150-årsdag

I dag er det 150 år sidan hendinga som gjorde Henrik Krohn så kjend at det var aktuelt å kalle opp krohnargument etter han. Den 21. januar 1868 vart Vestmannalaget i Bergen skipa som det fyrste mållaget i landet. Krohn var initiativtakar og fyrste formann, og han hadde i fleire år vore heilt sentral i det veksande målmiljøet i Bergen. Det vart skipa nokre små mållag i Kristiania, Bergen og Trondheim tidleg i 1860-åra, men dei fekk eit kort liv. Vestmannalaget (januar) og Det norske Samlaget i hovudstaden (mars) vart derimot raskt både aktive og sterke lag som har halde seg i live til i dag, og det er grunnen til at 1868 vert rekna som startåret for den organiserte målrørsla.

Krohn si tilknyting til Sogndal er like gamal som Vestmannalaget. Kjøpmannen i Bergen kjøpte i 1868 fyrstikkfabrikken på Foss i lag med ingeniør M.H. Krog, og dei dreiv fabrikken dei åra han var på sitt største (og truleg på sitt mest helseskadelege) med 114 arbeidstakarar i alle aldrar. Fyrstikkfabrikken låg på tomta der Fossbygget til høgskulen, altså heimen til Krohnargument, ligg i dag. Krohn kjøpte i 1873 Stedje i Sogndal og bygde det karakteristiske tårnet på hovudbygningen.

Krohn var ein mangslungen kar – språkmann, forfattar, organisator, handelsmann, fabrikkeigar og etter kvart også ein interessert gardeigar på Stedje. Det er likevel skipinga av Vestmannalaget for 150 år sidan som har gjeve han ein plass i norsk kulturhistorie. Han døydde i 1879, 53 år gamal.

Henrik Krohn-plassen sundag 21. januar.

 

Loop-samarbeid får unge i jobb!

Den siste ukens oppslag i norske medier – om nedslående effekter av unge på arbeidsmarkedstiltak i regi av Nav – fikk meg ut av feriemodus og opp av solsenga her på Tenerife, med behov for å formidle historien om et inkluderingssamarbeid som har gitt oppløftende resultater. Loop er et nyskapende samarbeid mellom arbeidsgivere, ungdommer og Nav – med sosiale entreprenører som drivere.

Continue reading «Loop-samarbeid får unge i jobb!»

«Om kvelden åttende juledag drakk man aller voldsomst» – Julegildet på Kvåle i 1244 og konsekvensene av å «drikka jol»

Forfattar av innlegget er Førsteamanuensis i historie Pål Berg Svenungsen. 

Det går mot jul. For mange av oss er det en tid preget av mange forventninger; vi gleder oss til å kunne samles med familien, til å gi og motta gaver, og til å nyte alt av julas overflod av god mat og drikke. For mange er dessverre det siste punktet, drikke, noe som overstyrer alt annet. Jula er derfor også en høytid for vonde forventninger. For menneskene som samlet seg til julefeiring på storgården Kvåle i Sogndal i 1244, var derimot drikken en sentral del av forventingene. Selv om det også kom til å resultere i noen dårlige minner for enkelte.

Continue reading ««Om kvelden åttende juledag drakk man aller voldsomst» – Julegildet på Kvåle i 1244 og konsekvensene av å «drikka jol»»

INFORMASJONSPLIKT TIL KOMMUNESTYRET?

I Sogn avis har det i lang tid vore ei fyldig dekning av tilhøva i Sogn barnevern. Omtalen i media den siste tida gjeld ein rapport om arbeidsmiljøet i Sogn barnevern som kommunen har henta inn sjølv. Sogn avis har gitt ei brei dekning av korleis rapporten vert handtert internt i kommunen. Særskilt vert det diskutert kvifor ikkje medlemmane i kommunestyret kan få innsyn i rapporten med ein gong. Continue reading «INFORMASJONSPLIKT TIL KOMMUNESTYRET?»

Medan me ventar på valet

Klar for valnatta? Det kan ta si tid før resultatet er klart, så i ventetida er det her litt lesestoff om stortingsvala i Sogn og Fjordane etter krigen.

Valdeltakinga

Sidan 1980-åra har valdeltakinga i Noreg gått ned. Her er det likevel ei interessant utvikling om ein ser Sogn og Fjordane i høve til landssnittet og andre fylke. I 1980-åra låg Sogn og Fjordane lågt. Fylket var godt under landssnittet i valdeltaking og låg heilt nede på 16–17-plass av dei 19 fylka både i 1981-, 1985- og 1989-vala. Så hende det noko. I 1993-valet, som var dominert av EU-saka, gjekk valdeltakinga kraftig ned i heile landet, men mindre ned i Sogn og Fjordane. I vala etter det har Sogn og Fjordane stort sett hatt ei valdeltaking på landssnittet, litt under i 2009-valet og litt over i 2013-valet. Sogn og Fjordane var i 2013 på sjetteplass av fylka, så det skal bli interessant å sjå om årets val har mobilisert ekstra mykje i fylket vårt. Det er elles Akershus, Hordaland, Rogaland og Oslo som jamt ligg i toppen i valdeltaking, altså fylka med dei tettast urbaniserte områda.

