Frå gymnas til høgskulebygg

Tale ved opninga av Bragebygget 30. januar 2019

Av Rasmus Stokke

Gratulerer med dagen til dykk alle!

Gymnasbygget i Sogndal blei bygd midt på 1960-talet. Viss ein spåmann eller kvinne den gongen på opninga hadde sagt at i januar 2019 kom det til å vere ein svær høgskule på Vestlandet med 16000 studentar og 1800 tilsette som kom til å renovere og flytte inn i bygget, så hadde nok dei frammøtte rista på hovudet og sagt at dette trudde dei ikkje noko på. Framtida er alltid vanskeleg å spå. Om nye 50 år kan Bragebygget vere sanert. Men det kan og stå fram som endå eit nytt bygg, på ein endå større Campus, knytt til eit endå større og spennande internasjonalt universitet, for eksempel. Framtida vil vise. Vi har heilt klart lagt eit viktig fundament for nye vekstår med dette bygget. Continue reading «Frå gymnas til høgskulebygg»

Landleg og framifrå

Tale ved opninga av Bragebygget, Campus Sogndal, Høgskulen på Vestlandet,  29. januar 2019.

Godtfolk!

Lokal historie

Læraren Lars Uglum (1892-1971), utdanna på Stord i 1915.  «Uglumen», samfunnsbyggjaren, den tolmodige krafta som i fleire tiår arbeidde for eit gymnas i Sogndal, og som lukkast i 1942.

Filologen Olav Hæreid (1919 – 1999), styrar og rektor ved Sogndal gymnas i 37 år. «Hæreiden», som helsa den første lærarskuleklassa velkomen til gymnaset i 1963. Elevane gjekk to år i Sogndal, dei to siste ved Volda lærarskule. Ordninga vara til Sogndal lærarskule opna i 1972.

«Hæreiden» sto til rors då det fylkeskommunale praktfulle gymnasbygget var ferdig i 1965. Måleriet av Lars Uglum fekk heidersplassen – i biblioteket.

Internasjonal samtid og framtid

Landskapet for høgare utdanning og forsking er i endring. Høgskular og universitet har nøkkelrollar i kunnskapssamfunnet.

«Centres of Excellence» vert dyrka. På vitug norsk heiter det: Framifrå tettstadar.

Sogndal rekrutterer ein særs høg del av studentane utanfor fylket. Med lågt folketal i det landlege Sogn og Fjordane er dette grunnleggjande  –  i 1960-åra og i 2019.

I den stadig sterkare Høgskulen på Vestlandet vil Campus Sogndal på 2020-talet ta tiltrekkingskrafta på studentar og på tilsette til nye høgder.

Bragebygget styrkjer oss på vegen.

Det  er uansett ein krevjande veg. Men det er ein veg der me byggjer menneske og samfunn. Det er ein veg me likar å gå på.

Dette er altso staden: Bragebygget, Campus Sogndal, Høgskulen på Vestlandet.

Landleg og framifrå.

Gratulerer med dagen alle saman!

Dansk i svensketida

Innlegg på lanseringseminaret for «Norsk språkhistorie» (I–IV), Nasjonalbiblioteket i Oslo 22. januar 2019 (program)

Mitt kapittel i band 4, Tidslinjer, dreiar seg om den 91 år lange unionstida med Sverige. Perioden er ei paradegrein i norsk språkhistorie, med kjendisar som Henrik Wergeland og P.A. Munch, og ikkje minst Knud Knudsen og Ivar Aasen. Eit relevant spørsmål er om det i det heile er mogleg å seie noko nytt om det gjennomforska 1800-talet i norsk språkhistorie på 80 sider.

Min spissformulerte påstand skil seg nok iallfall frå biletet mange har av unionstida i norsk språkhistorie: På desse 91 åra skjedde det knapt noko vesentleg. Continue reading «Dansk i svensketida»

Historikaren Anders Timberlid

Innlegg på Krohn-seminaret 25. mai 2018

Av Gunnar Yttri

Kjære Anders!

Kjære alle frammøtte til dette seminaret der me markerer at førsteamanuensis i historie ved Høgskulen på Vestlandet, Anders Timberlid (fødd i 1951), går av med pensjon. 

