Historikaren Anders Timberlid

Innlegg på Krohn-seminaret 25. mai 2018

Av Gunnar Yttri

Kjære Anders!

Kjære alle frammøtte til dette seminaret der me markerer at førsteamanuensis i historie ved Høgskulen på Vestlandet, Anders Timberlid (fødd i 1951), går av med pensjon. 

Historikaren Anders – frå lokalhistorie i Kaupanger til fylkessoga for Sogn og Fjordane.

Tittelen for mi vesle innleiing her i dag ringar inn starten og den førebelse slutten på Anders Timberlid sitt verke som historieforskar, som skrivande historikar. Starten var hovudoppgåva i historie ved Universitetet i Bergen frå 1978. Oppgåva bar tittelen: Den økonomiske utviklinga i Kaupanger ca 1800 – ca 1865. Den førebelse slutten var det eine bandet av fylkessoga for Sogn og Fjordane som kom ut i 2017 med tittelen Rift om brødet 1763 – 1875.

Frå 1978 til i dag, me talar om 40 år. Eg har lyst til å prøva og teikna nokre liner i Anders sitt historiske forfattarskap. Kva har vore emne, kva geografisk område er det han har fokusert, kva tid er det han har skrive om, og kva grupper av folk er det han har analysert? Kva lærdommar har han gjeve oss?

Lat meg med ein gong seia at det er ein heller omfattande forfattarskap me har føre oss. Det er godt over 10 000 sider. So viktig grunnlag for det eg legg fram i dag er ein nyleg utarbeidd bibliografi over Anders sitt arbeid. Det er det Lise Vik-Haugen, spesialbibliotekar ved det framifrå høgskulebiblioteket vårt, som har gjort (Kjelder: Cristin, Oria, NORART, Fjognedok). Bibliografien er ei litteratur- og publikasjonsliste over 6 sider, skriftstorleik 9.

Lat meg få byrja med å tala om stadene Anders har skrive om.

Kaupanger, bygda der Anders hadde sin barndomsheim og vaks opp, er nemnt. Bygda var tema for hovudoppgåva, men det har også kome fleire artiklar med tema frå Kaupanger, husmenn og godseigar, om skogbruket, om den første fagforeininga, om Kaupanger hovedgård, og endeleg i 2012, band 2 i Sogndal bygdebok om Gods, gardar og folk i Kaupanger sokn.

Kaupanger er ei fantastisk spanande bygd rik på historie. Men det er likevel berre ein liten flik av Anders sin forfattarskap som omhandlar Kaupanger.

Det området og det samfunnet som kanskje har fått aller mest av Anders si merksemd er Gaular i Sunnfjord. I tida frå 1990 til 2000 kom det i alt sju omfattande bygdebøker for Gaular. Dei tre første var sokalla kultursoger dekkande tidsrommet frå dei eldste tider til 1990, dei fire siste var gards- og ættesoger. Og medan Anders dreiv med det store Gaular-prosjektet skreiv han fleire artiklar med tema frå Sunnfjord. Det kunne vera om kyrkja i Gaular i mellomalderen, om eldre herskapshus eller om bønder og øvrigheit på 1700-talet.

Lokalhistorisk arbeid kan også handla om slektsgransking, grunnlaget for den sokalla ættesoga.  Dei som driv slik gransking kan verta både skuffa og glade, og ofte overraska. I 1989 skreiv Anders i avisa Firda at sunnfjordingane i deler av opphavet eigentleg var spanjolar. I alle fall reiste han spørsmål om det rann spansk blod i årane deira.

Industristaden Høyanger, der Anders har budd og etablert familie i sitt vaksne liv, har vore tema i fleire skrifter saman med nærliggjande bygder. Han har skrive lagssoga for Høyanger Ungdomslag, han har skrive om emigrantane frå Lavik prestegjeld og om unike gardsarkiv på Kyrkjebø. Ikkje minst har han teke føre seg motsetnader i industribygda,  anten det var kampen om ungdommane som vart rivne mellom Valhall og Folkets Hus, eller det var det klassedelte samfunnet som gav grunnlag for to idrettslag: Høyanger idrettsforening og Falken i perioden 1917 til 1957. Anders har vore redaktør for Årbok for Høyanger. Fleire artiklar kunne ha vorte nemnt,  men to-bandsverket Vatnet, verket og byen:  Høyanger 100 år 1915 – 2015, skrive saman med Martin Byrkjeland til hundreårsjubileet for Høyanger, er den store sluttsteinen i dette arbeidet.