Partistyrken

I 1945 var det to store parti i Sogn og Fjordane – Venstre og Arbeidarpartiet med drygt 30 prosent kvar. Venstre var det dominerande partiet i fylket i fyrste halvdel av 1900-talet, men vart gjennom mellomkrigstida i aukande grad utfordra av Arbeidarpartiet og Bondepartiet. Det store fallet til Venstre frå 1949 til 1953 kan nok primært forklarast med at Kristeleg Folkeparti då stilte liste og forsynte seg grovt med Venstre-veljarar. Bondepartiet hadde teke sin jafs av Venstre alt i mellomkrigstida. Sidan 1973 har Venstre lege kring 5 prosent i fylket med det gode 1997-valet (9 %, men ikkje mandat) som unntaket. Ser ein vekk frå 1997 var 2013-valet til Venstre elles det beste for partiet i fylket sidan 1969.

I 1945 var Venstre så vidt større enn Arbeidarpartiet, men Ap har sidan 1949 vore det største partiet i fylket i stortingsval. I år tyder meiningsmålingane på at Senterpartiet blir det største partiet i fylket, og det er å så fall fyrste gong i eit stortingsval. Ap har med eit par markante unntak lege på 30–35 prosent i fylket etter krigen. Fyrste unntaket var EF-valet i 1973, som skipla mangt og mykje i norsk politikk. I dette valet tapte båe dei to store ja-partia Ap og Høgre mykje, det relativt nye Sosialistisk Venstreparti gjorde eit svært godt val, og Sp gjorde eit av sine beste val.

Ein kunne kanskje tru at EU-valet i 1993 oppførte seg mykje likt, men det gjorde det ikkje. Ap med samferdsleminister Kjell Opseth på topp heldt stand og gjekk litt fram. Valdeltakinga var derimot uvanleg låg, så mange av nei-veljarane til Ap sat nok heime. 1993-valet vart elles eit brakval for nei-partiet Sp, som fekk inn to representantar slik partiet òg hadde gjort i 1973.

Den nedturen Ap ikkje fekk i fylket i 1993, kom i 2001 etter Stoltenberg I-regjeringa som gjorde etterkrigstidas dårlegaste val for Ap. Her i fylket gjorde Sosialistisk Venstreparti sitt sterkaste val og fekk Heidi Grande Røys på tinget som den einaset SV-aren frå Sogn og Fjordane så langt i soga. 2001-valet enda som me veit med regjeringsskifte og trepartiregjeringa Bondevik II.

Den sterkaste tendensen dei siste 20 åra er elles at Framstegspartiet er etablert som eit mellomstort parti i Sogn og Fjordane. Ved to val (2005 og 2009) var partiet større enn Høgre og fekk ein stortingsrepresentant (Åge Starheim) før Høgre kom tilbake i 2013-valet (Bjørn Lødemel).

Mandatfordelinga

Sogn og Fjordane hadde fem representantar på Stortinget frå tidleg på 1800-talet til 2013. Den nye utrekninga basert på folketal og areal gjorde at fylket i 2013 miste eit mandat. Frå 2005-valet vart eitt av distriktsmandata i Sogn og Fjordane, som i alle andre fylke, gjort om til utjamningsmandat. I 2005 og 2013 gjekk det til Venstre, i 2009 til Høgre.

Som ein ser av diagrammet, var Sogn og Fjordane-normalen lenge to mandat til Ap, eitt til Sp, eitt til Krf og eitt til Venstre eller Høgre. Slik er det ikkje lenger. Krf har mista klyppekortet på sitt mandat og kan i beste fall vona på eit utjamningsmandat, og Ap er i år, for andre valet på rad, langt unna to mandat. Etter at Høgre i 2013-valet tok tilbake veljarane som partiet i eit par val hadde lånt vekk til Framstegspartiet, er det i praksis berre Ap, Sp og Høgre som tevlar om dei tre distriktsmandata i fylket. Dei andre partia er berre med i tevlinga om utjamningsmandatet.

Veteranane

Til slutt – kven har sete lengst på tinget for Sogn og Fjordane etter krigen?

Kongen med seks periodar er Einar Magnus Stavang, Arbeidarpartiet (representant 1945–1971)

Deretter, med fem periodar, kjem ingen ringare enn Kjell Opseth, Arbeidarpartiet (1981–2001)

Fire periodar:

  • Anders J. Bøyum, Venstre (1945–1961)
  • John Austrheim, Senterpartiet (1961–1977)
  • Lars Gunnar Lie, Kristeleg Folkeparti (1985–2001)

Meiningsmålingane tyder på at to til på måndag vil koma på lista over dei med fire periodar: Ingrid Heggø (Ap) og Liv Signe Navarsete (Sp).

Kjelder 

Røystetal og mandatfordeling: pollofpolls.no.

Valdeltaking: ssb.no.

Nye studentar og politiattest

Med årets studiestart har fleire tusen nye studentar levert inn politiattest. Universitet og høgskular har viktig arbeid føre seg.