Historikaren Anders – frå lokalhistorie i Kaupanger til fylkessoga for Sogn og Fjordane.

Tittelen for mi vesle innleiing her i dag ringar inn starten og den førebelse slutten på Anders Timberlid sitt verke som historieforskar, som skrivande historikar. Starten var hovudoppgåva i historie ved Universitetet i Bergen frå 1978. Oppgåva bar tittelen: Den økonomiske utviklinga i Kaupanger ca 1800 – ca 1865. Den førebelse slutten var det eine bandet av fylkessoga for Sogn og Fjordane som kom ut i 2017 med tittelen Rift om brødet 1763 – 1875. Continue reading «Historikaren Anders Timberlid»

Krohn-seminaret: Historikaren Anders Timberlid

Forskar, forfattar og lærar

Førsteamanuensis Anders Timberlid har i mange år vore ein sentral fagperson ved utdanninga i samfunnsfag og historie i Sogndal. Korleis har Anders vore som lærar? Kva har han forska på? Kva har han skrive?  Kva tenkjer Anders sjølv om arbeidet sitt ved høgskulen? Desse spørsmåla vert svara på i Krohn-seminaret fredag 25. mai klokka 10.00–11.30. Stad: Fossbygget, 3. høgda, rommet med glastak.

Sommaren 2018 går Anders (fødd 1951)  over i pensjonistane sine rekkjer. Seminaret er ei markering av Anders sitt verke som historikar, men også ei markering som byggjer bru til vidare utvikling av utdanninga i samfunnsfag og historie i Sogndal.

Program

Gunnar Yttri
Historikaren Anders – frå lokalhistorie i Kaupanger til fylkessoga for Sogn og Fjordane

Tina Veronica Bjørk
Læraren Anders – slik ein tidlegare student ser det

Anders Timberlid
Utdanninga i samfunnsfag og historie i Sogndal. Utviklingstrekk i mi tid og perspektiv på vidare utvikling

Ordstyrar: Oddmund L. Hoel

Kollegaer, studentar og andre innanfor og utanfor høgskulen er hjarteleg velkomne!

Tale til konfirmantane, om korleis mange små menneske på mange små plassar kan gjere mange små ting og forandre verda

Kjære konfirmantar, kjære foreldre, kjære alle saman,

Eg vil starte denne talen med å sitere ein kort samtale mellom to gode vener:

«Kva for ein dag er det? – spurte Ole Brumm.

Det er i dag – svarte Nasse Nøff.

Min favorittdag! – svarte Ole Brumm»

Continue reading «Tale til konfirmantane, om korleis mange små menneske på mange små plassar kan gjere mange små ting og forandre verda»

«Om kvelden åttende juledag drakk man aller voldsomst» – Julegildet på Kvåle i 1244 og konsekvensene av å «drikka jol»

Forfattar av innlegget er Førsteamanuensis i historie Pål Berg Svenungsen. 

Det går mot jul. For mange av oss er det en tid preget av mange forventninger; vi gleder oss til å kunne samles med familien, til å gi og motta gaver, og til å nyte alt av julas overflod av god mat og drikke. For mange er dessverre det siste punktet, drikke, noe som overstyrer alt annet. Jula er derfor også en høytid for vonde forventninger. For menneskene som samlet seg til julefeiring på storgården Kvåle i Sogndal i 1244, var derimot drikken en sentral del av forventingene. Selv om det også kom til å resultere i noen dårlige minner for enkelte.

Continue reading ««Om kvelden åttende juledag drakk man aller voldsomst» – Julegildet på Kvåle i 1244 og konsekvensene av å «drikka jol»»

Nykomlingar – i dag startar livet!

NRK-journalist Arve Uglum helsa dei nye studentane ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal 14.august 2017. Les gjerne talen nedanfor.

 

De har kanskje flytta frå ein større plass for å koma hit. De har kanskje hatt dykkar tvil om å flytta til ei liti bygd inst i ein fjord – og her står altså programleiaren i «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» og ynskjer dykk velkomne.

«Å i helsike!», tenker de no.

Men slapp av, folkens! Eg skal ikkje snakka om ein plass eg skal laga tv-program om, eg skal snakka om plassen eg bur på.

