Det har lenge vore arbeidd med å dele forsking gjennom open publisering og open tilgang til publisert forsking. På same måte jobbar Universitets- og høgskulesektoren nasjonalt med å dele læringsressursar fritt med alle aktørar i sektoren – altså open utdanning. Dette vil sikre at vi kan jobbe smartare og betre for å sikre god kvalitet på læringsressursar, som vi alle veit er svært arbeidskrevjande å utvikle og lage. Deling av læringsressursar vil gje både fagtilsette og studentar tilgang til eit utval av læringsressursar som kan nyttast og tilpassast lokalt.
Nasjonal delingskultur
UHR-Helse og sosial som er ei nasjonal fagstrategisk eining for helse- og sosialfaga har gjennom 2019 hatt open utdanning som hovudtema. Det er eit stort behov for ein nasjonal delingskultur på utdanningsfeltet vårt. Dei helse- og sosialfaglege leiarane er samstemte i å satse på deling. Vi er alt i gang med deling knytt til nasjonal praksisrettleiarutdanning. Eit anna framifrå døme er LOVU-prosjektet styrt av Universitetet i Sørøst-Norge. Prosjektet siktar mot nasjonal deling knytt til felles læringsutbytte i Forskrift om felles rammeplan.
LOVU-prosjektet vart presentert for Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap sine tilsette og studenttillitsvalde denne veka. Her fekk vi høyre om utvikling av ein lærings- og vurderingsbank for dei felles læringsutbytta for helse- og sosialfaga. Høgskuletilsette over heile landet vil samlast til eit større arbeidsseminar i Drammen i april. Det blir særs spennande å sjå resultatet av denne store satsinga som DIKU har gitt midlar til. Det er god grunn til satsing. Den store omlegginga for helse- og sosialfaglege utdanningar på alle nivå gjennom RETHOS-prosjektet gir behov for betre utnytting av kompetanse og ressursar nasjonalt gjennom deling.

Digitale læringsressursar på tvers
Vi har fleire plattformar for deling både nasjonalt og lokalt. Gjennom Canvas Commons er det no nasjonalt delt ein innhaldsrik ressursbank for undervisningsopplegg for sektoren sinne praksisrettleiarar. Her finn de «Ressursbank for praksisveilederutdanning for helse- og sosialfaglige utdanninger»
DLR er ein nasjonal plattform for digitale læringsressursar. Plattforma gjer det enkelt å nytte dei same læringsressursane fleire stadar, på tvers av emne, program, system og institusjonar. Høgskulen på Vestlandet er ein av dei institusjonane som har kjøpt seg inn i dette systemet. Fakultet for helse- og sosialvitskap arbeider målretta med å legge inn læringsressursar her. Det er fyrst når sektoren aktivt tar i bruk plattformane for deling at vi haustar av ein reell delingskultur. Ved aktiv bruk og kloke tilpassingar i møte med studentane, kan vi ved ein slik arbeidsmåte verkeleg løfte utdanningskvaliteten lokalt og nasjonalt. Grunnlaget vil vere at tilsette i universitets- og høgskulesektoren vert med på samskaping av digitale læringsressursar.