Ved studiar der studentar kan komme i kontakt med mindreårige eller andre sårbare grupper som del av praksis eller klinisk undervisning, så må kvar student legge fram politiattest. Politiattesten skal gje informasjon om alvorlige narkotika-, valds- og seksualbrotsverk, lekamsfornærming, ulovlege tvangsbrotsverk, fridomsfrårøving og vinningsbrotsverk. Saman med ordninga for skikkavurdering, skal systemet med politiattestar fungere som ein garanti. Garantien gjeld profesjonsutøvararar sine kvalifikasjonar både overfor arbeidsgjevar og over for dei brukarane profesjonsutøvaren møter.

 

Det som er spesielt med politiattestar i høgare utdanning, er at universitet og høgskular skal gjere ei skjønnsmessig vurdering av dei tilhøva studenten er sikta eller dømd for. Det er omfattande og komplekse spørsmål institusjonen skal ta stilling til: Er studentar som er dømt for seksuelle overgrep, grove voldsbrotsverk eller straffbare forhold knytt til rusmidlar/medikament rehabilitert til å ta utdanning som kvalifiserer for yrke som gir autorisasjon og fullmakt overfor barn, unge, funksjonshemma, demente og eitt vidt spekter av sjuke menneske og menneske i vanskelige livssituasjonar?

Feilvurderingar i desse sakene kan få store konsekvensar for sårbare grupper og rokke ved tilliten til kvalitetssikring ved Universitets- og høgskulesektoren generelt. Det er altså eit stort ansvar som no ligg på dekanar, instituttleiarar og institusjonane sine klagenemnder rundt omkring i heile landet vårt. I desse dagar sit dei nemleg med desse krevjande skjønnsvurderingane.

Tidlegare var det ei nasjonal nemnd for vurdering av politiattestar. Eg var i mange år medlem i denne nemnda og har slik fått ein del erfaring med å gjere denne type skjønnsvurdering. Når eg no veit at mange sit midt oppe i vurderingar av desse politiattestane ønskjer eg å minne på nokre viktige vurderingspunkt og vise til dokument for  rettleiing. Det fyrste eg vil trekke fram som viktig for vurderinga er at ein kjenner godt til reglane som gjeld for politiattestar. Det er ulike reglement i høve kva yrke studenten utdannar seg til. Elles skal vurderingane bli gjort ut i frå innhaldet i klinisk undervisning/praksisopplæring og opplysingar om dei forholda som ligger til grunn for politiattesten.

Ut i frå dette må vurderinga ta omsyn til fylgjande:

  • Kva straffbare tilhøve er merka på politiattesten?
  • Når vart dei straffbare forholda utført?
  • Har studenten erklært straffeskuld?
  • Kor mange straffbare tilhøve?
  • Fleire straffbare tilhøve innan eit tidsrom?
  • Kriminell forhistorie?
  • Noverande og tidlegare forhold til rus?
  • Alder?
  • Kor lenge blir forholdet ståande på politiattesten?

 

Den einskilde student med merknad på politiattest har ganske mange plikter. Studenten sjølv har ansvar for å legge fram all dokumentasjon som skal ligge til grunn for institusjonen si skjønnsmessige vurdering. Dette gjeld eventuell sikting, tiltale, førelegg, dom, eigen forklaring inklusiv eventuelle attestar, referansar og helseopplysningar. Dette er dokument som må lesast før ein begynner på vurderingsarbeidet.

Kvar politiattestsak må vurderast individuelt og heilskapleg. Ein må vurdere om det ligg føre tungtvegande argument for at det er uforsvarlig å la studenten delta i praksisopplæringa ved den aktuelle utdanninga.  Ein må altså konkret vurdere dei straffbare tilhøva, alvorsgrad, alder på studenten når dette skjedde, kva vedkommande har gjort i etterkant av dei straffbare tilhøva og korleis deira eiga forklaring er. Kall gjerne studenten inn til eit møte med den faglege leiinga, slik at de får møtt studenten og høyrd den direkte forklaringa og refleksjonane studenten gjer kring dette no i etterkant.

Fagleg leiing og klagenemnd ved den einskilde institusjon har eit stort ansvar for å gjere  vurderingar som sikrar at det er forsvarleg å eventuelt la ein student med merknad på politiattesten gjennomføre praksis. Det er avgjerande viktig at studentar i praksis er skikka for arbeidslivet. Mindreårige og andre sårbare grupper har like mykje rett på å bli beskytta i kontakt med studentar, som dei har overfor ferdigutdanna yrkesutøvarar. Ved vurdering av politiattestar må ein altså gjennomføre ei konkret vurdering av om studenten er skikka til å delta i klinisk undervisning eller praksisstudiar, eller om studenten si deltaking i klinisk undervisning eller praksisstudiar skal vurderast som uforsvarlig.

Dei som sit med politiattestvurderingar kan finne god rettleiing i desse dokumenta:

Klausen, Marianne et.al (2015) Politiattestnemnda si årsmelding og veileder

Felles klagenemnd (2015) Årsmelding

Høgskulen på Vestlandet (2017) Retningslinjer for behandling av politiattestsaker

 

Foto: Høgskulen på Vestlandet

Nykomlingar – i dag startar livet!

NRK-journalist Arve Uglum helsa dei nye studentane ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal 14.august 2017. Les gjerne talen nedanfor.