Og så skal eg snakka om dykk: Sogndalstudentane – som har gjort denne plassen så bra at eg meiner det er den beste plassen for meg å bu på. Det er her eg let ungane mine veksa opp.

For studentane har gjort noko med denne plassen, gjort han til noko langt meir enn ein kanskje kan forventa av ei bygd med under 8000 folkeregistrerte innbyggjarar.

Om du vil eta lunch ute i dag finst det faktisk eit dusin plassar å velja mellom i tillegg til ei veldig bra studentkantine. Dette dusinet plassar kan gje deg alt frå veldig god sushi til matforgiftning.

Så plassen er ikkje så liten som han kan virka som  og det er i all hovudsak dykk, sogndalstudentane, si fortenesta.

Og no har eg altså heile studentkobbelet, nykomlingar og veteranar samla framfor meg: Og eg må berre seia det – herifrå ser dykk ut som det flottaste studentkullet me nokon sinne har hatt.

For mange av dykk som står her er dette eit takk for sist. De er klare for år to, tre eller fire i Sogndal. De helsar på gamle kjende. For dykk er dette «back to business».

Men for mange av dykk er det ikkje slik. Dette har kanskje vore den første natti i livet dykkar der de ikkje budde heime hjå familien. Og all erfaring tilseier at ganske mange av dykk ikkje har sove ein augneblink i natt.  Vekke frå alt de kjenner og kan gangen i, overletne til dykk sjølv på ein plass de ikkje veit noko om og blant veldig mange fullstendig framande folk.

Dette her er ein av dagane i livet det er heilt ok å vera vettskremd. Det er faktisk meiningi de skal vera det. For å vera ute i livet åleina for første gongen er skummelt, og dei som latar som dei ikkje kjenner litt på denne frykten, dei prøver berre å lura oss.

I fjor var det fire som besvimte under velkomsttalen. Fire personar blacka ut i ein blanding av frykt, overoppheting og søvnmangel. I den anledning vil eg gjera merksam på at Røde Kors er her. Om de kjenner at knei tek til å svikta litt eller sidemannen går i bakken, så rop på dei. Dei har rutine på dette her. Det har alle her i Sogndal. Me har teke imot nykomlingar som dykk i 45 år, så me veit kva dette går i.

Uansett kor tøffe og solbrune og pene og verdensvande og uangripelege de ser ut her i dag, så veit eg at alle som ein saknar mamma eller pappa eller katten eller hunden eller bestemor eller nokon andre der heime litt i løpet av denne dagen.

Og det er ok. For snart er det jul. Då skal de heim, og då kjem de til å sakna Sogndal. Det er mykje som skal forandra seg frå no til då. De kjem til å forandra dykk. Innan den tid kjenner de dei fleste i klassen dykkar – de veit kvar det meste er her i bygdi, de skal spørja om det er noko de lurer på. Og det viktigaste av alt: De kjem til å stola meir på dykkar eigne vurderingar.

 

Det er heilt sant: Eg er far sjølv og har sett det med eigne auge: Eg sendte frå meg ein jentunge på høgskule om hausten og fekk heim ei ung dama til jul. Det var ikkje til å tru.

For i dag nykomlingar: I dag startar livet.

Erfaring fortel oss at for mange av dykk er livet å stå på ski. De skal gå i nokre månader til og venta på snøen, og så skal de til fjells og køyra på ski meir enn de nokon gong vil få sjansen til å gjera seinare i livet. Sogndal er ikkje nødvendigvis plassen eg ville valt om eg skulle på skiferie, men det er den beste plassen å bu om du vil stå på ski mest muleg. Her er det køyring i verdensklasse ti minuttar unna. De rekk ein skitur før dagens første forelesning eller etter den siste.

Nokre av dykk rekk til og med ein skitur under førelesningane, har eg sett.

Og de er i ein svært gunstig posisjon: De er midt blant veldig mange menneske de deler interesser med – som kjem til å visa dykk rundt og ta dykk med til Svartholten, Togga, Grånipa, Nonsholten, Tylderingen, Melsnipa, Skredfjellet, Lammanipa, Frudalshesten, Badnakona, Torstadnakken og så vidare og så vidare.

