«I opphavet fantes ikke noe «Vestland» og derfor heller ingen «vestlendinger.» Slik innleier professor Knut Helle i artikkelen «Den opphavlige vestlandsregionen” i det første bindet av ”Vestlandets historie” (Helle 2006, s. 9-10). Eit gryande medvit om ein større region kan, ifølgje Helle, ikkje sporast før dei ulike folkegruppene i landsdelen (rygar, hordar, sogningar, fjordingar, møringar) fekk ein felles samfunnsorganisasjon, frå slutten av 800-talet og framover. Regionen vart eige ting- og lovområde under Gulatinget, som på sitt største omfatta området frå og med Sunnmøre i nord til og med Lyngør i sør, pluss øvre Valdres og Hallingdal, Numedal og Vest-Telemark, og strekte seg vestover heilt til Færøyane og Shetland, la grunnlaget for rettsstaten Noreg. Sidan starten på 1900-talet, etter at Sørlandet så å seie vart funne opp i ein artikkel av Wilhelm Krag i Morgenbladet i 1902, strekkjer Vestlandet seg frå Romsdalsfjorden og til litt sør for Boknafjorden.
Det er her vi vestlendingar bur. Det betyr ikkje at vi har ein felles gitt historisk forankra identitet. Tvert imot: Vestlandet er fullt av subregionale identitetar langt ned på mikronivå. Seigast av alle på Vestlandet skal visst sunnfjordingen vere. Eg har sjølv skrive om «nordfjordingen» og konkludert slik:
«Nordfjordingen» som idealtype finst ikkje. Likevel er vi alle i éin forstand «nordfjordingar». Fjorden og landskapet pregar oss framleis, men gjer oss ikkje like. Identiteten vår …… er knytt til bygda og lokalsamfunnet. Her finn vi i ulike delar av Nordfjord typiske åtferdsmønster, haldningar og verdiar som høyrer bygda til, og som ein kan sjå på som ein historisk forankra kollektiv identitet. Kor «slitesterk» denne er i dag, veit vi likevel ikkje (Arnestad 2016, s.3).
Men det finst sjølvsagt også kulturelle (identitets)trekk som tydeleg skil Vestlandet frå andre landsdelar (jf. Bjørgo 2006 og 2008). Viktigast er sjølvsagt språket. Sidan mellomalderen har Vestlandet hatt ein dialektgeografi som skil regionen signifikant frå austnorsk og vestnorsk. Den vestnorske kulturelle identiteten er uløyseleg knytt til det vestnorske og vestnordiske språket, til den språklyden, og til nynorsken. Knytt til språket vert det òg hevda at det er ein markert skilnad mellom vestnorsk og austnorsk kultur, humor, mentalitet, lynne. Noko sant er det i dette, også i dag.
Vestlendingen er i litteraturen skildra som individualist i motsetning til ein meir flegmatisk austlandstype. Fleire forfattarar har òg peikt på dei motstridande livsmaktene som særpregar vestlandslynnet; «bresten», seier Hans E Kinck. «Bråkastfolket», kalla Jon Eikemo det. Den pietistiske arven og korleis dei store vekkingsbylgjene forma landskapet, kjem ein heller ikkje utanom. Den sterke kulturelle spenninga mellom ytre og indre Vestland vert òg trekt fram som eit særtrekk. Denne samsvarar også med skilnader i fysisk natur, livsgrunnlag og næringsverksemd mellom ytre og indre strøk (jf. Bjørgo 2006, s.27 ff, 2008, s.4-6)
Identitet vert også utvikla gjennom materielle forhold og sosiale strukturar. Her finst nokre trekk som har særprega utviklinga på Vestlandet samanlikna med andre landsdelar (jf. Arnestad 2005, s.6-7). Fiskarbonden, sjølveigande bønder og mangesysleriet er eitt døme. Fråveret av storgardar og husmannsvesen eit anna. Industrialiseringa eit tredje. Vestlandet vart i hovudsak industrialisert gjennom det ein kallar ein ”fransk” modell, der regionale handverkarar og andre aktørar utvikla industri, gjerne med grunnlag i handverk, ut frå regionale behov med regional kapital. Entreprenørane var ein del av lokalsamfunnet.
