Vestlandsmelding utan blikk for Vestlandet?

Vestlandsmeldinga vart lagt fram på Vestlandskonferansen i Bergen denne veka. Eg håpar konferansen var eit par-tre hundre gonger betre enn meldinga. Det som vert kalla ei perspektivmelding for Vestlandet  verkar å ha blikket retta heilt andre stader.

Utgangspunktet for Vestlandsmeldinga er godt. 1 500 leiarar, politikarar, gründerar og studentar var samla i Grieghallen. Ein møteplass i verdsklasse, heiter det på konferansesida.  Dei og me som ikkje var der treng presise og tydlege skildringar av samfunn og folk, verksemder og institusjonar. Eg er samd.

– Vi som lever liva våre her på Vestlandet treng eit tydleg bilete av kva for ressursar og moglegheiter som finst i vår region. Vi må vite kva vi har,  skriv arrangøren med Sparebanken Vest i brodden.

Det vil også vera slik at når utgreiingar kjem frå departement eller utgreiingsverksemder i hovudstaden, so ligg det nær for vestlendingen å klaga på «Oslo-makta» og manglande forståing for både folket, naturen og verdiskapinga.

Eg har lest mange utgreiingar skrivne i hovudstaden dei siste åra, særleg om høgare utdanning og forsking.  Men eg kan ikkje hugsa å lese noko so mangelfullt om høgare utdanning som det som kjem fram i Perspektivmeldinga for Vestlandet. Høgskulen på Vestlandet med sine fem l campus i Førde, på Stord, i Haugesund, i Sogndal og i Bergen, er på kartet over Vestlandet viska heilt vekk og redusert til eitt einaste campus på Vestlandskartet (s. 85). Du kan gjetta kva for campus som er kome med.

«De store utdanningsinstitusjonene på Vestlandet er i hovedsak lokalisert i Ålesund, Bergen og Stavanger», heiter det i Vestlandsmeldinga (s. 84).

Hadde eg skrive på engelsk hadde eg kalla slike setningar for «RUBBISH!». Men på sakleg norsk; dette er i beste fall upresist og det er i alle fall utdefinerande for studiestader som Molde, Volda, Sogndal,  Førde, Stord og Haugesund. Litt enkelt grunnlagsarbeid ville også ha gjort det klart at Ålesund ikkje ein gong er største studiestaden i Møre og Romsdal.

På forskingssida har ein dertil prestert å utelata Vestlandsforsking i Sogndal,  medan NORCE og SINTEF sine ulike kontor synest alle å ha kome med.

Me har altså med ei Perspektivmelding for Vestlandet å gjera, som på den eine seier at det er grunnleggjande viktig å få fram kva me faktisk har. På den andre sida dekkjer den same meldinga aktivt over det som faktisk finst.

«Viktig kunnskap og kompetanse lekker ut av Vestlandet» heiter det i meldinga. Etter mykje å døma er meldinga eit aktivt bidrag til at lekkasjen skal verta minst like stor som i dag.

For om me ikkje sjølv syter for presisjon og heilskap i skildringa av Vestlandet, so kan me verta vanskelege å få auga på for andre.