Aldri hadde eg trudd at tre års utdanning kunne utvikle meg som person så mykje

Hald fast ved motivasjonen som førte deg inn i helse- sosialarbeidarutdanninga – hald fast ved viljen og ønske om å hjelpe både enkeltmenneske og grupper. Finn din plass, delta aktivt i å utvikle helse- og sosialtenestene vidare. Samfunnet treng deg! Dette var nokre av orda eg delte i høve den flotte markeringa av nær 100 nyutdanna helse- og sosialarbeidarar frå Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal. Dei som er interessert kan sjå talen til våre nye kandidatar i barnevern, sosialt arbeid og vernepleie her:

Kjære nyutdanna sosionomar, barnevernspedagogar og vernepleiarar. Kjære tilsette og andre gjestar.

I dag feirar vi at vi står her ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal, med 36 nye barnevernspedagogar, 20 nye vernepleiarar og 40 nye sosionomar. Til saman 96 nye helse- og sosialarbeidarar som står klare til å bidra i samfunnet med ny frisk kunnskap. Det er rett og slett fantastisk med så mange nyutdanna kandidatar på ein gong. Eg vil gratulere dykk med ei fantastisk fin utdanning! Gratulere med at de har valt å bygge kunnskap, at de har vist vilje til å lære og å studere, alt for å bli dyktige i eit fag. Og det er ikkje kva som helst fag – det er eit fag som skal hjelpe andre til bli sterke. Det står respekt av dykkar val – barnevernspedagogar, sosionomar, vernepleiarar – de har altså valt å bruke 3 år av ungdomstida dykkar – til å læra dykk, til å bli kloke, å få visdom til å hjelpa andre, til å bygge andre. Det kan vere folk som treng hjelp kvar einaste dag resten av sitt liv. Andre treng hjelp og støtte i eit avgrensa tidsrom, og går sjølv vidare som sjølvstendige og sterke menneske. Kvart einskild menneske, kvar einskild livssituasjon – de som sit her, våre kandidatar frå barnevern, sosialt arbeid og vernepleie – har bygt dykk opp til å møte dette, til å gjere dei kloke gjerningane som skal til – i dag og i morgon – på kort sikt og  for framtida. Ver stolte over dykkar val og syn dykk alltid audmjuke og samstundes sterke. Sterke for å gjere dei gode vala, audmjuke for å lære og stadig bli betre yrkesutøvarar.

 

Nye barnevernspedagogar frå Høgskulen på Vestlandet:

 

Ikkje berre er vi stolte over dykk, men de går også inn i historiebøkene våre med å vere dei fyrste sosionom, barnevern- og vernepleiestudentane som får vitnemåla sine frå Høgskulen på Vestlandet. Men de er likevel langt i frå dei fyrste vi har utdanna her i Sogn og Fjordane. Heilt sidan 1988 har det vore sosionomutdanning i Sogn og Fjordane, i 1990 kom det vernepleieutdanning og i 1992 vart utdanninga i barnevernspedagogikk etablert. Inkludert de som står her i dag er det samla utdanna 2172 vernepleiarar, barnevernspedagogar og sosionomar i vårt fylke. Kandidatundersøkingar, som vi gjennomfører kvart år for utekseminert kandidatar eit halvt år etter at dei har slutta, syner dei fleste finn seg relevant arbeid. Litt vanskeleg kan det vere å få akkurat den jobben ein ynskjer, men ettertrakta på arbeidsmarknaden vil eg hevde at de er. Kandidatundersøkinga har eit anna viktig og gledeleg resultat og det er at når våre kandidatar finn seg relevant arbeid så syns mange at utdanninga har vore svært nyttig. Det vil seie at mykje kan tyde på ein god match mellom den utdanninga de no har tatt og det arbeidslivet de skal inn i. Fagleg kvalitet i utdanninga og nær kontakt med praksisfeltet vi utdannar for er nøkkelen her og noko vi jobbar hardt for å få godt til. Eg vil difor også gjerne få takke fag- og administrativt tilsette som har bidrege til at vi kan stå her i dag og feire dykk som fyrste kull uteksaminert ved den nye høgskulen. Tusen takk!

