Forfattar av innlegget er Sigrid Skjerdal
Vi har kryssa havet og skillelinja på vegen i ein Ford Transit Connect, 2005-modell. Utvekslinga til Skottland byrja med ei utvikling i køyrekunnskapar, på dei breie motorvegane i Tyskland og Nederland. I Amsterdam venta Englandsbåten på oss, og tok oss til Newcastle. Inn på ferja på venstre side, og ut att på høgre. Eller vent, omvendt! Det høyres kanskje ikkje slik ut, men det gjekk overraskande bra å halde seg på den andre sida av vegen. Til og med gjennom dei sju (!) rundkøyringane vi måtte forsere for å komme oss ut av Newcastle og vidare inn den britiske landsbygda.
Vi kunne droppa heile denne tredagars reisa med bil og båt frå Norge til Skottland til fordel for ein flytur til Inverness og ein times togtur til målet, Fort William. Då vi nærma oss den vesle bygda på storleik med Sogndal vart det likevel klart for oss at bilen kjem til å bli ein verdsett og trufast følgesvein i det skotske høglandet. Nett som heime i Sogn er det knapt med kollektivtrafikk, og så utruleg mykje å sjå utanfor dei lagte rutene. Berre køyreturen frå det flate engelske landskapet til Loch Lomond der fjella byrja å reise seg kring oss, synte at det var verd det. Det haustfarga landskapet og dei einslege kvite gardshusa langs elva ned mot Glencoe ved vestkysten slo spikeren i kista og vi gløymte dei femti punda vi akkurat hadde brukt på å fylle diesel på kjerra.
Som de sikkert har skjønt, har Fort William mange likskapstrekk med Sogndal. Det er omlag like mange mennesker i den vesle byen som heime. Vakre fjell (som regel innhylla i skodde) omkrinsar fjorden som byen ligg i enden av. Folk går med skaljakke og tursekk på butikken. Bilane har syklar og kajakkar på taket, og klistremerker det det står “climb Scotland”. Etter ei knapp veke som innbyggarar av denne vesle byen, kan vi likevel sjå ein par små skilnadar. Høflegheiten og openheiten er slåande. Ikkje at folk i Sogndal ikkje er hyggelege, men de veit, vi nordmenn tenker oss gjerne om nokre gonger før vi går bort og rekker handa ut til ein framand. I Fort William helsar folk på veg til butikken, og medstudentar som ser at vi er nye presenterer seg og er interesserte i kven vi er og kvar vi kjem frå. Dette kan både vere fordi vi er rare utlendingar, fordi skottar er generelt vanvittig hyggelege, eller fordi universitet har omlag ein fjerdedel så mange studentar som i Sogndal og alle kjenner alle. Eg lovar å melde tilbake når vi kjem djupare inn i desse årsakene.
Vi går på University of Highland and Islands, West Highland College, School of Adventure Studies. Det er rundt 120 studentar delt på dei fire åra graden går over. Kvar student har allereie fått utdelt ein akademisk kontakt, som vi kan spørje om alt frå referansar til kvifor karakterar går i dass. Dei kallar det Personal Academic Tutor, og eg tykkjer det er heilt genialt. Har du aldri studert før og ikkje kan greia med akademia, så kan denne personen vere redninga. Førelesarane er svært tilgjengelege og pratsomme, og verkar genuint opptekne av å få studentane gjennom graden sin. Det har også å gjere med at nokre studentar er veldig unge når dei byrjar, nokre er enno 17 år.
Dei første dagane har gitt oss grundig innføring i det reint praktiske med å gå på universitetet. No byrjar skulelivet, og det ser vi veldig fram til. Vi har førelesningar kun to dagar i veka, og dei tre siste dagane er satt av til sjølvstudium og praktiske kurs i aktivitetar som klatring, padling, sykling, vandring og førstehjelp. Konkrete sertifiseringar innan aktivitetar er prioritert svært høgt ved School of Adventure Studies, og ein får tildelt eit visst tal credits (eller pengar) du kan bruke på å delta på kurs. Denne delen veit vi ikkje så mykje om enda, men det blir spennande å utforske!
Fort William er eit sentrum for opplevingsbasert turisme i høglandet. Det er enden på vandreruta West Highland Way, og Skottland sitt høgste fjell, Ben Nevis, ligg rett over åsen bak huset vårt. Ved foten av fjellet startar dalen Glen Nevis, der ikoniske Braveheart vart spelt inn. Det er også der den, i følge min generasjon, like ikoniske rumpeldunk-kampen i den første Harry Potter-filmen vart tatt opp. Den der brua toget i Harry Potter-filmane køyrer over, ligg også like borti høgget her. Så turistar er det nok av, og folk som kan masse om turisme er det også mykje av. Vi har tenkt å få med oss så mykje som mogleg, både av kunnskapen, attraksjonane, fjella, stiane og kyrne.