HiSF på veg mot framtida – kor går vegen?

Forfattar av innlegget er tidlegare rektor ved HiSF (2000-2007) Johs. Thaule, no HiSF-pensjonist.

Før eg kommenterer spørsmålet i overskrifta, trur eg det kan vera nyttig å sjå litt på bakgrunnen for den nasjonale og regionale debatten om høgskule- og universitetsframtida i landet vårt. Her finn vi m.a det politiske initiativet frå regjeringa i 2014 der dei kom med ei stortingsmelding som konkluderte med behov for å fusjonera fleire av høgskulane og universiteta våre med sikte på auka kvalitet i utdanning og forsking gjennom utvikling av større fagmiljø.


Universitets- og høgskulesektoren er i sterk endring
Ideane om fusjonar på UH-sektoren er ikkje nye. Alt i 2008 la «Stjernøutvalet» fram ei innstilling med tilråding om å samla universitet og høgskular til større regionale institusjonar. Også den gongen sa fleire nei til samanslåingar, men mange høgskular gjekk inn i prosessar med sikte på fusjon gjerne med ambisjon om framtidig universitetsstatus. I dag er stoda at stort sett alle høgskular og dei fleste universitet i landet er fusjonerte til større fleircampusinstitusjonar eller er i arbeid for å fusjonera. Særleg mellom høgskulane på Vestlandet har det vore motstand mot slike samanslåingar. Men etter eit møte med departementet sist haust, vart rektorane ved Høgskolen i Bergen – HiB-, Høgskolen Stord /Haugesund –HSH- og Høgskulen i Sogn og Fjordane -HiSF – samde om å laga ei fellesutgreiing omkring struktursaka. Det nye høgskulestyret slutta seg til dette, og NIFU – «Nordisk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning» fekk oppdraget.
Rett før jul la NIFU fram rapporten som konkluderte med at HiSF bør fusjonera med HiB og HSH. Dette vert grunngjeve m.a med at ein fusjon mellom dei tre høgskulane vil gi styrking av fagmiljøa og bidra til kvalitetsutvikling både m.o.t utdanning og forsking. Ambisjonane for ein eventuell fusjonert institusjon, er å bli del av ein framtidig og sterk UH-sektor på Vestlandet ved å byggja sterkare fagmiljø i ein ny fleircampusinstitusjon som på sikt eventuelt kan bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsprofil.
Fusjonsdebatten er sentral
Viktige spørsmål om vegen vidare for – HiSF – har den siste tida vore kommentert i lokale media – m.a på leiarplass i SA – og av folk internt i høgskulen og av eksterne personar. Det er positivt og på høg tid at vi får ein aktiv offentleg debatt om høgskuleframtida. Høgskulestyret skal alt om få veker konkludera på spørsmålet om HiSF skal gå vidare med fusjonsforhandlingar med HiB og HSH.
Mange tilsette på HiSF er skeptiske til å forlata sjølvstendelina. Denne gruppa har og vore mest framme i både den interne og den offentlege debatten. Skepsisen er for mange knytt til redsla for å bli «ein filial av HiB». Andre tilsette er i tvil, eller dei trur at departementet «alt har bestemt seg for fusjon» . Men det er og miljø som ivrar for fusjon. Dette synspunktet har kome sterkast til uttrykk frå sjukepleiarutdanninga i Førde.
Utviklinga av den regionale rolla
Svara på spørsmålet om korleis HiSF kan utvikla si regionale rolle i eller utanfor ein fusjonert institusjon bør vega svært tungt når den endelege konklusjonen skal trekkjast. For: framtida til Sogn og Fjordane heng i stor grad saman med framtida til HiSF. Gjennom etter kvart mange år er det utvikla godt samarbeid mellom høgskulen og fleire sektorar i samfunnet. Med bakgrunn i høgskulens fagprofil gjeld dette særleg offentlege verksemder som skule, barnehage og helse- og sosialsektoren. Her er det utvikla døme på organiserte samarbeidsformer som både regionalt og nasjonalt har fått rosande tilbakemeldingar.
Uansett val av kurs for høgskuleframtida er det ei sentral oppgåve for HiSF å utvikla denne typen tiltak vidare. Dette gjeld ikkje minst i høve til næringslivet i vår region. For det regionale næringslivet vert evna til innovasjon og omstilling sentrale utfordringar i åra som kjem. Difor blir det viktig å ha godt samarbeid med høgare utdannings- og forskingsmiljø. For å kunna ha ei aktiv rolle for å møta slik utfordringar, må HiSF både utvikla eigne fagmiljø og det faglege samarbeidet med andre næringslivsretta fagmiljø og næringslivet på Vestlandet. Og den regionale omverda må engasjera både med ord og meir handfaste ressursar i spørsmåla omkring HiSF-utviklinga.
Forholdet til andre UH-institusjonar på Vestlandet
Med utviklinga på UH-sektoren som bakteppe, er det no eit sentralt mål for høgskulen å byggja vidare ut samarbeidet med andre UH-institusjonar. Ei styrking av fagmiljøa i HiSF vil påverka høgskulen sin attraktivitet og relevans for omverda, og i dette perspektivet er tette relasjonar til andre UH-institusjonar svært viktig.
Men vidare utvikling mot tettare samarbeid med høgskulane på Vestlandet må og ta opp spørsmål om arbeidsdeling. Diverre har dette spørsmålet vore alt for lite framme i diskusjonar og utgreiingar omkring samarbeids- og fusjonsproblematikken. Men både om framtidsvalet blir fleire institusjonar i nært samarbeid eller fusjon til ein fleircampusinstitusjon, bør målet vera ei betre arbeidsdeling og ein meir samla strategi for institusjonane enn i dag.
Som eit døme på ei framtidig arbeidsdeling på Vestlandet med konsentrasjon til HiSF, vil eg peika på at det sterke fagmiljøet innan idrett på HiSF bør byggjast vidare ut til å bli «Idrettshøgskulen» på Vestlandet innanfor ein fusjonert institusjon eller som del av nært samarbeidande høgskular. Ei akseptering av ei slik utvikling- særleg frå Høgskolen i Bergen -vil og dempa redsla for – «å bli styrt frå Bergen» som mange høgskuletilsette og andre har.
Åleinegang utan vilje til samarbeid med andre institusjonar på Vestlandet er eit alternativ som heldigvis ikkje har mange tilhengarar på HiSF. Men dersom dei andre høgskulane på Vestlandet vil gå inn på «fusjonslina», vil det bli vanskeleg og risikabelt for HiSF å halda på «sjølvstendelina» sjølv om HiSF ønskjer å kombinera «sjølvstendelina» med vidare utvikling av samarbeidet med dei andre Vestlandsinstitusjonane. Fusjonsprosessar krev arbeid og intern merksemd, og når institusjonar fusjonerer vil det difor lett føra til mindre interesse for andre partnarar som ønskjer ein mindre forpliktande relasjon til fusjonspartnarane. Åleinegang som høgskule blir også eit mindre aktuelt alternativ dersom det meste av den norske UH-verda inkludert Vestlandet utviklar seg mot fleircampusinstitusjonar og muleg universitetsstatus. Vidare åleinegang i ein slik situasjon vil truleg på sikt svekka HiSF sin attraktivitet – og då kanskje særleg i høve til næringslivet.

