I Sogn avis har det i lang tid vore ei fyldig dekning av tilhøva i Sogn barnevern. Omtalen i media den siste tida gjeld ein rapport om arbeidsmiljøet i Sogn barnevern som kommunen har henta inn sjølv. Sogn avis har gitt ei brei dekning av korleis rapporten vert handtert internt i kommunen. Særskilt vert det diskutert kvifor ikkje medlemmane i kommunestyret kan få innsyn i rapporten med ein gong.
Generelt om teieplikta
Rapporten om arbeidsmiljøet i Sogn barnevern inneheld detaljerte opplysingar om einskildpersonar sine skildringar av eigne opplevingar og andre tilsette si åtferd mv. Det er heva over tvil at rapporten inneheld opplysingar omfatta av teieplikt etter reglane i forvaltningslova § 13.[1] Reglar om arbeidsgjevar si plikt til vern om tilsette sin integritet finn ein også i arbeidsmiljølova § 4-3, nr. 1 og personopplysningslova § 13.[2]
Opplysningar omfatta teieplikt kan ikkje flyte fritt innanfor den verksemda som tek i mot opplysningane. Teieplikta gjeld også mellom tilsette og folkevalde i same verksemd på den måten at dei som ikkje treng opplysningar i samband med sine oppgåver heller ikkje skal ha dei («need to know» prinsippet.)
Folkevalde eller tilsette som gjev ut informasjon som er omfatta av teieplikt kan straffast etter reglane i straffelova §§ 209 og 210 med bøter eller fengsel i inntil 1 år. Om ein med vilje likevel gjev ut opplysningar omfatta av teieplikt og om desse opplysningane kan føre skade eller tap, til dømes slik at ein person i ettertid risikerer å ikkje får seg arbeid på grunn av dårleg omdømme, kan ein straffast med fengsel i inntil 3 år for grovt brot på teieplikta. [3]
Kommunestyremedlemmar sin rett til innsyn
Det er ikkje gjeve eigne reglar om folkevalde sin rett til innsyn i kommunelova.[4] Hovudreglen er difor at folkevalde i utgangspunktet ikkje har rett til innsyn utover det ålmenta elles har etter reglane i offentleglova.[5] Unnatak er berre gjort for kommunen sitt kontrollutval som har rett til innsyn uhindra av teieplikt i alle saker (sjå under).
Grunnen til at det ikkje er gitt reglar som gjev folkevalde særleg rett til innsyn er drøfta i lovførearbeida til kommunelova.[6] Eit kommunestyre har vanlegvis svært sjeldan behov for opplysningar om einskildpersonar fordi kommunestyret mest aldri tek avgjerd i einskildsaker som gjeld einskildpersonar. Kommunestyret er også eit organ som generelt sett er lite eigna til å ta avgjerd i slike saker. Dersom det ligg føre informasjon omfatta av teieplikt i ei sak for kommunestyret, er det difor riktig å vurdere om desse opplysningane er naudsynte for kommunestyret si handsaming av saka og eventuelt bør takast vekk.
Ein kan gjere unnatak frå hovudregelen om innsyn i konkrete saker som kommunestyret får til handsaming. Kommunestyret er et kollektivt organ og kan berre ta avgjerd når det er kalla inn på lovleg måte og i dei sakene som er meldt på førehand. Saker som skal opp i folkevalde råd og utval skal handsamast forsvarleg. Dette følgjer av forvaltningslova 17, jf. kommunelova § 23 nr. 2.[7] Forsvarleg sakshandsaming krev at kommunestyret skal ha slik informasjon som er naudsynt for å treffe forsvarleg avgjerd. Kravet til forsvarleg avgjerd kan derfor gjere at ein i einskildsaker får meir innsyn enn etter hovudregelen.
Kommunestyremedlemmane i Sogndal har nok ikkje nokon generell innsynsrett i rapporten som gjeld Sogn barnevern etter dei reglane som gjeld i dag. Innsynsrett kan dei eventuelt ha om det vert tilmeldt sak til kommunestyret der dei treng kunnskap om det som kjem fram i rapporten for å treffe avgjerd.
