Bla-bla, blærer og «blame-game»

Uskikkane florerer i det offentlege ordskiftet. Me finn ord utan innhald, framstillingar utan grunnlag i røynda og folk som raust kombinerer sjølvros med personåtak.  Ordskifte som kan opplysa og forklara viktige saker, havarerer i meiningslaust personfokus og mørklegging av faktiske omstende.

De svarer ikke. Fordummende uskikke i den politiske debatt er namnet på boka til Christian Kock, professor i retorikk ved Universitetet i København. Boka er ein studie av kvifor det ofte går gale når politikarar og andre diskuterer offentleg. Det er eit rikt spekter av uskikkar å ta av: Tall-fusk, ugrunna avvising av argument, mistenkeleggjering av motparten, medvitne mistydingar og meir til. Det er mange tjuv-tricks å halda styr på. Kock hjelper oss med å  hugsa tre av dei viktigaste idet dei alle får nemningar som byrjar med bokstaven b: Bla-bla, blærer og blame-game.

Bla-bla inneber at mykje politisk kommunikasjon er tom for innhald. Nyord og moderne vendingar som knapt nokon kan gjera greie for innhaldet i, får dominera og gir politisk retning til viktige ordskifte. På norsk side har bla-bla gitt godt grunnlag for Arne Klyve og Jon Severud sin moderne klassikar Ordbok for underklassen.

Sjølvros skal ein lytta til for det kjem alltid frå hjarta, sa læraren min på ungdomsskulen. Det var ironisk meint og det var også slik me i klassa forstod det. Men sjølvros får stadig prega offentleg meiningsbryting. Christian Kock kallar dei sjølvrosande aktørane for blærer. Blærene sitt favoritt-spel er «blame-game». Det handlar om å leggja mest mogleg skuld og mistanke på einskildpersonar ein er usamde med. Blærene presenterer seg som gode, velmeinande og lytefrie, medan einskildpersonar hjå motstandaren vert framstilte som inkompetente, lurvete og suspekte.

Studien til Kock omfattar dansk politikk generelt, men særskilt innvandringsdebatten. Han finn døme på bla-bla, blærer og «blame-game» både på venstre- og høgresida i politikken. Slike døme synest heller ikkje vera vanskeleg å finna i Noreg. Meir byggjande er det likevel å minna om at det er opplysing av saka og sjølve demokratiet som vert sett i spel og underminert når ein tyr til slike middel. Bla-bla, blærer og «blame-game» tek fokuset vekk frå det den offentlege samtalen om samfunnsspørsmål framfor alt bør handla om. Det er argument for og imot ei sak, det er argument som kan opplysa og klarleggja saka. Det sentrale i ein demokratisk samtale eller i ei opa drøfting av ei sak, er og blir kva som skal gjerast og om kva som er til det aktuelle fellesskapet sitt beste.

Christian Kock gir oss lite grunnlag for å tru at høgare utdanning åleine kan styrka det offentlege ordskiftet. Tvert imot peikar han på at både statsvitskapen og profesjonell medierådgjeving aktivt har laga større rom for uskikkane. Deler av statsvitskapen har bidrege til dette ved å definera borgarane som strengt egoistiske og sjølv-sentrerte, utan interesse for å byggja større fellesskap. Politiske medierådgjevarar på si side i for liten grad brydd seg om kva som opplyser saka, men er ekspertar på kva som gir merksemd og overskrifter i media. Med hjelp av kynisk statsvitskap og fiks medierådgjeving får bla-bla, blærer og «blame-game» ein fagleg basis.

I klår opposisjon til dette er Christian Kock sin studie ein freistnad på å styrka den saklege argumentasjonen. Ein vilje til å styrka det opplyste folkestyret ligg til grunn. Ved å skildra og gje døme på uskikkar, gjer Kock lesaren betre budd til sjølv å kjenna att og slå ned på uskikkane når nokon nyttar dei. Det gjer oss i betre stand til å velja kven me vil lytta til, ta råd i frå og stemma på. Kock si bok er slik eit bidrag til å gje bla-bla, blærer og «blame game» dårlegare vilkår.

 

Litteratur:

Klyve, A., & Severud, J. (2014). Ordbok for underklassen : Slå tibake mot byråkratispråk og nyord fra næringslivet (Rev. utg. ed.). Oslo: Spartacus.

Kock, C. (2011). De svarer ikke : Fordummende uskikke i den politiske debat. København: Gyldendal.