NRK-journalist Arve Uglum helsa dei nye studentane ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal 14.august 2017. Les gjerne talen nedanfor.
De har kanskje flytta frå ein større plass for å koma hit. De har kanskje hatt dykkar tvil om å flytta til ei liti bygd inst i ein fjord – og her står altså programleiaren i «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» og ynskjer dykk velkomne.
«Å i helsike!», tenker de no.
Men slapp av, folkens! Eg skal ikkje snakka om ein plass eg skal laga tv-program om, eg skal snakka om plassen eg bur på.
Og så skal eg snakka om dykk: Sogndalstudentane – som har gjort denne plassen så bra at eg meiner det er den beste plassen for meg å bu på. Det er her eg let ungane mine veksa opp.
For studentane har gjort noko med denne plassen, gjort han til noko langt meir enn ein kanskje kan forventa av ei bygd med under 8000 folkeregistrerte innbyggjarar.
Om du vil eta lunch ute i dag finst det faktisk eit dusin plassar å velja mellom i tillegg til ei veldig bra studentkantine. Dette dusinet plassar kan gje deg alt frå veldig god sushi til matforgiftning.
Så plassen er ikkje så liten som han kan virka som og det er i all hovudsak dykk, sogndalstudentane, si fortenesta.
Og no har eg altså heile studentkobbelet, nykomlingar og veteranar samla framfor meg: Og eg må berre seia det – herifrå ser dykk ut som det flottaste studentkullet me nokon sinne har hatt.
For mange av dykk som står her er dette eit takk for sist. De er klare for år to, tre eller fire i Sogndal. De helsar på gamle kjende. For dykk er dette «back to business».
Men for mange av dykk er det ikkje slik. Dette har kanskje vore den første natti i livet dykkar der de ikkje budde heime hjå familien. Og all erfaring tilseier at ganske mange av dykk ikkje har sove ein augneblink i natt. Vekke frå alt de kjenner og kan gangen i, overletne til dykk sjølv på ein plass de ikkje veit noko om og blant veldig mange fullstendig framande folk.
Dette her er ein av dagane i livet det er heilt ok å vera vettskremd. Det er faktisk meiningi de skal vera det. For å vera ute i livet åleina for første gongen er skummelt, og dei som latar som dei ikkje kjenner litt på denne frykten, dei prøver berre å lura oss.
I fjor var det fire som besvimte under velkomsttalen. Fire personar blacka ut i ein blanding av frykt, overoppheting og søvnmangel. I den anledning vil eg gjera merksam på at Røde Kors er her. Om de kjenner at knei tek til å svikta litt eller sidemannen går i bakken, så rop på dei. Dei har rutine på dette her. Det har alle her i Sogndal. Me har teke imot nykomlingar som dykk i 45 år, så me veit kva dette går i.
Uansett kor tøffe og solbrune og pene og verdensvande og uangripelege de ser ut her i dag, så veit eg at alle som ein saknar mamma eller pappa eller katten eller hunden eller bestemor eller nokon andre der heime litt i løpet av denne dagen.
Og det er ok. For snart er det jul. Då skal de heim, og då kjem de til å sakna Sogndal. Det er mykje som skal forandra seg frå no til då. De kjem til å forandra dykk. Innan den tid kjenner de dei fleste i klassen dykkar – de veit kvar det meste er her i bygdi, de skal spørja om det er noko de lurer på. Og det viktigaste av alt: De kjem til å stola meir på dykkar eigne vurderingar.
Det er heilt sant: Eg er far sjølv og har sett det med eigne auge: Eg sendte frå meg ein jentunge på høgskule om hausten og fekk heim ei ung dama til jul. Det var ikkje til å tru.
For i dag nykomlingar: I dag startar livet.
Erfaring fortel oss at for mange av dykk er livet å stå på ski. De skal gå i nokre månader til og venta på snøen, og så skal de til fjells og køyra på ski meir enn de nokon gong vil få sjansen til å gjera seinare i livet. Sogndal er ikkje nødvendigvis plassen eg ville valt om eg skulle på skiferie, men det er den beste plassen å bu om du vil stå på ski mest muleg. Her er det køyring i verdensklasse ti minuttar unna. De rekk ein skitur før dagens første forelesning eller etter den siste.