Og så har me dykk andre som ikkje tykkjer at bratt skikøyring i laussnø er det kjekkaste i verda – og som av og til vil bli nøydde til å forklara folk de møter at,  ja, de er sogndalstudentar, men de er ikkje så ivrige på ski. Slapp av! Det er så mykje anna å ta føre seg. Og faktisk viser det seg at det er de som er i fleirtal. Skistudentane er kanskje høgst profilerte, men majoriteten har knapt nok på seg eit skipar medan dei er i sogndal.

Det er mange openbare ting som forklarar at det kjem studentar til Sogndal sjølv om mesteparten ikkje har tenkt å stå på ski: Meieriet, konsertane og så vidare. Det får de vita om av fadrane dykkar. Det er så mange små og fine ting på ein plass som dette – ting som ikkje kostar all verdi, og som du kanskje må ha budd her ei stund for å vita om.

Oppe på Åberge – der oppe – står det ein benk i svingen med oversikt over heile bygda. Det er sjølvsagt ein plass folk kan gå til når fotballaget deira har tapt eller livet har gått deg litt i mot,  for å få fred og tenka litt, men det er og verdens beste klineplass. All erfaring tilseier at mange av dykk kjem til å klina allereie i kveld: Mitt råd er at de gjer det der oppe med utsikt over heile bygdi. Men vegen går rett forbi så lat det vere med kliningi – ikkje gå lenger.

Verdens beste bollar – Lustrabui i Gravensteinsgata. Du trur kanskje dette er skryt, men ta ein kanelsnurr så veit du kva eg meiner.

 

Er du interessert i fotballaget her i bygdi? Ta ein tur innom Sogndal Lær- og skotøy i Fjøra. På overflata er det ein skobutikk – men eigentleg er det bygdi sin kunnskapsbase for alt som har med fotball å gjera. Jakobsen senior har all Sogndal-statistikk som tenkast kan hengande på veggene på bakrommet – og Jakobsen junior og senior har alltid tid til ein fotballprat med kven som helst – og er det interessant så diskuterar dei gjerne lenge etter stengetid. Og kjøp gjerne eit skopar når du er innom. Dei er og den einaste butikken i landet som prisar ting i heile hundrelappar og ikkje 99 kroner.

Og så skal eg fortelja dykk noko som er hemmeleg, noko Sogndal Lær- og skotøy ikkje vil at de skal vita. Så høyr godt etter: På same  butikken får du kjøpt dei billigaste, heimestrikka sokkane i landet.

Det er mor til Jakobsen junior – altså kona til Jakobsen senior som strikkar dei – og ho kjem til å bli heilt fortvila når ho høyrer at eg har stått her og fortalt om dei billige strikkelabbane deira til så mykje folk. For då blir det utselt og då må ho og venninnene sitta alle kveldar og strikka fleire.

Dei kunne – slik de økonomistudentane skal læra om – ha regulert marknaden gjennom å setta opp prisane. Så vidt eg veit har dei ikkje vurdert dette.

Men eitt tiltak har dei sett i verk: Dei har teke ned skiltet der det står at dei har heimestrikka sokkar. De må spørja etter dei i kassen.

Det er summen av tusen slike ting som løftar ei husklynge til å bli eit samfunn. Eit samfunn me som bur i det kan veksa og trivast i.

Det viktigaste de har her i Sogndal er likevel kvarandre – og det er ingen liten ting skal eg sei dykk. Banda de knyter til medstudentane i tida som kjem blir det viktigaste de tek med dykk når de reiser vidare i livet.

Lat meg fortelja ei lita hemmelegheit om meg sjølv: Eg har ingen utdanning. Eg har ikkje fem minutt med universitet eller høgskuleutdanning. Og det er ikkje synd i meg. Eg tenar greitt med pengar og har ei fin karriere som mange med høg utdanning misunner meg. Men det eg stadig oftar kjenner på at eg manglar er studiekameratar – som eg ser vennene mine har. Desse folki som dei møtte akkurat i det dei tok sine første steg ut i det skikkelege vaksenlivet – og som var i ferd med å ta det same steget sjølv. Dei har dei eit heilt speseilt band til.

