Deling som drivkraft

Høgskulen på Vestlandet blir etablert med deling som drivkraft, ideal og metode. Kunnskap veks når den blir delt.

Desse to setningane er henta frå fusjonsplattforma som den nye høgskulen skal byggjast på. Vi har føresetnader for å lykkast, men det fordrar at vi  koplar kunnskapsbygging med god bruk av teknologi.

Sist veke vart eg inspirert av korleis Nasjonalt råd for teknologisk utdanning (NRT) og Det nasjonale fakultetsmøte for realfag (NFmR) arbeider med utvikling av ei vitskapelig tilnærming til undervisning og læring innan MNT-feltet (matematiske, naturvitskaplege og teknologiske fag) . Dei har mellom anna utvikla ein MNT-konferanse med fokus på vitskapleg tilnærming til undervisning på studieprogramma og internasjonal publisering om undervisning, læring, studieprogram, læringsmiljø og utdanningsleiing. Gjennom arbeid med konferansen har dei lagt  til rette for samarbeid og kunnskapsdeling mellom mange ulike fagtilsette ved ulike institusjonar, for slik å utvikle betre læring enn det ein kunne fått til aleine. For dei som er interessert i å sjå nærmare på kva dei har fått til, så les gjerne artiklar dei publiserte i UNIPED 04/2015, som i sin heilskap omhandla dette arbeidet med utdanningskvalitet.

Eit eksempel som vart presentert under foredraget eg var på var nettstaden http://www.matric.no/ . Her har  The Centre for Research, Innovation and Coordination of Mathematics Teaching (MatRIC) laga ein nettstad som fokuserer på matematikk undervisning og læring innanfor studiar av andre fag som teknologi, naturvitkap, økonomi og lærarutdanning. Fagtilsette innan fagområda kan her dele og utvikle bruk av video og andre digitale og nettbaserte teknologiar i undervisning, læring og vurdering av matematikk. Her er også eit forum for forsking på undervisning, læring og vurdering av matematikk og nettstaden fungerar som tiltak for å bringe saman fagfolk på tvers.

Tenk om vi kunne fått til noko liknande innan andre fagområde? Kanskje er det liknande nettstadar alt – vi veit berre ikkje om dei. På førre vekes møte i Nasjonal fagstrategisk enhet for utdanning og forsking innen helse- og sosialfag (NFE-HS) brukte vi mykje av tida til å diskutere forsking og innovasjon knytt til utdanningspraksis og studentane si læring i helse- og sosialfaglige profesjonsutdanningar. NFE-HS har no bestemt at vi vil gjere som MNT-faga og ta eit større nasjonalt ansvar gjennom å invitere til utdanningskonferanse om pedagogisk utviklingsarbeid og utdanningsforsking. Vi vil legge opp til presentasjon og publisering av fagfellevurderte fag- og forskingsartiklar knytt til konferansen. Kanskje kan ein også her få utvikla nasjonal nettside innan sentrale undervisningsområde. Moglegheitene er mange og vi må berre våge å dele meir for å nå våre høge mål om god utdanningskvalitet og ikkje minst forskingsbaserte utdanningar.

Mi meining er at vi også  kan bli flinkare til å dele kring undervisning og læring innanfor våre eigne institusjonar. Undervisning vert i alt for stor grad privatisert. Vi må lage møteplassar. I morgon gjer vi eit slik tiltak på Avdeling for samfunnsfag. Vi arrangera frukostseminar for studenttillitsvalde og tilsette – det tredje i rekkja. Førsteamanuensis Vegard Fusche Moe ved Avdeling for lærarutdanning og idrett vil dele erfaringar med studentinvolvering i forsking ved institutt for idrett. Deretter vert det diskusjon og innspel til vidare arbeid rundt frukostborda. Studentane er våre viktigaste endringsagentar og  som leiar vil eg sjå til å skape fleire møteplassar for studentar og tilsette framover.

Kanskje vi kan lage læringsfestival i den nye Høgskulen på Vestlandet og samle like mange glade og engasjerte studentar og tilsette som under den flott studieopninga i haust (jf. bilde under). Deretter må vi dokumentere arbeidet og dele det med omverda. Muligheitane er mange. Eg gledar meg i alle fall til å starte morgondagen saman med fagleg engasjerte studentar og kollegaer.

 

studiestart-2016-foto-roynda

Foto: HiSF  Opning av studieåret 2016/2017