Sogndal fekk tre omfangsrike bygdebøker frå Anders si hand i tidsrommet 2007 til 2012. Sogndal har i tillegg vore ramma for artiklar om stølsbruk og om helsestell. Artikkelen «Fødde bak Domus» omhandla sjuke- og fødestova i Sogndal gjennom fleire tiår.

Hyllestad kommune feira 150 år i 2011 låg det føre to artiklar frå Anders si hand, artiklar som omhandla utviklinga i jordbruket i Hyllestad etter 1900.

Anders tok tidleg steget frå lokalhistorie til regionalhistorie. Han gjorde arbeid på større geografiske område enn den einskilde bygda eller den einskilde kommunen. Ei større historisk undersøking av utmarksbruket i indre deler av Telemark, Agder og Rogaland kom i 1980, året etter var han redaktør for ei bok om Husmannsskipnaden i Sogn og Fjordane. I 1984 var jordbruket i Øvre Telemark 1865 -1970 tema, og det kom fleire artiklar om det gamle jordbruket på Vest- og Sørlandet.

Anders sine store kunnskapar om det gamle jordbruket og dei gamle driftsformene, har ført han inn i samarbeid med andre fagdisiplinar, og feltet natur- og miljøhistorie. Han har publisert arbeid om den tradisjonelle vestlandsgarden saman med landskapsplanleggjarar og naturvitarar. Og han har vore med i nasjonale og internasjonale miljøhistoriske studiar som jamførte Noreg og Skottland og reiste spørsmålet om driftsformene i landbruket kunne forklara forsuring av vassdrag. Dette arbeidet førte han fram til doktorgraden, dr. philos. ved Universitetet i Bergen i 1992.

Anders har altså skrive om fleire stader og innanfor ulike emne. For historikarar er det gjerne slik at om ein vil leva av skrivinga so må ein kunna skriva om ulike tema og ulike periodar. Men lat meg likevel prøva å nemna nokre emne som går att i denne store produksjonen.

Geografisk so omhandlar mange av arbeida Vestlandet og fylket Sogn og Fjordane, og fleire område i dette fylke. Fleire av dei største arbeida til Anders set lys på tida frå 1750 og fram mot 1900, altså før den moderne industrialiseringa av våre samfunn, men perioden for viktige demokratiske omveltingar, i Europa og i Noreg.

Jordbrukssamfunnet og dei gamle driftsformene der er definitivt eit spesialemne hjå Anders. Dei økonomiske vilkåra og den sosiale lagdelinga vert stadig sett under lupa. Eit spørsmål som stadig skal svarast på er: Korleis var det mogleg i brattlente, tungvinte vestlandsbruk å brødfø eit stadig aukande tal personar? På kysten låg svaret gjerne i kombinasjonen fiske og jordbruk. I indre fjordstrøk låg svaret gjerne i eit intensivt utmarksbruk. Dei finmaska detaljane og variasjonane i dette vestlandske mange-sysleriet – det er Anders si leikegrind.

Arbeidet hans er gjennomsyra av djup respekt for all kunnskapen og ikkje minst slitet som låg i det gamle jordbruket, eit jordbruk som trass eit vanskeleg, stundom nærast umogleg  utgangspunkt,  gav levebrød til so mange. I fylkessoga for Sogn og Fjordane so syner og dokumenterer Anders korleis det var mogleg at deler av dette landbruket hadde større buskapar enn flatbygdene på Austlandet.

