I dag er det 150 år sidan hendinga som gjorde Henrik Krohn så kjend at det var aktuelt å kalle opp krohnargument etter han. Den 21. januar 1868 vart Vestmannalaget i Bergen skipa som det fyrste mållaget i landet. Krohn var initiativtakar og fyrste formann, og han hadde i fleire år vore heilt sentral i det veksande målmiljøet i Bergen. Det vart skipa nokre små mållag i Kristiania, Bergen og Trondheim tidleg i 1860-åra, men dei fekk eit kort liv. Vestmannalaget (januar) og Det norske Samlaget i hovudstaden (mars) vart derimot raskt både aktive og sterke lag som har halde seg i live til i dag, og det er grunnen til at 1868 vert rekna som startåret for den organiserte målrørsla.
Krohn si tilknyting til Sogndal er like gamal som Vestmannalaget. Kjøpmannen i Bergen kjøpte i 1868 fyrstikkfabrikken på Foss i lag med ingeniør M.H. Krog, og dei dreiv fabrikken dei åra han var på sitt største (og truleg på sitt mest helseskadelege) med 114 arbeidstakarar i alle aldrar. Fyrstikkfabrikken låg på tomta der Fossbygget til høgskulen, altså heimen til Krohnargument, ligg i dag. Krohn kjøpte i 1873 Stedje i Sogndal og bygde det karakteristiske tårnet på hovudbygningen.
Krohn var ein mangslungen kar – språkmann, forfattar, organisator, handelsmann, fabrikkeigar og etter kvart også ein interessert gardeigar på Stedje. Det er likevel skipinga av Vestmannalaget for 150 år sidan som har gjeve han ein plass i norsk kulturhistorie. Han døydde i 1879, 53 år gamal.
Henrik Krohn-plassen sundag 21. januar.