 

De har kanskje flytta frå ein større plass for å koma hit. De har kanskje hatt dykkar tvil om å flytta til ei liti bygd inst i ein fjord – og her står altså programleiaren i «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» og ynskjer dykk velkomne.

«Å i helsike!», tenker de no.

Men slapp av, folkens! Eg skal ikkje snakka om ein plass eg skal laga tv-program om, eg skal snakka om plassen eg bur på.

Og så skal eg snakka om dykk: Sogndalstudentane – som har gjort denne plassen så bra at eg meiner det er den beste plassen for meg å bu på. Det er her eg let ungane mine veksa opp.

For studentane har gjort noko med denne plassen, gjort han til noko langt meir enn ein kanskje kan forventa av ei bygd med under 8000 folkeregistrerte innbyggjarar.

Om du vil eta lunch ute i dag finst det faktisk eit dusin plassar å velja mellom i tillegg til ei veldig bra studentkantine. Dette dusinet plassar kan gje deg alt frå veldig god sushi til matforgiftning.

Så plassen er ikkje så liten som han kan virka som  og det er i all hovudsak dykk, sogndalstudentane, si fortenesta.

Og no har eg altså heile studentkobbelet, nykomlingar og veteranar samla framfor meg: Og eg må berre seia det – herifrå ser dykk ut som det flottaste studentkullet me nokon sinne har hatt.

For mange av dykk som står her er dette eit takk for sist. De er klare for år to, tre eller fire i Sogndal. De helsar på gamle kjende. For dykk er dette «back to business».

Men for mange av dykk er det ikkje slik. Dette har kanskje vore den første natti i livet dykkar der de ikkje budde heime hjå familien. Og all erfaring tilseier at ganske mange av dykk ikkje har sove ein augneblink i natt.  Vekke frå alt de kjenner og kan gangen i, overletne til dykk sjølv på ein plass de ikkje veit noko om og blant veldig mange fullstendig framande folk.

Dette her er ein av dagane i livet det er heilt ok å vera vettskremd. Det er faktisk meiningi de skal vera det. For å vera ute i livet åleina for første gongen er skummelt, og dei som latar som dei ikkje kjenner litt på denne frykten, dei prøver berre å lura oss.

I fjor var det fire som besvimte under velkomsttalen. Fire personar blacka ut i ein blanding av frykt, overoppheting og søvnmangel. I den anledning vil eg gjera merksam på at Røde Kors er her. Om de kjenner at knei tek til å svikta litt eller sidemannen går i bakken, så rop på dei. Dei har rutine på dette her. Det har alle her i Sogndal. Me har teke imot nykomlingar som dykk i 45 år, så me veit kva dette går i.

Uansett kor tøffe og solbrune og pene og verdensvande og uangripelege de ser ut her i dag, så veit eg at alle som ein saknar mamma eller pappa eller katten eller hunden eller bestemor eller nokon andre der heime litt i løpet av denne dagen.

Og det er ok. For snart er det jul. Då skal de heim, og då kjem de til å sakna Sogndal. Det er mykje som skal forandra seg frå no til då. De kjem til å forandra dykk. Innan den tid kjenner de dei fleste i klassen dykkar – de veit kvar det meste er her i bygdi, de skal spørja om det er noko de lurer på. Og det viktigaste av alt: De kjem til å stola meir på dykkar eigne vurderingar.

 

Det er heilt sant: Eg er far sjølv og har sett det med eigne auge: Eg sendte frå meg ein jentunge på høgskule om hausten og fekk heim ei ung dama til jul. Det var ikkje til å tru.

For i dag nykomlingar: I dag startar livet.

Erfaring fortel oss at for mange av dykk er livet å stå på ski. De skal gå i nokre månader til og venta på snøen, og så skal de til fjells og køyra på ski meir enn de nokon gong vil få sjansen til å gjera seinare i livet. Sogndal er ikkje nødvendigvis plassen eg ville valt om eg skulle på skiferie, men det er den beste plassen å bu om du vil stå på ski mest muleg. Her er det køyring i verdensklasse ti minuttar unna. De rekk ein skitur før dagens første forelesning eller etter den siste.

Nokre av dykk rekk til og med ein skitur under førelesningane, har eg sett.

Og de er i ein svært gunstig posisjon: De er midt blant veldig mange menneske de deler interesser med – som kjem til å visa dykk rundt og ta dykk med til Svartholten, Togga, Grånipa, Nonsholten, Tylderingen, Melsnipa, Skredfjellet, Lammanipa, Frudalshesten, Badnakona, Torstadnakken og så vidare og så vidare.

Og så har me dykk andre som ikkje tykkjer at bratt skikøyring i laussnø er det kjekkaste i verda – og som av og til vil bli nøydde til å forklara folk de møter at,  ja, de er sogndalstudentar, men de er ikkje så ivrige på ski. Slapp av! Det er så mykje anna å ta føre seg. Og faktisk viser det seg at det er de som er i fleirtal. Skistudentane er kanskje høgst profilerte, men majoriteten har knapt nok på seg eit skipar medan dei er i sogndal.