Nokre av dykk rekk til og med ein skitur under førelesningane, har eg sett.
Og de er i ein svært gunstig posisjon: De er midt blant veldig mange menneske de deler interesser med – som kjem til å visa dykk rundt og ta dykk med til Svartholten, Togga, Grånipa, Nonsholten, Tylderingen, Melsnipa, Skredfjellet, Lammanipa, Frudalshesten, Badnakona, Torstadnakken og så vidare og så vidare.
Og så har me dykk andre som ikkje tykkjer at bratt skikøyring i laussnø er det kjekkaste i verda – og som av og til vil bli nøydde til å forklara folk de møter at, ja, de er sogndalstudentar, men de er ikkje så ivrige på ski. Slapp av! Det er så mykje anna å ta føre seg. Og faktisk viser det seg at det er de som er i fleirtal. Skistudentane er kanskje høgst profilerte, men majoriteten har knapt nok på seg eit skipar medan dei er i sogndal.
Det er mange openbare ting som forklarar at det kjem studentar til Sogndal sjølv om mesteparten ikkje har tenkt å stå på ski: Meieriet, konsertane og så vidare. Det får de vita om av fadrane dykkar. Det er så mange små og fine ting på ein plass som dette – ting som ikkje kostar all verdi, og som du kanskje må ha budd her ei stund for å vita om.
Oppe på Åberge – der oppe – står det ein benk i svingen med oversikt over heile bygda. Det er sjølvsagt ein plass folk kan gå til når fotballaget deira har tapt eller livet har gått deg litt i mot, for å få fred og tenka litt, men det er og verdens beste klineplass. All erfaring tilseier at mange av dykk kjem til å klina allereie i kveld: Mitt råd er at de gjer det der oppe med utsikt over heile bygdi. Men vegen går rett forbi så lat det vere med kliningi – ikkje gå lenger.
Verdens beste bollar – Lustrabui i Gravensteinsgata. Du trur kanskje dette er skryt, men ta ein kanelsnurr så veit du kva eg meiner.
Er du interessert i fotballaget her i bygdi? Ta ein tur innom Sogndal Lær- og skotøy i Fjøra. På overflata er det ein skobutikk – men eigentleg er det bygdi sin kunnskapsbase for alt som har med fotball å gjera. Jakobsen senior har all Sogndal-statistikk som tenkast kan hengande på veggene på bakrommet – og Jakobsen junior og senior har alltid tid til ein fotballprat med kven som helst – og er det interessant så diskuterar dei gjerne lenge etter stengetid. Og kjøp gjerne eit skopar når du er innom. Dei er og den einaste butikken i landet som prisar ting i heile hundrelappar og ikkje 99 kroner.
Og så skal eg fortelja dykk noko som er hemmeleg, noko Sogndal Lær- og skotøy ikkje vil at de skal vita. Så høyr godt etter: På same butikken får du kjøpt dei billigaste, heimestrikka sokkane i landet.
Det er mor til Jakobsen junior – altså kona til Jakobsen senior som strikkar dei – og ho kjem til å bli heilt fortvila når ho høyrer at eg har stått her og fortalt om dei billige strikkelabbane deira til så mykje folk. For då blir det utselt og då må ho og venninnene sitta alle kveldar og strikka fleire.
Dei kunne – slik de økonomistudentane skal læra om – ha regulert marknaden gjennom å setta opp prisane. Så vidt eg veit har dei ikkje vurdert dette.
Men eitt tiltak har dei sett i verk: Dei har teke ned skiltet der det står at dei har heimestrikka sokkar. De må spørja etter dei i kassen.
Det er summen av tusen slike ting som løftar ei husklynge til å bli eit samfunn. Eit samfunn me som bur i det kan veksa og trivast i.
Det viktigaste de har her i Sogndal er likevel kvarandre – og det er ingen liten ting skal eg sei dykk. Banda de knyter til medstudentane i tida som kjem blir det viktigaste de tek med dykk når de reiser vidare i livet.
