Vestlandsk arvesølv i spel

Vil Vestlandskraft gi vekst og velstand i Sogn og Fjordane? Framtida til varige naturressursar er denne veka til drøfting i fylkesutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Av Gunnar Yttri

Ein ny kraftgigant, med namnet Vestlandskraft, kan vera i emning på Vestlandet.  Vestlandskraft kan med samla produksjonskapasitet på 12,1 TWh verta den nest største vasskraftprodusenten i Noreg. Ei samanslåing av Sogn og Fjordane Energi (SFE), Bergenhalvøens Kommunale Kraftselskap (BKK) og Hydro sine kraftverk i Røldal-Suldal, gjer dette mogleg. Skissa til Vestlandskraft ligg føre i ei fersk utgreiing forfatta i laupet av nokre fåe månader av dei tre nemnde partane i fellesskap. SFE er tenkt inn i fusjonen med 26 kraftverk (2,0 TWh), BKK med 34 (6,9TWh) og Hydro med 9 (3,2TWh).

Men kva kan ein kraftgigant med det skisserte eigarskapet bety for skaping av arbeidsplassar, bygging av kompetansemiljø, vidareføring av lokalt eigarskap og for råderetten over naturressursar i Sogn og Fjordane? Dette er dei store og vanskelege spørsmåla fylkesutvalet stiller seg i si første drøfting av saka onsdag 23. august. Mykje av drøftingane skjer førebels bak lukka dører. Store økonomiske verdiar med tilhøyrande innfløkte strategiske vurderingar er i spel.

Frå Sogn og Fjordane fylkeskommune si side har utgreiinga om Vestlandskraft bakgrunn i eit ønskje om å få fram ulike alternativ for å sikra verdiane i SFE ved ei eventuell samanslåing av fylka Sogn og Fjordane og  Hordaland. SFE med hovudkontor på Sandane og utbygde kraftverk i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, rår over og skapar store verdiar. Konsernet SFE hadde i 2016 eit overskot etter skatt på  189 millionar kroner og hadde 244 tilsette. No er det berre produksjonsdelen av SFE med 59 årsverk som i denne omgang er greidd ut for fusjon, men mykje tyder på at endringar i kjerneverksemda i etterkant vil få følgjer for SFE sitt omfattande arbeid med straumnett og fibernett, og sal av straum. Sogn og Fjordane fylkeskommune eig 48,15% av aksjane i  SFE. Nest største eigar er BKK (38,54%). Resten er fordelt på kommunar i Nordfjord (Gloppen, Selje, Eid, Bremanger) og Sunnfjord (Flora og Naustdal).

BKK er det største kraftselskapet på Vestlandet med hovudkvarter i Bergen. Trass i det vestlandske preget på BKK er det Statkraft som har den største eigarposten (49,9%)- Bergen kommune har den nest største (37,75%). Resten er spreidd på 16 kommunar mellom Hardangerfjorden og Sognefjorden (Høyanger og Gulen).  BKK har store verdiar investert i andre kraftselskap på Vestlandet, mellom desse SFE, og har interesse av ein større og samordna organisasjon.  Men i eventuelle tingingar som måtte koma er Statkraft si rolle interessant. Kva interesse har Noregs største og mektigaste kraftprodusent med omfattande kraftproduksjon på Vestlandet i å utvikla det nye Vestlandskraft?

Det var i utgangspunktet SFE og BKK som starta opp utgreiingsarbeidet om Vestlandskraft. Hydro, nasjonal og internasjonal produsent og leverandør av aluminium og Noregs nest største kraftprodusent etter Statkraft, har kome inn i samarbeidet i ettertid. Det er aktuelt for selskapet å gå inn i Vestlandskraft med kraftverka Røldal-Suldal. Rapporten seier lite om kvifor nettopp Hydro har vorte invitert til samarbeidet og heller ikkje noko om kvifor det er kraftverka Røldal-Suldal med band til aluminiumsverket på Karmøy som kan vera del av Vestlandskraft. Dette vil eventuelt gi eit geografisk tyngdepunkt for det nye produksjonsselskapet i sør.

Å ha med Hydro i Vestlandskraft kan gje det nye selskapet moglegheiter SFE og BKK åleine ikkje når tak i. Det eine er storleiken. Det er med Hydro på laget at Vestlandskraft kan verta den nest største kraftprodusenten i landet. Kanskje like viktig som storleik er det at Hydro sit inne med ein industriell kompetanse som dei to andre selskapa manglar. Fusjonen i Vestlandskraft har ikkje berre mål om å trygga og sikra regionale kraftressursar. Samanslåinga siktar mot både industrivekst og teknologiutvikling på Vestlandet.

Ulikt SFE og BKK har Hydro sterkt innslag av privat eigarskap. Utgreiinga problematiserer ikkje dette, men eventuelle seinare tingingar må røra ved det.

Truleg er det alt no interessant for dei folkevalde i Sogn og Fjordane å vita kvifor Hydro sine fire kraftstasjonar i Sogn med tilsvarande band til aluminiumsindustrien og industrisamfunnet Årdal ikkje er i spel. Ved ei eventuell samanslåing vil fusjonsparten Hydro såleis framleis i eigen regi ha vesentlege deler av sin kraftproduksjon med stort industrielt potensiale i same region som Vestlandskraft.