Det er mange openbare ting som forklarar at det kjem studentar til Sogndal sjølv om mesteparten ikkje har tenkt å stå på ski: Meieriet, konsertane og så vidare. Det får de vita om av fadrane dykkar. Det er så mange små og fine ting på ein plass som dette – ting som ikkje kostar all verdi, og som du kanskje må ha budd her ei stund for å vita om.

Oppe på Åberge – der oppe – står det ein benk i svingen med oversikt over heile bygda. Det er sjølvsagt ein plass folk kan gå til når fotballaget deira har tapt eller livet har gått deg litt i mot,  for å få fred og tenka litt, men det er og verdens beste klineplass. All erfaring tilseier at mange av dykk kjem til å klina allereie i kveld: Mitt råd er at de gjer det der oppe med utsikt over heile bygdi. Men vegen går rett forbi så lat det vere med kliningi – ikkje gå lenger.

Verdens beste bollar – Lustrabui i Gravensteinsgata. Du trur kanskje dette er skryt, men ta ein kanelsnurr så veit du kva eg meiner.

 

Er du interessert i fotballaget her i bygdi? Ta ein tur innom Sogndal Lær- og skotøy i Fjøra. På overflata er det ein skobutikk – men eigentleg er det bygdi sin kunnskapsbase for alt som har med fotball å gjera. Jakobsen senior har all Sogndal-statistikk som tenkast kan hengande på veggene på bakrommet – og Jakobsen junior og senior har alltid tid til ein fotballprat med kven som helst – og er det interessant så diskuterar dei gjerne lenge etter stengetid. Og kjøp gjerne eit skopar når du er innom. Dei er og den einaste butikken i landet som prisar ting i heile hundrelappar og ikkje 99 kroner.

Og så skal eg fortelja dykk noko som er hemmeleg, noko Sogndal Lær- og skotøy ikkje vil at de skal vita. Så høyr godt etter: På same  butikken får du kjøpt dei billigaste, heimestrikka sokkane i landet.

Det er mor til Jakobsen junior – altså kona til Jakobsen senior som strikkar dei – og ho kjem til å bli heilt fortvila når ho høyrer at eg har stått her og fortalt om dei billige strikkelabbane deira til så mykje folk. For då blir det utselt og då må ho og venninnene sitta alle kveldar og strikka fleire.

Dei kunne – slik de økonomistudentane skal læra om – ha regulert marknaden gjennom å setta opp prisane. Så vidt eg veit har dei ikkje vurdert dette.

Men eitt tiltak har dei sett i verk: Dei har teke ned skiltet der det står at dei har heimestrikka sokkar. De må spørja etter dei i kassen.

Det er summen av tusen slike ting som løftar ei husklynge til å bli eit samfunn. Eit samfunn me som bur i det kan veksa og trivast i.

Det viktigaste de har her i Sogndal er likevel kvarandre – og det er ingen liten ting skal eg sei dykk. Banda de knyter til medstudentane i tida som kjem blir det viktigaste de tek med dykk når de reiser vidare i livet.

Lat meg fortelja ei lita hemmelegheit om meg sjølv: Eg har ingen utdanning. Eg har ikkje fem minutt med universitet eller høgskuleutdanning. Og det er ikkje synd i meg. Eg tenar greitt med pengar og har ei fin karriere som mange med høg utdanning misunner meg. Men det eg stadig oftar kjenner på at eg manglar er studiekameratar – som eg ser vennene mine har. Desse folki som dei møtte akkurat i det dei tok sine første steg ut i det skikkelege vaksenlivet – og som var i ferd med å ta det same steget sjølv. Dei har dei eit heilt speseilt band til.

Eg trur det blir slik fordi de vil aldri vera likare på dei rundt dykk enn de er akkurat no. De er stort sett på same stadie i livet heile gjengen, i ferd med å gjera dei same tingi. Og der ligg et eit utruleg fundament for sterke og livslange venskap. Så lov meg at de passar på studievennene dykkar, for det er litt trist å ikkje ha akkurat den typen venner.

Ein av grunnane til at eg umiddelbart fekk lyst til å halda denne talen då eg vart spurt, var at det er ein fin anledning til å takka dykk for at de har gjort heimstaden min til ein plass det går an å bu på.

Eg har alltid vore glad i Sogndal, men om plassen og folka som budde her, hadde vore dei same som i min oppvekst hadde eg aldri i verden flytta tilbake hit og langt mindre blitt verande.

45 år med konstant tilflyt av utanbygds ungdommar har forandra denne plassen til det betre. Trangsynet, skepsisen, rasismen og fordommane har vorte merkbart mindre –  og det finst det mange bevis på.

Då eg var 19 år gamal hadde eg hår ned til hit. I følgje veldig mange i Sogndal var det bevis på at eg var homo og eller narkoman. Om eg var begge eller berre ein av delene var ikkje så nøye, for begge deler skulle straffast med juling frå folk som var betydeleg større og sterkare enn meg.

Eg ler ofte av det no, men eg kan forsikra dykk om at det ikkje var moro den gongen. For så trongsynte og dumme var mange sogndøler den gongen – for nesten 25 år sidan. Men sidan den tid har tusenar på tusenar av studentar av alle hårlengder, seksuelle orienteringar, politiske overbevisningar og hudfargar skola gjennom bygdi vår – og vaska vekk mykje dumskap og mange fordommar.