Lat meg fortelja ei lita hemmelegheit om meg sjølv: Eg har ingen utdanning. Eg har ikkje fem minutt med universitet eller høgskuleutdanning. Og det er ikkje synd i meg. Eg tenar greitt med pengar og har ei fin karriere som mange med høg utdanning misunner meg. Men det eg stadig oftar kjenner på at eg manglar er studiekameratar – som eg ser vennene mine har. Desse folki som dei møtte akkurat i det dei tok sine første steg ut i det skikkelege vaksenlivet – og som var i ferd med å ta det same steget sjølv. Dei har dei eit heilt speseilt band til.
Eg trur det blir slik fordi de vil aldri vera likare på dei rundt dykk enn de er akkurat no. De er stort sett på same stadie i livet heile gjengen, i ferd med å gjera dei same tingi. Og der ligg et eit utruleg fundament for sterke og livslange venskap. Så lov meg at de passar på studievennene dykkar, for det er litt trist å ikkje ha akkurat den typen venner.
Ein av grunnane til at eg umiddelbart fekk lyst til å halda denne talen då eg vart spurt, var at det er ein fin anledning til å takka dykk for at de har gjort heimstaden min til ein plass det går an å bu på.
Eg har alltid vore glad i Sogndal, men om plassen og folka som budde her, hadde vore dei same som i min oppvekst hadde eg aldri i verden flytta tilbake hit og langt mindre blitt verande.
45 år med konstant tilflyt av utanbygds ungdommar har forandra denne plassen til det betre. Trangsynet, skepsisen, rasismen og fordommane har vorte merkbart mindre – og det finst det mange bevis på.
Då eg var 19 år gamal hadde eg hår ned til hit. I følgje veldig mange i Sogndal var det bevis på at eg var homo og eller narkoman. Om eg var begge eller berre ein av delene var ikkje så nøye, for begge deler skulle straffast med juling frå folk som var betydeleg større og sterkare enn meg.
Eg ler ofte av det no, men eg kan forsikra dykk om at det ikkje var moro den gongen. For så trongsynte og dumme var mange sogndøler den gongen – for nesten 25 år sidan. Men sidan den tid har tusenar på tusenar av studentar av alle hårlengder, seksuelle orienteringar, politiske overbevisningar og hudfargar skola gjennom bygdi vår – og vaska vekk mykje dumskap og mange fordommar.
I vår kom det eit ganske sterkt bevis på at noko har skjedd i Sogndal – noko som eg vart veldig glad for på fleire måtar. For nokre år sidan flytta ein ung mann til Sogndal for å studera, og etter kvart fann denne unge mannen ut at han ville bli ei ung kvinne. Han blei advart mot å starte kjønnskifteprosessen på ein liten plass som Sogndal, men ho skreiv i vår eit innlegg i Bergens Tidende om at det faktisk gjekk heilt fint. Bygdedyret var ikkje så ille lenger. Etter eit liti stund visste alle om det, og tykte ikkje det var så forferdeleg interessant lenger. Ho fekk faktisk ingen negative reaksjonar.
Då eg las dette vart eg veldig glad og veldig letta. Letta fordi eg trur nok at ho har vore ganske heldig med kven ho har møtt. Eg kan faktisk koma opp med ei ganske lang liste over folk her i bygdi eg kan garantera at denne studenten ikkje har diskutert kjønnskiftet sitt med ettersom ho ikkje fekk negative reaksjonar.
Men når det blei slik, så gjorde ho noko veldig smart med å skriva ein artikkel i Bergens Tidende om det ho opplevde. For denne blei sjølvsagt delt på Facebook av alle i Sogndal. Alle slo seg på brystet og sa les her! Sjå kor inkluderande og fordomsfrie me er! Dynamikken på små plassar er veldig enkel på den måten. Me elskar det når folk skryt over plassen vår. Og det folk seier når dei skryt over oss, det er alltid sant.
Så med alle desse delingane og sølvskrytet på Facebook hadde folk forplikta seg. Når me først har profilert oss som den opne og fordomsfrie bygdi, så har me til å vera det neste gong me blir utsette for noko me ikkje har vore borti før. Eg veit ikkje kva det blir, men eg veit at Karoline Skarstein har gjort det mykje enklare for den neste som må vera annleis i Sogndal.
Så takk Karoline, takk til alle sogndalstudentane som har vore – og på forhånd takk til dykk nye!
Eg håpar og trur at de på dykkar måte vil vera med og gjera Sogndal til ein endå betre plass å vera.
Lukka til med det og takk for meg!