Kjære konfirmantar, kjære foreldre, kjære alle saman,
Eg vil starte denne talen med å sitere ein kort samtale mellom to gode vener:
«Kva for ein dag er det? – spurte Ole Brumm.
Det er i dag – svarte Nasse Nøff.
Min favorittdag! – svarte Ole Brumm»
Denne samtalen seie noko om å sette pris på kvar einaste dag, å vere til stades her og no, å nyte tida saman med andre. Eg er sikker på at denne flotte mai-dagen vil vere ein dag de vil hugse i lang tid framover
Men eg vil også bruke høve til å løfte blikket og tenke på korleis vi kan gjere fleire dagar betre. Ikkje berre for oss sjølve, med også for andre. Korleis kan vi bidra til at fleire får det godt – menneska, samfunn, dyr og naturen? Vi kan jo ikkje gå tilbake i tid og begynne heilt på nytt, men vi alle kan begynne i dag og jobbe for ei betre framtid for menneska rundt oss og for dei neste generasjonane som kjem etter oss.
Til dagleg underviser eg i ungdomssosiologi ved Høgskulen på Vestlandet her i Sogndal og eg brukar ein del tid på å fortelle studentane mine korleis dei store og dei små tinga henger saman. Korleis kan mange små menneska på mange små plassar gjere mange små ting og forandre verda? Der finst faktisk mange historiske bevis på at handlingar og tankar til ei lita gruppe menneska har vokse seg fram og ført til store endringar for heile menneskeslekta. Til dømes dei universelle menneskerettane, allmenn stemmerett for menn og kvinner, forbod mot diskriminering på grunn av etnisitet og funksjonsevne. Alle desse var uhørt fram til ei gruppe menneska var modige nok til å utfordre den gamle tankegangen. Vi må difor ikkje undervurdere handlekrafta til enkeltmenneska. Det er lett å sette seg på sidelinja og føle på at ein ikkje kan få til ei endring aleine, men når nok folk samla seg saman kan vi faktisk endre urettferd, og vi kan bygge eit betre samfunn for oss sjølve og dei rundt oss.
Kvart år kårar Oxford Dictionary, som er ein kjend organisasjon for ordbøker, årets nyord, såkalla «Word of the Year». Prisen for årets nyord i 2017 gjekk til ordet youthquake. Ordet er satt saman av to ord earthquake (jordskjelv) og youth (ungdom). Eg prøvde meg på ei norsk omsetjing her og det næraste eg kom var «ungdomsskjelv». Definisjonen på youthquake er ei betydeleg kulturell, politisk eller sosial endring som oppstår frå ungdommar sine handlingar. Youthquake refererer til at ungdom og ungdomsmedverknad er særleg viktig i vår tid. Visste de at det aldri i historia har vore fleire ungdommar enn det er i verda i dag? Korleis kan de bruke denne posisjonen til noko positivt? Korleis kan de vere med å gjere forskjell?
Eg har eit forslag til kvar vi kan starte:
For 3 år sidan kom alle verdas leiarar saman til FNs generalforsamling. 193 land var representert og dei saman blei einige om å lage ein plan for ei betre verd. Planen gjekk ut på å lage ei liste med 17 mål som vi skal nå innan 2030. Måla skal hjelpe oss med å gjere verda til ein betre stad for alle menneska, og desse måla fekk namnet «FNs Bærekraftsmål». Måla vil blant anna utrydde fattigdom og svolt, bidra til betre helse, utdanning, fred og rettferd, likestilling mellom gutar og jenter, stoppe klimaendringane og sørge for at fleire tek vare på naturen og dyrelivet både på land og under vatn.
Papiret vert signert og alle land har binda seg til å nå desse måla saman. Men kan desse måla bli nådd utan oss, menneska? Visst ikkje vi små menneska på mange små plassar gjer mange små ting kan eit papir forandre verda aleine? Svaret er sjølvsagt nei.
Sjølv om menneska i alle aldrar deler målsettinga om å skape ei bærekraftig utvikling i verda, er det faktisk den yngre delen av verdas befolkning som har mest å vinne eller å tape på om vi når FNs Bærekraftsmål. Her er vi faktisk heilt nødt til å ha youthquake med på laget.
Og her kjem mine 3 råd til korleis de kan bidra positivt til Bærekraftsmåla:
Råd nr 1: Ver eit godt medmenneske. Sei ifrå når du ser at noko er urettferdig. Sosial bærekraft er like viktig som andre bærekraftformer og betyr at vi alle har eit ansvar for fellesskapet- eit fellesskap der alle er like mykje verd! Vi snakkar om integrering og at det er ein god ting. Men da må vi også inkludere – det er eit aktivt val. Så inkluder dei som fell utanfor og ver rause med kvarandre. Kort oppsummert råd 1: Det er viktig å ha trua på seg sjølv, men det er også viktig å ha trua på andre.
Råd nr 2: Tenk på omgjevnadane dine: på naturen og dyra rundt deg. Du kan tenke globalt (på dei store FNs bærekraftmåla) og handle lokalt. For eit par dagar sida var eg ute og plukka plast i Sogndal sentrum, «Heile Noreg ryddar» var eit flott arrangement, der folk i alle aldra tok del i. For eit par veker sidan var eg på ein konferanse om bærekraft i Bergen der vi diskuterte korleis vi kan utdanne framtidige miljøagentar i skulane. Å vekke ansvarskjensla og engasjementet til å delta er nøkkelen. Alle tiltak tel! Kort oppsummert råd 2: Tenk ikkje berre PÅ omgjevnadane dine – men tenk også MED dei.
Råd nr 3: Sjå verdien av kunnskap og utdaning. De har kanskje høyrd om unge aktivisten frå Pakistan, Malala, som er ein stor forkjempar for rett til utdanning for alle barn og ungdom. I ein av talane sine sa ho følgjande: «Ett barn, én lærer, én blyant og én bok kan forandre verden». Visste du at utdanning er utan tvil eit av dei mest effektive reiskapane for å utrydde fattigdom? Fordi gjennom utdanning kan unge forbetre sin livssituasjon. Kort oppsummert råd 3: Kunnskap er som kampsport – jo meir du kan jo sterkare blir du.
Viss vi ser ned på Sogndal Kulturhus frå ein satellitt akkurat no (ein satellitt som kan sjå gjennom taket) verkar vi menneska kanskje som små og ubetydelege – men som min gode barndomsven Ole Brumm sa: «Du er modigare enn du veit, sterkare enn du trur og klokare enn du forstår».
Kjære konfirmantar, gratulerer med dagen! Gå ut i verda og gjer mange små ting, så skal de sjå at også de kan gjere viktige bidrag for menneskeslekta!