Skikk og uskikk i ordskifte

Løgn, forteiing og fordreiing i det offentlege ordskiftet er ureieleg. Me må argumentera godt. Men me må også kjenna tjuvtriksa. Kanskje treng me ei lærebok i uskikkar?

Det er skrive mange lærebøker og fine artiklar om å argumentera godt. Du lærer korleis du ope og ærleg grunngir dine meiningar, og korleis du sakleg og balansert kan imøtegå dine meiningsmotstandarar. Men for å argumentera godt og å stå støtt i offentlege ordskifte  er det opplagt ein styrke å kjenna att det ureielege når ein møter det. Kanskje kan ei lærebok i uskikkar vera til hjelp?

Ei lærebok i klassiske uskikkar i argumentasjon vil læra deg korleis du kan spara tid og tankekraft ved unngå saklege, ansvarlege og sjølvstendige argument. Heller får du ei kjapp innføring i korleis du enkelt set merke på, kategoriserer  og utdefinerer meiningsmotstandarar. I neste avsnitt kan du læra korleis du gjennom fri, kreativ og småskoren dikting kan tillegga din motpart eigenskapar, handlingar og meiningar han eller ho ikkje vedkjenner seg eller kjenner seg att i. Til sist, om utdefineringa og diktinga ikkje fører fram,  kan du syna til ein fagleg autoritet, ein heidersmann eller – kvinne på nasjonalt eller internasjonalt nivå, og framføra at vedkommande er eintydig på di side.

Kva vil det eigentleg seia å argumentera godt? I styre og stell må me ha som utgangspunkt at det i ulike saker finst gode argument både for og imot. Det kan vera argument som talar for ein viss politikk eller visse handlingar, eller det kan vera argument som talar imot. Men for at argumenta skal vera gode bør dei uansett ståstad vera rette, relevante og vektige. Det rette argumentet er det som gir eit godt, dekkande og truverdig bilete av saka. Påstandar som ikkje har grunnlag i røynda eller saka er uansett ikkje rette argument. Det relevante argumentet er saka vedkommande. Det vektige argumentet gir tyngde til den saka ein argumenterer for.

Men det å argumentera godt og sakleg gir deg ingen garanti mot å verta møtt med tjuvtriks. Tre klassiske uskikkar i argumentasjon bør du læra deg. Stikkord er «argument mot menneske», «skaping av stråmann» og «tilvising til autoritet». Dei er gjengangar i ulike variantar lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Dei byggjer opp under det ureielege og er destruktive for ordskiftet.

Du kan oppleva at meiningsmotstandar ikkje argumenterer mot deg, men heller peikar på at du har dårlege karaktertrekk eller eigentleg høyrer til ei gruppe menneske som alle meiner det same. Difor bør ein ikkje lytta til eller bruka tid på dei argumenta du framfører. På norsk folkemunne heiter dette «å ta mannen i staden for ballen». På latin heiter det ad hominem ­ – altså eit argument mot menneske. På folkemunne eller latin; det er uansett tale om ei feilslutning og det er ein ureieleg måte å argumentera på.

Den andre klassiske uskikken er at meiningsmotstandaren din gir deg haldningar, meiningar og gjerningar du sjølv ikkje er kjend med. I neste omgang er det denne fiksjonen meiningsmotstandaren din argumenter aktivt og lidenskapeleg imot. Uskikken er kjend som å laga ein stråmann. Frå gamalt av var ein stråmann ei menneskeforma dokke som var stappa med strå og som kunne vera nyttige til fugleskremsel eller i kamptrening. Men i ordskifte er stråmannsargument  ureielege. Det kan også ha preg av avleiingsmanøver idet ein kan verta forvirra og mista den eigentlege saka av syne.

Den tredje uskikken er tilvising til autoritet. For å underbyggja sin eigen ståstand og å underminera det du står for, kan motparten din syna til ein autoritet som eintydig er på hans eller hennar side. Autoritetsargument treng ikkje vera ureielege. I eit kvart ordskifte treng me kunnskap og innsikt.  Grundige undersøkingar,  dyktige fagfolk og folk sine erfaringar, kan slik sett vera gode å visa til om det er ein open og balansert del av ein god argumentasjon. Problemet oppstår først og fremst når den som nyttar autoritetsargument kombinerer det med påstandar som ikkje har rot i røynda, eller med gjennomgåande ureieleg framferd.

Universitet og høgskular står framfor store endringar. Det å læra studentane våre å argumentera ope, ærleg og godt, er uansett ei grunnleggjande viktig oppgåve. Sameleis bør studentane kunna avdekka og imøtegå triksa og uskikkane i dei ordskifta dei er ein del av.

Ikkje berre i undervisninga og forskinga vår, men også i vår deltaking i det offentlege ordskiftet, bør me som arbeider ved universitet og høgskular gjera oss flid med å framføra god og sakleg argumentasjon. Det kostar tid og krefter, men det er grunnleggjande viktig i eit levande demokrati og utviklinga av gode samfunn. Det er ein av dei beste grunnane til at det offentlege brukar omfattande ressursar på universitet og høgskular.