Mange av oss har i barndommen fått innprenta den viktige lærdommen om at ein ikkje ropar «ulv!» utan at ulven er der. Gjetarguten i Æsops fabel lærte dette på den harde måten ved å misse alle sauene sine til ulven. Den frydefulle gleda over å kunne få alle i landsbyen til å kome springande berre han ropte dette eine enkle ordet, var uimotståeleg for han. Han ropte og ropte, til det til slutt gjekk opp for sambygdingane hans at det aldri var nokon ulv der. At dei måtte sleppe alt dei hadde i hendene og springe til hjelp, berre for å oppdage at dei endå ein gong hadde blitt lurte av eit bortskjemd barn. Den dagen ulven faktisk kom, var guten aleine. Ingen trudde han lenger.
FoU- basert undervisning: Kritiske merknader
Kva vil det seie at undervisning er FoU- basert? Er FoU- basert undervisning eit gode det ikkje kan bli for mykje av? Korleis heng kravet om FoU- basering saman med andre endringar i høgare utdanning? Basert på nokre refleksjonar i forkant av eit personalseminar ved eigen arbeidsplass, vil eg gjengi nokre synspunkt på desse spørsmåla. Continue reading «FoU- basert undervisning: Kritiske merknader»