I vår kom det eit ganske sterkt bevis på at noko har skjedd i Sogndal – noko som eg vart veldig glad for på fleire måtar. For nokre år sidan flytta ein ung mann til Sogndal for å studera, og etter kvart fann denne unge mannen ut at han ville bli ei ung kvinne. Han blei advart mot å starte kjønnskifteprosessen på ein liten plass som Sogndal, men ho skreiv i vår eit innlegg i Bergens Tidende om at det faktisk gjekk heilt fint. Bygdedyret var ikkje så ille lenger. Etter eit liti stund visste alle om det, og tykte ikkje det var så forferdeleg interessant lenger. Ho fekk faktisk ingen negative reaksjonar.

Då eg las dette vart eg veldig glad  og veldig letta. Letta fordi eg trur nok at ho har vore ganske heldig med kven ho har møtt. Eg kan faktisk koma opp med ei ganske lang liste over folk her i bygdi eg kan garantera at denne studenten ikkje har diskutert kjønnskiftet sitt med ettersom ho ikkje fekk negative reaksjonar.

Men når det blei slik, så gjorde ho noko veldig smart med å skriva ein artikkel i Bergens Tidende om det ho opplevde. For denne blei sjølvsagt delt på Facebook av alle i Sogndal. Alle slo seg på brystet og sa les her! Sjå kor inkluderande og fordomsfrie me er! Dynamikken på små plassar er veldig enkel på den måten. Me elskar det når folk skryt over plassen vår. Og det folk seier når dei skryt over oss, det er alltid sant.

Så med alle desse delingane og sølvskrytet på Facebook hadde folk forplikta seg. Når me først har profilert oss som den opne og fordomsfrie bygdi, så har me til å vera det neste gong me blir utsette for noko me ikkje har vore borti før. Eg veit ikkje kva det blir, men eg veit at Karoline Skarstein har gjort det mykje enklare for den neste som må vera annleis i Sogndal.

Så takk Karoline, takk til alle sogndalstudentane som har vore – og på forhånd takk til dykk nye!

Eg håpar og trur at de på dykkar måte vil vera med og gjera Sogndal til ein endå betre plass å vera.

Lukka til med det  og takk for meg!

Den samfunnsforplikta høgskulen

På treningsfeltet i 1970-åra oppnådde det unge fotballtalentet legende-status ved å oversjå lissepasningar frå trenaren. I 2017 må ein ny og ambisiøs høgskule ta godt vare på lissepasningar.

Av Gunnar Yttri,  representant i styret for Høgskulen på Vestlandet, forskar, Avdeling for samfunnsfag, Campus Sogndal, Høgskulen på Vestlandet. Innlegget er fyrst publisert i Sogn Avis 12.juli 2017.

 

Eg vaks opp i grenda Kvam, nokre kilometer aust for Sogndalsfjøra.  I kameratflokken handla det meste om fotball. Harald  Aabrekk, det unge fotballtalentet frå Eid, vart tidleg i 1970-åra snøgt ein av dei store heltane. Talentet var udiskutabelt. Det var kraft, presisjon og tempo, og sjeldsynte tekniske detaljar.

 

Men det som verkeleg sette spor var forteljingar om dei ikkje-sportslege prestasjonane. Dei eldste i kameratflokken følgde tidt treningane til fotball-laget Sogndal. Dei rapporterte om ein unggut som kunne gjera mest utenkjelege ting på treningsfeltet. Eit døme var ei øving der ein trena på avslutningar på mål. Trenaren slo innlegg, alle spelarane avslutta etter beste evne, berre ikkje Harald Aabrekk. Om han ikkje var nøgd med innlegget let han det passera forbi, jamvel om det var opplagt for alle at han med litt innsats kunna ha nådd fram til ballen. Men kroppsspråket og blikket til 17 år gamle Harald Aabrekk var ikkje til å ta feil av. Det var trenaren som måtte ta seg kraftig i saman.

 

Kva slik åtferd betydde for trenargjerning og lag-ånd skal her vera usagt. Men i kameratflokken min var det denne miksen av formidabelt talent og anti-autoritær, bohem-aktig åtferd,  som sikra Harald Aabrekk legende-status mange år før sportslege resultat tilsa det.

 

Den nye høgskulen
Høgskulen på Vestlandet vart skipa 1.1. 2017 med Berit Rokne som rektor. Med nær 1 600 årsverk, over 16 000 studentar og eit budsjett på meir enn 1,7 milliardar kroner, talar me om ein ny og mektig samfunnsinstitusjon. Med campus i Førde, i Sogndal, på Stord, i Haugesund og i Bergen, vil Høgskulen på Vestlandet spela ei nøkkelrolle i regionen. «Høgskulen på Vestlandet skal ha eit nært samarbeid med samfunns-, arbeids- og næringsliv, og yta bidrag til regional, nasjonal og internasjonal kunnskapsutvikling.» Dette er  grunnpremissar i avtalen som ligg til grunn for den nye institusjonen.