 

Nye vernepleiarar frå Høgskulen på Vestlandet:

 

Akkurat dette med kunnskap vil eg dvele litt meir med. Som studentar hjå oss har de tileigna dykk lærdom om tilhøvet mellom samfunn og menneske. De har også lært korleis kunnskap blir til og korleis vi ved hjelp av både praktisk erfaring og vitskaplege metodar stadig aukar eller fornyar tilfanget av kunnskap. Samstundes har de både i utdanninga og praksis lært dykk praktiske ferdigheiter, kall det gjerne eit handverk, i korleis de faktisk skal utøva arbeidet dykkar. Yrket de har utdanna dykk for står i dette fantastiske og varige spennet mellom vitskapleg basert kunnskap og praktisk handling. Det er i dette spennet den gode yrkesutøvinga finn stad, det er i dette spennet de kvar samansette arbeidsdag må søka å utvikle, å forbetre arbeidet dykkar – både det arbeidet de sjølv har direkte ansvar for og den arbeidsfellesskapen de må vera med og utvikle og vedlikehalde. Og det er når profesjonsutøvaren i den konkrete og ofte vanskelege arbeidssituasjonen gjer bruk av og koplar vitskapleg basert kunnskap og praktiske ferdigheiter, at de syner dykkar meisterskap.

 

Nye sosionomar frå Høgskulen på Vestlandet:

 

Ein liten episode i kantina vår for vel ei veke sidan gav meg god optimisme og tru på at vi har klart å få til den koplinga eg her har beskrive. ”Aldri hadde eg trudd at tre års utdanning kunne utvikle meg som person så mykje, tenk at det går ann!” Dette sa to av dykkar kullingar, som stod bak meg i kantine-køa. No er det ikkje fint å lytte til andre sine samtalar, men av og til blir det umuleg å la vere. Eg kunne ikkje la vere å bli nysgjerrig på kva studie dei omtalte i så rosane ordlag. Eg måtte nesten berre snu meg rundt og spørje. Dei to flotte ambassadørane for våre studie sit her i dag. Dei refleksjonane de gjorde om utdanninga dykkar varma. Ikkje berre fordi det gjev oss tilsette god tilbakemelding, men fordi de gjennom dykkar refleksjon viste at de har forstått at utdanninga de har tatt har gjett så mykje meir enn berre fagleg og teoretisk kunnskap. De har fått utvikla dykk som personar, utvikla verdiar og holdningar, tankesett, ja det viktigaste av alt – korleis vi er som menneske og ser på andre menneske. De snakka om at de var så nøgde med utdanninga, sjølv om det nok var forelesingar og undervisningsopplegg elles som kunne vore betre. Men i dykkar store bilde var det no av mindre betyding. De kom til å lære dette vidare i arbeidssituasjonane. Og det er heilt rett. Det er no de verkeleg vil få auka læringskurva. Om de andre her kjenner på noko av det dykkar to medstudentar snakka om i denne samtalen, ja så kjenner eg meg trygg på at de vil stå godt rusta til å møte dei store utfordringane som velferdssamfunnet og særleg helse- og sosialtenestene står overfor dei næraste tiåra. Ha faglege ambisjonar når de no kjem ut i arbeid. Bli god i det faget du har brukt tre år av ditt verdifulle liv på å lære og husk dei menneskelege verdiane.

 

Vi håpar de kan sjå tilbake på dei tre åra med oss her i Sogndal med stor glede resten av livet. Vi håpar at de vil vere gode ambassadørar for studia våre. Uansett kor de måtte busette dykk og kva arbeid de må ta, så håpar vi at det vil vere ein relasjon mellom Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal og dykk. At de er stolt over den utdanninga de har tatt og at de gjerne held kontakten med medstudentar. Mange har nok lagt grunnlag for vennskap som vil vare heile livet. Vi ynskjer dykk også gjerne tilbake hit for master- eller vidareutdanningar, eller som kollegaer.

Til sist: Ei lita oppmoding til kvar og ein av dykk: Hold fast ved motivasjonen som førte deg inn i helse- sosialarbeidarutdanninga – hald fast ved viljen og ønske om å hjelpe både enkeltmenneske og grupper. Finn din plass, delta aktivt i å utvikle helse- og sosialtenestene vidare. Samfunnet treng deg! Stol på kunnskapen din og ver med å utvikle yrket og praksisfeltet i positiv retning.

Gratulerer så mykje med dagen og lykke til vidare!