 

Ein ny Vestlandsregion?
Som eit interessant apropos til diskusjonen om fusjon mellom høgskular på Vestlandet, kunne vi måndag 11.januar lesa ein artikkel med intervju med fylkesordførarane i Hordaland og Sogn og Fjordane. Saka var og slått stort opp på framtida med bilete og tittelen «Vil samle Vestlandet til ett rike».
Som for UH-sektoren er det samanslåingsdiskusjonar på gang mellom fleire fylke. (Men her er UH-sektoren kome lengre.) Eg siterter BT: «Det blåser en sammenslåingsvind over norske fylkeskommuner. Trøndelagsfylkene er i ferd med å bli ett, og i vest snakkes det igjen om et sterkt vestlandsfylke.» I BT seier dei to nemne fylkesordførarane klart frå om at dei – under visse føresetnader – vil arbeida for å slå saman Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane til ein sterk vestlandsregion.
Ideen om å byggja sterkare regionar i landet vårt er ikkje ny. Utvikling mot sterkare regionale universitet og høgskular har og vore kopla til denne ideen. Ei overføring av mynde på fleire område frå staten til den nye Vestlandsregionen er ein føresetnad i regionsbygginga. Dersom ei slik regionsutvikling kjem i gang, blir ei samlande utvikling av universitets- og høgskuleinstitusjonane på Vestlandet ein sentral faktor. Også i dette perspektivet går HiSF ei interessant framtid i møte.
Fusjonsforhandlingane
I dette innlegget har eg trekt fram nokre av dei viktige spørsmåla der styret og leiinga i HiSF skal ta avgjerder i nær framtid. Sjølv om intern skepsis til fusjon har vore langt framme i den interne diskusjonen, bør i alle høve styret gå inn i fusjonsforhandlingane med eit offensivt og ope sinn. Som nemnt bør m.a både utviklinga av den regionale rolla og arbeidsdelingsspørsmål på bordet i forhandlingane. Korleis HiSF i framtida kan ivareta og utvikla det språkpolitiske ansvaret institusjonen bør ha for nynorsk, er eit av fleire andre moment som er relevante for denne saka.
Til dei komande forhandlingane bør styret og rektor ha med seg eit ope forhandlingsmandat for ikkje å låsa resultatet i utgangspunktet. Resultatet frå forhandlingane vil vonleg gi klare svar m.o.t HiSF sine vegval vidare. Eg ønskjer høgskuleleiinga og styret lukke til med arbeidet.

 

Kronikken sto fyrste gong på trykk i full versjon i Sogn Avis i januar 2016.