 

Sut for høgskulen
«Høgskulen og framtida i vest» var tittelen på leiarartikkelen i Sogn Avis 24. juni 2017. Leiaren uttrykkjer uro for fylket Sogn og Fjordane sin representasjon i styre og leiing, og peikar på at det er langt fram til universitetsambisjonen kan realiserast.  I det heile har leiaren vanskar med å fina positive konsekvensar av at styret for Høgskulen i Sogn og Fjordane i juni 2016 valde å  gå inn i ein fusjon med Høgskulen i Bergen og Høgskulen Stord/Haugesund.

 

Er det grunn til uro? Er det ingen positive konsekvensar i sikte? Dette kan det vera ulike vurderingar av. Både som tilsett i høgskulen og som representant i styret har eg lyst til å koma med nokre.

 

Det nye høgskulestyret
Leiarartikkelen gir inntrykk av at  Sogn og Fjordane ikkje er representert i det nye høgskulestyret. Dette stemmer ikkje. Styresamansetjinga i inneverande periode fram til sommaren 2019 er i tråd med det dei tre tidlegare høgskulane vart samde om i fusjonsavtalen i juni 2016.  To av 13 styrerepresentantar (ein fagtilsett og ein student) er frå den delen av høgskulen som er omtala som nær-region Sogn og Fjordane. Dette er på lik linje med nær-region Stord/Haugesund, medan nær-region Bergen har fire. Dei fem styreplassane som då står att består av eksterne representantar. Også her er det lagt opp til ein viss geografisk representasjon og styreleiaren er mellom dei eksterne representantane. Styreleiar er Arvid Hallén.

 

Den nye leiarskapen
Leiaren uttrykkjer også uro for at ingen av prorektorane som er tilsette våren 2017 har bakgrunn frå Høgskulen i Sogn og Fjordane. Det er ei uro eg noko på veg deler. Men mi uro har eit anna grunnlag enn bustadadresse. Høgskuleverksemda i Sogndal og i Førde har dei seinare åra  vore inne i ei fin utvikling. Resultata innanfor utdanning  og forsking var i 2016 betre enn nokon gong tidlegare. Noko av grunnlaget er at leiarskapen har vore gjennom ei gradvis fornying og modernisering. Arbeidet har i mykje vorte leia av ein ny generasjon leiarar; målmedvitne, fagleg og administrativt dyktige, med erfaring og resultat frå nasjonale arenaer,  og med evne til å byggja ulike fagmiljø i topp og breidde.

 

Når ingen frå denne nye generasjonen leiarar vert del av det nye rektoratet, kan ein gjerne stilla spørsmål ved fornufta i dei interne prosessane. Ein kan lett verta mismotig. Det er i det heile eit vanskeleg trekk ved samanslåinga at fleire leiarar som kvar for seg gjorde godt arbeid som topp-leiarar i dei tre tidlegare høgskulane, ikkje vert del av det første rektoratet. I det generelle gjeld ikkje dette berre Sogn og Fjordane, det gjeld også Bergen og Stord/Haugesund.

 

Som styremedlem i Høgskulen på Vestlandet er eg likevel nøgd med å ha tilsett tre prorektorar med solid leiarerfaring frå dei to andre fusjonspartnarane.  Frå 1. august 2017 er  Bjørg Kristin Selvik prorektor for utdanning, Gro Anita Fonnes Flaten er prorektor for forsking, og Liv Reidun Grimstvedt er prorektor for samhandling.  Prorektorane har i tillegg til fagleg ansvarsområde for heile institusjonen også eit særskilt geografisk ansvar. Bjørg Kristin Selvik er i tråd med dette prorektor i nær-region Sogn og Fjordane, Gro Anita Fonnes Flaten for nær-region Bergen og Liv Reidun Grimstvedt for nær-region Stord/Haugesund.

 

Dei fire fakulteta
Den nye toppleiinga består likevel av meir enn rektorat. Den nye høgskulen har organisert seg i fire fakultet og det er tilsett dekanar til å leia kvar av desse frå 1. august i år. Randi Skår (Førde) er dekan for fakultet for helse- og sosialfag, Anne Isabelle Robbestad (Haugesund) er dekan for fakultet for økonomi og samfunnsvitskap, Geir Anton Johansen (Bergen) er dekan for fakultet for ingeniør- og naturvitskap, og Asle Holthe (Bergen) er dekan for fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

 

Det er ikkje korrekt slik det går fram av leiarartikkelen i Sogn Avis at «fylket blir ståande utan representantar i den øvste leiinga». Randi Skår har lang fartstid i den tidlegare Høgskulen i Sogn og Fjordane, som lærar, forskar og leiar, både i Sogndal og i Førde. Ho er opphavleg frå Stryn i Nordfjord.  Dei siste åra har Randi Skår vore dekan for Avdeling for helsefag i Førde. Det nye fakultetet for helse- og sosialfag som ho er fagleg og administrativ leiar for, har verksemd på alle dei fem campusane til den nye høgskulen, og er i omfang åleine større enn det Høgskulen i Sogn og Fjordane var.

 

I siste møtet før sommaren tilsette styret elles Tage Båtsvik som organisasjonsdirektør. Stillinga som økonomidirektør vert lyst ut eksternt. Det er å håpa at gode søkarar melder seg.