Eg trur det blir slik fordi de vil aldri vera likare på dei rundt dykk enn de er akkurat no. De er stort sett på same stadie i livet heile gjengen, i ferd med å gjera dei same tingi. Og der ligg et eit utruleg fundament for sterke og livslange venskap. Så lov meg at de passar på studievennene dykkar, for det er litt trist å ikkje ha akkurat den typen venner.

Ein av grunnane til at eg umiddelbart fekk lyst til å halda denne talen då eg vart spurt, var at det er ein fin anledning til å takka dykk for at de har gjort heimstaden min til ein plass det går an å bu på.

Eg har alltid vore glad i Sogndal, men om plassen og folka som budde her, hadde vore dei same som i min oppvekst hadde eg aldri i verden flytta tilbake hit og langt mindre blitt verande.

45 år med konstant tilflyt av utanbygds ungdommar har forandra denne plassen til det betre. Trangsynet, skepsisen, rasismen og fordommane har vorte merkbart mindre –  og det finst det mange bevis på.

Då eg var 19 år gamal hadde eg hår ned til hit. I følgje veldig mange i Sogndal var det bevis på at eg var homo og eller narkoman. Om eg var begge eller berre ein av delene var ikkje så nøye, for begge deler skulle straffast med juling frå folk som var betydeleg større og sterkare enn meg.

Eg ler ofte av det no, men eg kan forsikra dykk om at det ikkje var moro den gongen. For så trongsynte og dumme var mange sogndøler den gongen – for nesten 25 år sidan. Men sidan den tid har tusenar på tusenar av studentar av alle hårlengder, seksuelle orienteringar, politiske overbevisningar og hudfargar skola gjennom bygdi vår – og vaska vekk mykje dumskap og mange fordommar.

I vår kom det eit ganske sterkt bevis på at noko har skjedd i Sogndal – noko som eg vart veldig glad for på fleire måtar. For nokre år sidan flytta ein ung mann til Sogndal for å studera, og etter kvart fann denne unge mannen ut at han ville bli ei ung kvinne. Han blei advart mot å starte kjønnskifteprosessen på ein liten plass som Sogndal, men ho skreiv i vår eit innlegg i Bergens Tidende om at det faktisk gjekk heilt fint. Bygdedyret var ikkje så ille lenger. Etter eit liti stund visste alle om det, og tykte ikkje det var så forferdeleg interessant lenger. Ho fekk faktisk ingen negative reaksjonar.

Då eg las dette vart eg veldig glad  og veldig letta. Letta fordi eg trur nok at ho har vore ganske heldig med kven ho har møtt. Eg kan faktisk koma opp med ei ganske lang liste over folk her i bygdi eg kan garantera at denne studenten ikkje har diskutert kjønnskiftet sitt med ettersom ho ikkje fekk negative reaksjonar.

Men når det blei slik, så gjorde ho noko veldig smart med å skriva ein artikkel i Bergens Tidende om det ho opplevde. For denne blei sjølvsagt delt på Facebook av alle i Sogndal. Alle slo seg på brystet og sa les her! Sjå kor inkluderande og fordomsfrie me er! Dynamikken på små plassar er veldig enkel på den måten. Me elskar det når folk skryt over plassen vår. Og det folk seier når dei skryt over oss, det er alltid sant.

Så med alle desse delingane og sølvskrytet på Facebook hadde folk forplikta seg. Når me først har profilert oss som den opne og fordomsfrie bygdi, så har me til å vera det neste gong me blir utsette for noko me ikkje har vore borti før. Eg veit ikkje kva det blir, men eg veit at Karoline Skarstein har gjort det mykje enklare for den neste som må vera annleis i Sogndal.

Så takk Karoline, takk til alle sogndalstudentane som har vore – og på forhånd takk til dykk nye!

Eg håpar og trur at de på dykkar måte vil vera med og gjera Sogndal til ein endå betre plass å vera.

Lukka til med det  og takk for meg!

Kven i helsike var Lars Hille?

Kven i helsike var Lars Hille?

Innleiing på fest ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal, 16. juni 2017.

Kjære alle saman!

Den sjølvvalde tittelen for denne innleiinga er: «Kven i helsike var Lars Hille?»

