Innlegg på lanseringseminaret for «Norsk språkhistorie» (I–IV), Nasjonalbiblioteket i Oslo 22. januar 2019 (program)
Mitt kapittel i band 4, Tidslinjer, dreiar seg om den 91 år lange unionstida med Sverige. Perioden er ei paradegrein i norsk språkhistorie, med kjendisar som Henrik Wergeland og P.A. Munch, og ikkje minst Knud Knudsen og Ivar Aasen. Eit relevant spørsmål er om det i det heile er mogleg å seie noko nytt om det gjennomforska 1800-talet i norsk språkhistorie på 80 sider.
Min spissformulerte påstand skil seg nok iallfall frå biletet mange har av unionstida i norsk språkhistorie: På desse 91 åra skjedde det knapt noko vesentleg.
Talemålet i Noreg i 1905 var i all hovudsak likt det talemålet som ein kunne høyre i 1814. Rett nok klaga folk gjennom 1800-talet på det store forfallet i dialektane, men eg tviler på om særleg mange hadde greitt å høyre skilnaden om me hadde hatt lydbandopptak frå 1814 og 1905. Altså: talemålet stod i ro.
Kva så med skriftmålet?
Det trengst eit trena auge for å sjå den språklege skilnaden på dei to tekstutdraga. Båe er starten på talar haldne i to nasjonale krisesituasjonar – den fyrste av sokneprest Harald Ulrik Bøyesen i Lærdal 18. mars 1814, prenta same året, den andre er Fridtjof Nansen si 17. maitale frå 1905, prenta i Aftenposten dagen etter. Det einaste språklege draget i 1814-teksten som fortel oss at det er frå byrjinga av 1800-talet, er Slaverie med e. Sameleis manglar teksten til Nansen e-en som markerer vokallengd (det står ikkje maae, seer, slaae, eene). Men meir er det ikkje som skil. Folk las og skreiv i all hovudsak det same språket her i landet i 1905 som i 1814, sjølv om det hadde skifta namn 3–4 gonger på vegen.
Den indre språkhistoria, endringane i sjølve språket, kan altså ikkje by på særleg mykje action gjennom 1800-talet, dei store endringane er det den ytre språkhistoria som har å by på – språket sin posisjon i samfunnet og språkpolitikken. Bandredaktør Nesse var tydeleg på at alle kapittel i band 4 skulle ta føre seg både indre og ytre språkhistorie. Denne enkle formaninga var viktig – det tvang nettopp fram at blikket måtte lyftast frå det språkpolitiske elitenivået til det allmenne språkbruksnivået.
Når det gjeld talemålet, snakka det store fleirtalet (godt over 90 prosent) bygdedialektar som var temmeleg stabile gjennom 1800-talet. Då skjedde det litt meir i byane. Den sterke urbaniseringa gjennom hundråret gjorde dei største byane til språklege smeltediglar der tilflyttarar med ulik dialektbakgrunn møttest og bydialektar med nokre særmerke, gjerne kompromissformer, tok form. På toppen av samfunnet fekk 1814 den konsekvensen at Danmark-Noreg slutta å vere ein felles arbeidsmarknad for embetsmenn og andre sosialt høgtståande yrkesgrupper. Dei med dansk som morsmål døydde ut, og den dansknorske blandingsdialekten som var daglegspråk i dei øvre sosiale laga, «den dannede dagligtale», fekk auka prestisje, samstundes som varieteten òg fekk ei meir einskapleg form. Det vart seinare normeringsgrunnlaget for riksmål/bokmål, m.a. etter iherdig arbeid av Knud Knudsen.
Påstanden ovanfor var at skriftspråket stod i ro frå 1814 til 1905. I eldre språkhistorier (som Vemund Skard: Norsk språkhistorie) finn me gjerne framstillingar av språket til dei største forfattarane, som Wergeland, Ibsen og Bjørnson, og viktige verk som eventyra til Asbjørnsen og Moe. Det har nok bygt på ei førestilling om at denne typen skribentar og tekstar har normdannande effekt, og det var uansett ikkje mogleg å telje ordformer analogt i større mengder tekst. Problemet er at slike nærstudium av språklege pionerar gjev inntrykk av større endringar enn det faktisk var.
