Vestlandsuniversitetet kan flytta makt frå Oslo og verta ein motor i samfunnsutvikling og verdiskaping på Vestlandet. Skal det realiserast må Universitetet i Bergen ta initiativ og ansvar slik universitet i andre deler av landet gjer.
Fleire av høgskulane på Vestlandet vurderer samanslåing. Høgskulen i Bergen, Høgskulen Stord/Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane ligg først i løypa. Høgskulen i Volda og Høgskulen i Molde må tenkja nytt om framtida etter at Kunnskapsdepartementet vende tommelen ned for verdien av ein allianse mellom desse høgskulane og Høgskulen i Lillehammer.
Den ettertrakta universitetsstatusen
Å oppnå status som universitet er viktig motivasjon for høgskular som vurderer samanslåing. Det er ikkje gitt at denne typen akademisk drift tener studiekvalitet og eksterne samband. Men med universitetsstatus følgjer større faglege fullmakter og venteleg betre konkurranseevne og internasjonalt gjennomslag.
Høgskulane har alt teke store steg i retning universiteta sine arbeidsmåtar. Forskingsaktiviteten har auka. Masterutdanningar har vorte etablerte. I vest har Høgskulen i Bergen, Høgskulen i Volda og Høgskulen i Molde skipa doktorgradsprogram, forskarutdanning som tradisjonelt har vore universiteta sitt domene. NIFU-rapporten som vurderer samanslåinga av Høgskulen i Bergen, Høgskulen Stord/Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane konkluderer likevel med at det vil ta fleire år før ein fusjonert høgskule vil kunna oppnå universitetsstatus.
Den positive observatør
Universitetet i Bergen (UiB) ved rektor Dag Rune Olsen er positiv observatør til samanslåing av høgskular til ein «samlet profesjonshøgskole på Vestlandet». UiB sine konkrete bidrag til saka er avgrensa. Rektor ønskjer å bidra med disiplinfag frå universitetet der dette kan styrka ei vestlandsk femårig lærarutdanning. Det vert også opna for tilknyting til UiB for fagmiljø ved høgskulane «som føler at de faller utenfor profilen til en profesjonshøyskole». På den eine sida støttar ein skipinga av ein ny fusjonert profesjonshøgskule, på den andre sida stimulerer ein de-montering av fagmiljø ved eksisterande høgskular.

UiB og Høgskulen i Bergen synest ha på gang lovande samarbeid anten det er tale om «helseklyngjer» eller skipinga av ein sivilingeniørgrad i havbruk og sjømat. Fleire sterke fagmiljø ved høgskulane på Vestlandet har faglege røter og eksisterande samband til UiB.
Jamført med andre universitet tek Vestlandets største og tyngste høgare utdanningsinstitusjon likevel ei passiv observatør-rolle. UiB bidreg varsamt til smørjing av systemet, men endrar lite. I skarp kontrast til dette har Noregs Teknisk-Naturvitskaplege Universitet (NTNU) og Universitetet i Tromsø – Det arktiske universitet (UiT) kvar for seg fusjonert med fleire høgskular, gitt tradisjonelle høgskuleutdanningar universitetsstaus og byggjer dei inn i strategiske satsingar. Ambisjonane er store. NTNU vil vera eit internasjonalt breiddeuniversitet med tyngdepunkt i Trondheim. UiT vil vera eit lokomotiv i utviklinga av nordområda. Krafta i endringane er stor, makt vert flytta frå hovudstaden.
Det internasjonale forskingsuniversitetet
To av universiteta i Noreg, Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo, heng framleis fast i det tradisjonelle skiljet mellom eliteutdanningar og anna høgare utdanning. Med politisk støtte leia an av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen skal desse to universiteta profilera seg som internasjonale forskingsuniversitet. Dette trass i at begge universitet sidan tidleg i 1970-åra har hatt masseutdanning av norsk ungdom som varig kjenneteikn og materielt grunnlag. Dei tyngste og spissa forskingssatsingane har i mange år vorte organiserte i eigne senter eller program med avgrensa ansvar for den aukande utdanningsverksemda. Det er i desse prioriterte satsingane elitepreget kjem fram, ikkje i det store volumet av masseutdanning. Tilsvarande eliteprega senterskipingar gjer seg gjeldande også ved dei andre universiteta.
Truleg er det statusen som internasjonalt forskingsuniversitet som fritek UiB frå større ansvar og initiativ i dei store endringane som skjer i høgare utdanning og forsking i regionen. Heilt ulikt sine rektorkollegaer ved universiteta i nord, gir det også rektor Olsen høve til å reindyrka det gamle skiljet mellom universitet og høgskular. Det er godt egna til å tryggja gamle strukturar og innøvde arbeidsmåtar i høgare utdanning og forsking. Men det er eit skilje som i liten grad reflekterer at stadig større deler av den norske folkesetnaden tek høgare utdanning og at stadig større deler av samfunns- og næringsliv i heile landet vert internasjonalisert og forskingsbasert. Det er eit skilje som effektivt er brote ned av universitet i andre landsdelar, men som det internasjonale forskingsuniversitetet synest ha interesse av vert ført vidare på Vestlandet.
Framtidsvon eller 2016?
I ordskiftet om ein fusjonert høgskule på Vestlandet er det ei framtidsvon at ein eventuell Vestlandshøgskule på litt sikt vil veksa saman med UiB til eit Vestlandsuniversitet. På «litt sikt» kan bety alt frå 5 til 20 år. Det er uansett lang tid etter at fleire av universiteta elles i landet har integrert høgskulane i si verksemd. Det er eit tidsperspektiv og eit tolmod som kler vestlendingen og behova på Vestlandet dårleg.
Samtidig som høgare utdanning vert varig forma, er vyane om eit sterkare og samla Vestland igjen politisk agenda. På Vestlandskonferansen nyleg vart det tala godt og varmt om behovet for kunnskapsbasert innovasjon og samhandling. Det ligg opp i dagen at ei samling av høgskular og universitet på Vestlandet vil gi ei enorm slagkraft. Men skal Vestlandsuniversitetet koma på dagsorden i 2016 må UiB faktisk villa kombinera rolla som internasjonalt forskingsuniversitet med å ta eit større regionalt ansvar.
Gunnar Yttri er historikar og stipendiat ved Avdeling for samfunnsfag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane