Forskar, forfattar og lærar
Førsteamanuensis Anders Timberlid har i mange år vore ein sentral fagperson ved utdanninga i samfunnsfag og historie i Sogndal. Korleis har Anders vore som lærar? Kva har han forska på? Kva har han skrive? Kva tenkjer Anders sjølv om arbeidet sitt ved høgskulen? Desse spørsmåla vert svara på i Krohn-seminaret fredag 25. mai klokka 10.00–11.30. Stad: Fossbygget, 3. høgda, rommet med glastak.
Sommaren 2018 går Anders (fødd 1951) over i pensjonistane sine rekkjer. Seminaret er ei markering av Anders sitt verke som historikar, men også ei markering som byggjer bru til vidare utvikling av utdanninga i samfunnsfag og historie i Sogndal.
Program
Gunnar Yttri
Historikaren Anders – frå lokalhistorie i Kaupanger til fylkessoga for Sogn og Fjordane
Tina Veronica Bjørk
Læraren Anders – slik ein tidlegare student ser det
Anders Timberlid
Utdanninga i samfunnsfag og historie i Sogndal. Utviklingstrekk i mi tid og perspektiv på vidare utvikling
Ordstyrar: Oddmund L. Hoel
Kollegaer, studentar og andre innanfor og utanfor høgskulen er hjarteleg velkomne!