Sidan me no står i Nasjonalbiblioteket, vil eg dra fram at den omfattande digitaliseringa av samlingane har gjort det mogleg å telje i kva grad nye former faktisk fekk gjennomslag i vanleg språkbruk, det vil i dette tilfelle seie i avisene, altså i redaksjonelt normert avisspråk. Eit døme:
I dette tilfellet er det målt på kva tidspunkt eit utval former som vart tillatne (som valfrie) i 1862 slo gjennom i vanleg bruk i norske aviser. I boka er same metoden nytta for ei rekkje andre former.
Skriftspråket var altså i hovudsak det same i 1905 som i 1814, men det ser heilt annleis ut, som desse døma på handskriven og prenta tekst i 1814 og 1905 viser (illustrasjonar frå boka):
Latinsk skrift erstatta gotisk, og dei teknologiske revolusjonar gjorde skrifta til eit industrielt massefenomen med store verknader for samfunnslivet. Det er skildra i ein eigen bolk.
I norsk språkhistorieskriving har 1814 gjerne stått fram som ein parentes på vegen fram til språkdebatten i 1830-åra då det endeleg byrja å skje noko substansielt. Den kulturhistoriske tilnærminga i språkhistorieforskinga gjennom eit par tiår har oppvurdert 1814 som periodeskilje også språkhistorisk. Då Stortinget i 1814 kalla språket «det norske Sprog» i grunnlova, råkande kalla «det språklege kuppet» av Øystein Sørensen, utforma Stortinget i røynda ein norsk språkpolitikk med vidtrekkjande følgjer. Norske styresmakter la i 1814 til grunn at skriftspråket i like stor grad var norsk som dansk eigedom, det var utvikla i fellesskap, og nordmennene hadde like stor rett til å kalle det norsk som danskane hadde til å kalle det dansk. Den politiske og praktiske konsekvensen av dette synet var at norske styresmakter og språkfolk meinte dei hadde ein sjølvsagt rett til å normere skriftspråket uavhengig av Danmark.
Utviklinga av den historisk-komparative språkvitskapen og styrken til kulturnasjonalismen gjennom 1800-talet, to høgst internasjonale fenomen, gjorde det etterkvart umogleg å forsvare det synet at skriftmålet i Noreg kunne kallast «norsk». Striden om kva skriftmålet skulle kallast, vart ein del av den seinare språkstriden – dansk, dansknorsk, skriftsproget, det almindelige Bogsprog, riksmål, bokmål. Men det viktige prinsippet om at det skulle normerast her i landet låg fast, etter kvart med eit nasjonaliseringsprogram med grunnlag i det norskdanske talemålet (danna daglegtale).
I norsk språkstrid på 1900-talet møter me på organisasjonar og demonstrasjonar med titusenvis av folk, regjeringskriser (1912), rettssaker (1950-åra) og omfattande mediedekning. Den legendariske språkdebatten mellom Wergeland, Munch o.fl. i 1830-åra var det derimot berre nokre yttarst få i eit lite elitesjikt som fekk med seg. Det er fyrst i 1860- og 70-åra me ser tendensar til språkpolitisk engasjement utanfor snevre miljø i byane, det er fyrst i 1870- og 80-åra med etableringa av partia at språkspørsmålet byrjar å bli viktig på den nasjonale politiske arenaen, og det er fyrst kring hundreårsskiftet at språkspørsmålet verkeleg byrjar å engasjere breiare lag.
Det sterkaste dynamiske elementet, drivaren bak endringane som skulle prega 1900-talet, var landsmålsprosjektet til Ivar Aasen. I 1905 var det framleis ikkje mange som skreiv landsmål (nynorsk), men skriftspråket hadde fått ein offisielt jamstelt status (1885), var legalisert i skulen slik at skulekrinsane sjølve kunne ta det i bruk, det hadde vorte ei fanesak for det statsberande partiet Venstre, og oppslutninga utover på bygdene auka raskt. Det sette den dansknorske språktradisjonen under kraftig press og dreiv fram oppnorskinga. Det skjedde i det store og heile fint lite med norsk språk gjennom 1800-talet, men frontane vart avklara og grunnlaget lagt for eit nytt hundrår prega av store endringar.
Referansar
Sjå Oddmund L. Hoel (2018). Kapittel 7. Unionstida med Sverige (1814–1905). I Agnete Nesse (red.), Norsk språkhistorie. Tidslinjer (Bd. 4, s. 363–440). Oslo: Novus. [omtale av kapittelet]