 

Det samfunnsforplikta universitetet
Universitetsambisjonen til Høgskulen på Vestlandet var oppe til drøfting i det same styremøtet. Drøftingane kunne ta utgangspunkt i eit solid utgreiingsarbeid utført av ei intern arbeidsgruppe med utsendingar for alle nær-regionar. Arbeidsgruppa legg vekt på at universitetet som skal byggjast må vera ein ny type universitet, eit universitet som er særskilt engasjert og byggjande i regionen. Dette samfunnsforplikta universitetet kan springa ut av Høgskulen på Vestlandet sin ambisjon om å vera ein viktig aktør for innovasjon og framtidig verdiskaping på Vestlandet.

 

Både arbeidsgruppa og styret erkjenner at det må brukast tid til å byggja eit slikt universitet. Krava til utdanning, forsking og kompetanse er høge. Det ligg faktisk mykje klokskap i å bruka litt tid på universitetsambisjonen. Det eine er at dette lettare kan gi ulike fagmiljø i dei ulike nær-regionane eigarskap til ambisjonen. Det andre er at universitetsstatus ikkje er eit sjølvstendig mål, men primært er eit middel for å utvikla stadig sterkare utdanningar, forsking og formidling. Det tredje er at i alle åra fram til universitetsstatusen er nådd skal Høgskulen på Vestlandet vera ein samfunnsforplikta høgskule som set gode spor etter seg.

 

Blikket innover
Våren 2017 har Høgskulen på Vestlandet gjennomført eit omfattande arbeid for å gjennomføra fusjonen. Mykje tid og ressursar har vorte nytta til interne møte og ordskifte,  og naudsynte endringsprosessar. Jamvel med digitale hjelpemiddel har reiseverksemda vorte formidabel. Også til hausten og inn i 2018 vil det gå føre seg mykje internt prega arbeid. Ein ny høgskule skal byggjast fagleg og administrativt.

 

I slike prosessar har blikket til leiing og tilsette lett for å verta vendt innover mot eiga verksemd. For ein høgskule som har store regionale ambisjonar, ein høgskule som er skipa for å utgjera ein reell skilnad i eige omland, er dette opplagt ei utfordring. Det har vore  arbeidd intenst for at fusjonsarbeidet ikkje skal gå utover kvalitet og omfang innanfor utdanning og forsking. Resultat innanfor utdanning og forsking våren 2017 tyder på at ein langt på veg har lukkast med dette.

 

Positive resultat og lissepasningar
For mange av oss som arbeider i høgskulen er det ganske opplagt at fusjonen alt har gitt fleire positive resultat og ikkje minst eit sterkare fagleg grunnlag. Når gode fagfolk møtest til forpliktande samarbeid kan det skje fine ting. Nye samarbeid i utdanning og forsking er i kjømda. Eitt av fleire døme er at masterprogrammet i organisasjon og leiing med ansvarleg fagmiljø i Sogndal alt denne hausten også vert tilbydd i Haugesund. Fusjonen gir også auka og spanande ambisjonar. Kan til dømes fusjonen gi grunnlag for at fagmiljøa i økonomi og administrasjon dannar ein handelshøgskule på Vestlandet? Eller kan det fine idrettsfagmiljøet i Sogndal saman med kollegaer i dei to andre nær-regionane utvikla seg til ein ny idrettshøgskule på Vestlandet?

 

For å realisera dei gode måla som ligg til grunn for Høgskulen på Vestlandet, står det likevel særs mykje arbeid att. Det er uansett eit problem om arbeid, resultat, tilbod og ambisjonar ikkje vert gjort kjende i regionen ein arbeider i. Ser me til andre høgskular og universitet, finn me tidt og ofte ein leiarskap som tek aktivt del i og formar det offentlege ordskiftet.  I det vidare må Høgskulen på Vestlandet leggja langt større vekt på å kommunisera raskt, aktivt og inviterande, ikkje minst til nærings- og arbeidslivet på Vestlandet.

 

I ein slik samanheng er leiarartiklar i lokalaviser som viser sut for høgskulen for reine lissepasningar å rekna.  Slike lissepasningar må  nyttast til å gjera arbeid og resultat betre kjende i det geografiske området der høgskulen har eit særskilt ansvar for å bidra i samfunnsutviklinga og til å finna gode samarbeidspartar.

 

The Sound of Silence
Leiartikkelen i Sogn Avis har ikkje vorte kommentert offentleg av leiinga i høgskulen. Ein har late lissepasninga passera. Heller ikkje avtroppande prorektor Rasmus Stokke med kontorplass i Sogndal har funne grunn til å kommentera den suta høgskulen vert vigd på leiarplass. Det siste halve året har Stokke hatt særskilt ansvar for nær-region Sogn og Fjordane og har slik vore tettast på leiarkabalane som er lagde.

 

Teiing og stille er også ein bodskap, ein bodskap med eit uendeleg tolkingsrom. Det er eit slikt tolkingsrom ei ansvarleg leiing må ta grep om. The Sound of Silence er ein av dei vakraste songane til 60-tals duoen Simon & Garfunkel. Men den kan ikkje vera kjenningsmelodien til den samfunnsforplikta Høgskulen på Vestlandet.