Skikka for yrket?

Erfaringar frå arbeidet som skikkaansvarleg ved HiSF 2006-2015

Av Anne-Grethe Naustdal

 

Skikkavurdering  er eit viktig virkemiddel for å sikre at utdanningsinstitusjonar utekseminerar kandidatar som innfrir forventningar samfunnet stiller til profesjonelle yrkesutøvarar. Å vurdere om ein student er skikka til yrket vedkommande utdannar seg til,  omfattar ei vurdering av både faglege og personlege føresetnadar. Forskrifta om skikkethetsvurdering har klare kriterium ein skal vurdere etter. Samstundes er det naudsynt å utøve skjønn i vurderingane.  Å utøve skjønn i høve studentane sine personlege eigenskapar i høve dei kriteria yrkesprofesjonen krev,  er eit ansvar utdannings-institusjonane er pålagt og som må utførast på best mogleg måte av omsyn til alle involverte partar. Formålet med innføringa av skikkavurderinga er omsynet til «den svake part»; ein ynskjer å hindre at born, elevar, pasientar og brukarar av ulike velferdstenester skal møte yrkesutøvarar som ikkje er skikka for det arbeidsområdet dei vil utdanne seg til. Det er også ei bjørneteneste å la studentar utdanne seg til eit yrke dei med stor grad av sikkerheit ikkje vil fungere i.

Continue reading «Skikka for yrket?»

Refleksjonar om undervisning, oppfølging og rettleiing av studentar

finn_small

Forfattar: Anne-Grethe Naustdal

Resultat frå Studiebarometeret 2014 frå NOKUT – Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning – er lansert. Nasjonalt syner resultata at det er mest misnøye frå studentane knytt til undervisning, oppfølging og rettleiing. Dei nasjonale funna gjev grunn til refleksjon. Continue reading «Refleksjonar om undervisning, oppfølging og rettleiing av studentar»