Vi kan altså identifisere visse trekk ved kultur, næringsliv og tradisjonar som skil Vestlandet ut frå andre landsdelar. Det betyr likevel ikkje at det finst ein tydeleg vestlandsidentitet som vi ber inne i oss eller som vert avspegla utanpå.
Eg sluttar meg til Bjørgo når han legg til grunn ei identitetsforståing som inkluderer både essensielle og konstruerte element. Ikkje eit enten-eller. Han hevdar med tyngd at «skillet mellom før og nå, mellom historisk og aktuell identitetsbygging, er mindre enn ein umiddelbart skulle tru» (Bjørgo 2006, s.50), og at «alle menneske utviklar ulike former for geografisk bunden identitet og identifikasjon, som uttrykk for opplevd og erfart fellesskap over tid» (Bjørgo 2008, s.7). Han gjer ei todeling mellom identitet som indre erfaringsidentitet og som ytre, manifestert livsstil, og stiller spørsmålet: «kva er typiske åtferdsdisposisjonar for menneske innafor det fellesskapet vi sirklar inn?»
Men vi har sjølvsagt med «eit lappeteppe å gjere, ikkje noko vestnorsk vevstykke», skriv Bjørgo vidare. «Men er nå dette eigentleg noka motsetning», spør han. Og svarar slik: «Heime på Radøy er eg radværing, i Bergen er eg stril, i Oslo er eg vestlending» (Bjørgo 2008, s.3). Om vi definerer identitet som identifikasjon, finn vi også ein vestlandsk identitet. Her må vestlending/vestnorsk forståast som eit felles multiplum for underliggjande geografiske klassifikasjonar.
Lengre kjem eg ikkje. Men det skulle berre mangle at ikkje den nye Vestlandshøgskulen (også) skal byggje på vestlandsk kultur, næring og tradisjonar. Dette er element som kan identifiserast og bør utnyttast i utviklinga av ein ny akademisk institusjon på Vestlandet. UiB har ikkje gjort dette. Plassen står ledig. Og det er like legitimt i dag som det var i Nord-Noreg på 1970-talet, at ein ny regional akademisk institusjon på Vestlandet bør og skal bidra til regionutvikling, blant anna ut frå ei erkjenning av at høgskulen byggjer på viktige vestnorske særtrekk.
Den nye høgskulen bør derimot late vere å slå kategorisk fast at den skal byggje på ein tydeleg vestlandsidentitet. Kvifor eg meiner det, går fram av det eg har skrive ovanfor.
Derimot bør Vestlandshøgskulen leggje til rette for at diskusjonen kring dei kompliserte og tverrfagleg spennande spørsmåla om region, regionalisme, identitet, materiell og immateriell kultur kan halde fram. Til dømes som del av det årlege Vestlandsseminaret som snarast råd bør verte eit identifikasjonsmerke ved den nye Vestlandshøgskulen.
Sjølvsagt hovudgjest første året er forfattaren Einar Økland. Han skal (visst) ha sagt det slik: «det finst så mange slags vestlendingar.»
Og takk og pris for det.
Litteratur
Arnestad, Georg: Vestlendingen – finst ho eller han og eventuelt kvar helst? Ein frittståande artikkel om kultur og identitet. Utgreiing for Vestlandsrådet, Sogndal 2005.
Arnestad, Georg: «Nordfjordingen. Fjorden og landskapet pregar oss, men gjer oss ikkje like». Artikkel i bok om Nordfjord (redaktør: Jon Tvinnereim) som kjem i hausten 2016, Selja forlag, Førde.
Bjørgo, Narve: ”Vestnorsk identitet i historisk perspektiv” i Vestlandslandets historie (hovudred. Knut Helle), bd. 3 Samfunn, forlaget Vigemostad og Bjørke, Bergen, 2006
Bjørgo, Narve Kva vart det av vestlandsidentiteten? Om identitet, vestlandshistorie og regionbygging,. Manus til foredrag, seminar Fosshaugane Campus, Sogndal 6.8.2008.
Helle, Knut: «Den opphavlige vestlandsregionen» i Vestlandets historie, (hovudred. Knut Helle), bd. 2 Samfunn, forlaget Vigemostad og Bjørke, Bergen, 2006.