I kommunelova § 40, nr. 5, er det slege fast at det skal lagast retningsliner (reglement) for folkevalde sin innsynsrett. Den førebyggje usemje og feil bruk av reglane. Regjeringa har laga eit «Veiledende normalreglement», som truleg hjelper dei fleste kommunar på god veg. Sjå denne lenka: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/publikasjonsnummer-h-2142/id270568/
Saker der det kan ligge føre avvik
I kommunar er det gitt eigne reglar for handsaming av saker der det ligg føre mistanke om svikt, feil eller anna uønskt hending. I kommunelova § 77 er det slege fast at skal det skal vere eit kontrollutval som handsamar slike saker. Det er gitt nærare føresegner om kontrollutvalet si verksemd. [8]
For å kunne utføre sine oppgåver har kontrollutvalet mellom anna rett til innsyn i alle opplysningar, utgreiingar eller dokument i alle kommunen sine saker uhindra av teieplikta. Kontrollutvalet rapporterer direkte til kommunestyret. Det betyr at rådmannen eller andre i kommuneleiinga ikkje kan «sensurere» kontrollutvalet si innstilling til kommunestyret. Kontrollutvalet kan heller ikkje instruerast av kommunen si leiing, korkje rådmann eller ordførar. Rådmannen og ordføraren har heller ikkje rett til å vere til stades på kontrollutvalet sine møter, med mindre kontrollutvalet sjølv meiner dei har behov for det i sitt arbeide. Sakshandsaminga i kontrollutvalet er organisert slik at den skal vere uavhengig og ikkje kunne påverkast av kommunen si leiing. Det er fordi kontrollutvalet nettopp skal kunne etterrøkje alle typar feil eller svikt, uansett om det brot på lov og føresegn eller om det er brot på vedtak gjort av kommunen sine styrande organ, på ein objektiv og saklig og forsvarleg måte.
Kontrollutvalet skal legge fram sakene sine direkte for kommunestyret. Kontrollutvalet må difor sjå til at kommunestyret får dei opplysningane det treng for å handsame saka forsvarleg. Ved nokre høve kan ei forsvarleg saksopplysning som nemnd over føre til at kommunestyret må få opplysningar omfatta av teieplikt etter reglane i forvaltningslova § 13. I så fall har dei plikt til å lukke møtet etter regelen i kommunelova § 31, nr. 4., og i følgje offentleglova § 13 kan ikkje media og andre få innsyn i dei aktuelle opplysningane.
Er det mistanke om at rapporten om tilhøva i Sogn barnevern kan avdekke svikt eller feil i kommunen, vil vanlegvis den forsvarlege måten å følgje opp rapporten på være å leggje den fram for kontrollutvalet.
Handsaminga av rapporten i ålmenta
Reglane som er nemnd over er ikkje så vanskelege. Når det er snakk om saker med stor offentleg merksemd er det ein fordel at allmenta vert gjort klar over kva reglar som gjeld og kva handlerom kommunen har. På den måten vert det lettare å diskutere på ein sakleg og god måte om kommunen har gått fram på rett måte i saka.
[1] Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10.02.1967
[2] Lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljøloven) av 17.06.2005 nr. 25 og Lov om behandling av personopplysninger (personopplysningsloven) av 14.04.2000 nr. 31
[3] Lov om straff, 20.05.2005 nr. 28
[4] Lov om kommuner og fylkeskommuner av 25.09.1992 nr. 107
[5] Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova) av 19.05.2006 nr. 16, serleg § 5 jf. § 13
[6] Ot. prp. nr. 42 (1991-1992), pkt. 14.5.
[7] Sjå også reglane i kommunelova kap. 6 der det mellom anna er gitt reglar for innkalling til møte mv.
[8] Det er gitt detaljerte reglar om sakshandsaminga i kontrollutvalet i kommunelova § 77, nr. 1-10 og i Forskrift om kontrollutvalg i kommuner og fylkeskommuner av 15.06.2004 nr. 905