Førde-helt verd eit minnesmerke i Førde?

Til sommaren er det 80 år sidan den spanske borgarkrigen byrja.  18 år gamle Martin Schei frå Førde ofra livet i kampen for demokratiet og mot militærdiktaturet. Bør det reisast eit minnesmerke i Førde?

Den spanske borgarkrigen  braut ut 18. juli 1936 og vara til våren 1939. Då måtte republikanarane som kjempa for det demokratisk valde statsstyret gi tapt. Nasjonalistane leia av generalar og ei opprørsregjering hadde vunne. Militærdiktaturet under leiing av general Franco vart innført  og vara ved heilt til 1975.

 

Noreg og fleire demokratiske land tok ei nøytral og ikkje-intervensjonistisk linje i krigen. Det gjaldt om å hindra militær støtte og å unngå fare for å verta dregen inn i krigshandlingar. Sovjetsamveldet støtta dei venstre-orienterte republikanarane, det nazistiske Tyskland og det fascistiske Italia støtta nasjonalistane.

 

Der dei europeiske demokratia var passive tilskodarar, var det mange tusen frivillige frå mange land som gjekk inn i  krigen på republikansk side. Over 200 frivillige reiste frå Noreg og kjempa på republikansk side. Førde-guten Martin Schei var ein av desse. Han gjekk på Voss gymnas, var journalist i Firda og engasjerte seg i Førde AUF. Han kom frå enkle kår og reiste for å kjempa i borgarkrigen som journalist og soldat, og utan å varsla sine næraste.

 

Martin Schei har fått plass i utstillinga «Train to Spain» som vandrar gjennom Europa denne våren. Til hausten kjem utstillinga til Spania. NRK Sogn og Fjordane ved journalist  Rune Fossum laga i vinter ein interessant  artikkel om Schei og utstillinga.  http://www.nrk.no/sognogfjordane/xl/det-siste-brevet-1.12681705 . På Grünerløkka i Oslo er det reist eit minnesmerke over dei nær 50 norske Spania-kjemparane som fall i borgarkrigen. På Utøya vart det i 2011 reist eit minnesmerke for AUF-ungdom som miste livet i krigen. Det står å lesa: «Martin Schei, Førde. Falt ved Mediana, september 1937».

 

Meir om minnesmerka står å lesa om i seniorarkivar Hermund Kleppa sin fine artikkel i Kulturhistorisk Atlas og Leksikon http://www.fylkesarkiv.no/kl/detalj/?id=130682 . Saman med Kleppa har underteikna teke eit initiativ overfor Sogn og Fjordane Arbeidarparti med det føremålet å få reist eit minnesmerke over Martin Schei i Førde. Førespurnaden har me også sendt til Førde Arbeidarparti. Førebels har lite kome ut.

 

På hi sida kan det vera at arbeidet for eit minnesmerke over Martin Schei i Førde i 2016 burde løftast ut or partipolitikken og vera ei felles kommunal oppgåve. Det å ta del i borgarkrigen var rett nok politisk omstridd i siste delen av 1930-talet. Krigsdeltakinga var forbode og den politiske venstre-sida var overrepresentert mellom dei frivillige som kjempa på republikansk side. Men historia gav dei unge internasjonalt orienterte  idealistane rett. Det var ein kamp for fridom og demokrati, det var ein kamp mot diktatur og undertrykking. 18-år gamle Martin Schei frå Førde ofra livet i denne kampen.