane av eit flatt 2,5%-kutt eller at eit slikt kutt råkar ulikt på ulike utdanningar. Det einaste styret hadde å halda seg til, var mi private konsekvensutgreiing som berre dekkjer ein flik av undervisningsaktiviteten til HiSF.

Rektor hadde heller ikkje utgreidd alternative måtar å finna dei midlane til oppfølging av handlingsplanane for fou og undervisning som vart frigjorte ved 2,5 %-kuttet. Såleis hadde ikkje styret noko reelt alternativ ut over å finna delar av summen på andre postar og elles gjera som framlegget mitt gjekk ut på: Å sjå flytting av ressursar frå fou til undervisning i samband med ein revisjon av heile ressursfordelingsmodellen. Det vart vedteke likevel, men berre som eit tillegg til flatt 2,5 %-kutt.

God jul!