Anders har  skrive kunnig og balansert om elitane, anten det var fylkesmann Joachim de Knagenhjelm (1727-1796) i Kaupanger, presten, ordføraren, stortingsmannen og folkeopplysaren Niels Griis Alstrup Dahl (1778-1852) i Eivindvik, eller industrimannen og ingeniøren Sigurd Kloumann (1879 – 1953) i Høyanger. I portretta av desse personane får Anders fram viktige sider ved samtidas politiske og økonomiske historie og han får også fram at einskildpersonar, uansett materielle og kulturelle strukturar, kan gje historia ei ny retning, eit nytt innhald.

Men i handsaminga si av det gamle jordbruket, der Noreg materielt sett var eit fattig land,  er Anders oppteken av dei som var vanskelegast stilte, dei som var lågast på rangstigen. Kvardagen til ein historielaus, heiter ein artikkel frå 2000. Anders har synt fram dei usynlege, og han har gitt røyst til dei tagale.

Dei vanskelegast stilte får Anders si største merksemd, anten det var husmenn i ein godseigarøkonomi i Sogn, husmannsstellet i heile Sogn og Fjordane, eller det var kvinner som måtte flytta frå heim og småbarn i Sunnfjord for å tena som ammer for borna til rikfolk i byen. Han er oppteken av emigrasjon og flytting, dei vanskelege oppbrota som kjem av umoglege økonomiske tilhøve og den sterke sosiale lagdelinga.

Dette sveipet gjennom Anders sitt arbeid kan ikkje yta verken mannen eller verket full rettferd. Eg har nemnt lokalhistorie og fylkeshistorie, eit spekter av ulike bygdesoger, Vestlandet og jordbruket, miljø- og naturhistorie, elitar og fattigfolk.  Men han har skrive langt meir enn det eg vinn nemna.

Den siste og lange linja eg likevel ser i Anders sitt arbeid er at det har vore ei fin utvikling i arbeidet heilt fram mot 2018. Det har vore stigning i programmet. Kanskje var det det omfattande arbeidet med Gaular soga på 1990-talet som gav eit større og djupare grunnlag for satsinga på 2000- og 2010-talet?

Anders har i alle fall fullført tre store verk på 2000-talet og i vårt eige tiår. Det er verk som ruvar og  som går inn i viktige samanhengar. Lat meg nemna dei tre største. Høyanger-soga som kom i to-band i 2015 som omhandlar den særmerkte industribygda der han sjølve lever og bur saman med familien.

Soga om Sogn og Fjordane som kom i 2017. Dette sogeverket er fullendinga av eit verk som historikarar i og frå Sogn og Fjordane har snakka om og hatt vyar om sidan 1980-åra. Men det var historikar-miljøet ved vår høgskule og med Anders i den faglege frontlinja som gjorde det.

Lat meg til sist nemna bygdebøkene for Sogndal. Dette var fullendinga av eit verk som Per Sandal (1942–2005), ein av pionerane ved lokalhistoriestudiet  ved Sogn og Fjordane distriktshøgskule, byrja på. Per Sandal gav ut Allmenn bygdesoge for Sogndal i 1986, og fleire bygdebøker var i emning og var lova. Men Per Sandal, lokalhistorisk pioner og kapasitet på nasjonalt nivå, vart stadig meir prega av sjukdom og fekk aldri fullført det lovande arbeidet sitt om Sogndal. Då Per døydde i 2005 etterlet han seg eit omfattande materiale som Anders kunne byggja på. Bygdebøkene som kom frå Anders si hand i åra frå 2007 til 2012 var slik også fullendinga av eit arbeid Per Sandal og høgskulen hadde lagt mykje i.

Lat meg heilt til sist nemna tre lærdommar frå Anders. Dette er ikkje lærdommar som ein lett kan lesa ut av dei dryge 10 000 sidene mannen har skrive. For historikaren er meir enn skrifta. Det er lærdommar som spring ut av Anders i arbeid, kall det gjerne lærdommar frå historikaren i praksis.

Det eine er at historiefaget ikkje er ein eksakt vitskap. Framstillinga me lagar vil verta prega av kjeldene me har til rådvelde, men også av historikaren som skriv. Og ofte er det slik at me ikkje kan vita nøyaktig kva som har skjedd i fortida. I mangel på sikre kjelder vil ein gjerne operera i eit usikkert rom, eit rom for det sannsynlege, men der den kunnige historikaren ved kritisk gransking av eit spekter av ulike kjelder, ved å sjå store og små samanhengar, og ved kjennskap til menneskenaturen, likevel kan makta å laga truverdige og fagleg gyldige framstillingar. Når ein står på slik usikker grunn so er det ei  formulering eg har lært av Anders (og som eg veit at han sjølv har henta frå lokalhistorikaren Anders Ohnstad (1911 – 2007) i Aurland) at ein kan nytta: «Det ligg nær å tru at…».

Den andre lærdommen frå Anders er at for den gode historikaren so er det grunnleggjande viktig å ha godt lag med folk og å vera audmjuk og kritisk til kunnskap anten kunnskapen kjem frå lek eller lærd. Kanskje er dette særleg viktig i eit fylke som Sogn og Fjordane, der mange bygder og kommunar fløymer over av lokalhistorikarar og historieinteresserte. Det er rik ein flora av nye sogeskrift kvart einaste år og i lokalavisene er det stadig verdfulle lokalhistoriske bidrag. Om det fanst ein verdsmeisterskap i lokalhistorie pr. innbyggjar so ville dette fylket kvart einaste år herja i toppsjiktet.

Lat meg nemna to døme der Anders sitt blikk for kunnskap og gode lag med folk har vore viktige. Guttorm Aaberge (bestefaren til Tone Damli) som døydde i 2017, men som i si levetid bygde opp Aaberge planteskule, hadde djupe innsikter om gamle driftsmåtar i jordbruket. Studentar i følgje med Anders fekk ikkje berre sjå på dei rike reiskapssamlingane ved Sogn folkemuseum. Guttorm synte i praksis korleis eldgamle reiskapar vart effektivt nytta. Me talar om reiskapar som har vore i bruk i Noreg heilt tilbake til vikingtida.

Lat meg også få nemna Berit Selseng, i si tid utdanna ved lokalhistorie i Sogndal og mangeårig registrator ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Berit sine kunnskapar og evne til å lesa gamle kjelder i gotisk skrift, har vore ei gullgruve for fleire historikarar. Berit har i mange år tilrettelagt eit omfattande materiale for historikarar. Kunnskapane om gotisk skrift og effektiviteten i tolking og framstilling er formidable. I lokalhistoriske krinsar er ho ei levande legende. Det er vanleg for historikarar å takka for gode tenester i føreordet til bøkene. Men Anders gjorde noko meir. Han verdsette Berit sitt arbeid på eit vis som tidlegare ikkje har vore gjort og gav det ny status. Bygdeboka for Sogndal i tre band står oppført med to forfattarar: Jan Anders Timberlid og Berit Selseng.

Den siste lærdommen er at historikaren aldri skal servera desserten før hovudretten er eten opp. For historikarar med faglege ambisjonar og samfunnsansvar betyr dette til dømes at ein ikkje tek oppdrag der oppdragsgjevar berre vil ha desserten. Oppdragsgjevarar veit ofte kva dei vil ha, men den kunnige historikaren må også vita kva oppdragsgjevar treng.  I bygdesogene vil desserten gjerne bestå av gards- og slektssoge. Men  Anders si løysing av Gaular-soga synte veg. Før det vart skrive om ein einaste gard eller ei einaste slekt i Gaular, so fekk dei over 1000 sider med kultursoge i tre band.

Tilsvarande gjaldt fylkessoga: Visst bidrog Anders og dei andre historikarane aktivt med føredrag og formidling i heile fylket i samband med 250 års jubileet til Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2013. Men noko glansa festskrift til dette året fekk ikkje fylkeskommunen.

Derimot serverte rektor Berit Rokne ved Høgskulen på Vestlandet det store firebands-verket om Soga om Sogn og Fjordane til fylkesordførar Jenny Følling på ei høgtidleg tilstelling i Sogn og Fjordane fylkesting i Florø i oktober 2017. Det var ein hovudrett der Anders Timberlid var ein av dei ansvarlege meisterkokkane.

Takk for merksemda!