Historikaren Gunnar Yttri har blitt bedt om å seia nokre ord på denne festen ved Høgskulen på Vestlandet her ved Campus Sogndal. Det skulle berre mangla! Alle skapelege festar burde ha ei historisk innleiing, det trur eg me alle kan vera samde om.

Sjølvsagt kan me læra mykje av historia, nesten like so mykje som me kan læra av våre eigne erfaringar i livet, anten me opplever stor lukke eller ulukke, anten me gjer feil eller me lukkast. Kanskje er det feila me lærer mest av. Klok av skade, er det noko som heiter. Brent barn skyr elden. Erfaringar kan vera nyttige både i kvardag og fest. Kva lærdommane våre bør bety i praktiske handlingar er meir avhengig av våre eigne sjølvstendige val i den einskilde særskilde situasjon. Men om me vil og er vakne nok so kan me læra av historia.

Slik elementær historie-teori låg truleg i botnen då det nye styret for Høgskulen på Vestlandet, det dåverande interimstyret, hadde sitt første møte og si første seminar-samling 15. september 2016 på Ørnen hotell, adresse  Lars Hilles gate 18 i Bergen. Vit at det sitjande høgskulestyret her fekk ei god opplæring og kan i alle fall ikkje skulda på denne om ein likevel trør feil.

Seminaret på Ørnen hotell, lokalisert i Lars Hilles gate, var ein freistnad på å overføra viktige historiske lærdommar til styremedlemmane. Ole Gunnar Søgnen, Liv Reidun Grimstvedt og Rasmus Stokke, avtroppande rektorar for høvesvis Høgskulen i Bergen, Høgskulen Stord/Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane, hadde mykje på hjarta frå kvar frå sin høgskule. Dei hadde ein felles bodskap i den nye fusjonsplattforma for Høgskulen på Vestlandet. Dei gav oss sjølvsagt solskinshistorier alle i hop. Rune Nilsen, styreleiar for Høgskulen Søraust, fortalde nøkternt og innsiktsfullt om deira nyvunne erfaringar med ein ny-fusjonert fleir-campus høgskule med universitetsambisjonar. Det var ikkje like mykje fryd og gaman der i garden.

Ikkje minst hadde professor Jan Fridtjof Bernt, landets fremste ekspert i lover og reglar ikring universitet og høgskular, ei grundig førelesing om styret sitt ansvar og rolle. Han opna førelesinga si slik: «De trur dette er enkelt, men berre vent til eg har forklart det.» Styremedlem Gunnar Yttri noterte seg den setninga. Men han gjorde også eit anna notat frå dette første styreseminaret: «Kven i helsike var Lars Hille, denne mannen som har fått ei stor gate oppkalla etter seg sentralt i Bergen by, gata der styret for den nye Høgskulen på Vestlandet hadde sitt første møte?» Det spørsmålet får me koma tilbake til.

 

Kva var dei historiske røtene til institusjonen som drog sitt siste pust nyttårsaftan 2016?  Høgskulen i Sogn og Fjordane vart til i 1994 gjennom ei samanslåing av alle høgare utdanningsmiljø i Sogn og Fjordane: Sogndal lærarhøgskule (skipa 1972), Sogn og Fjordane distriktshøgskule (1975), Sogn og Fjordane sjukepleiehøgskule (1979), Høgskuleutdanninga på Sandane (1981) og Sogn og Fjordane ingeniørhøgskule (1988).

Dei to eldste av fusjonspartnarane var Sogndal lærarhøgskule frå 1972 og Sogn og Fjordane distriktshøgskule frå 1975. Eg nemner desse to særskilt fordi etableringa av dei representerer noko heilt nytt i utbygginga av høgare utdanning i Noreg etter andre verdskrigen. Både lærarskulen og distriktshøgskulen inngjekk i ein større plan med brei politisk støtte i Stortinget om å gjera høgare utdanning tilgjengeleg for større deler av dei veksande ungdomskulla, og å nytta høgare utdanning til å byggja og utvikla både bygd og by i heile landet.

Utbygging av distriktshøgskular var middelet. Universitetet i Tromsø var ein del av det same storstila tiltaket. Kjell Bondevik, med oppvekstår i Leikanger og Sogndal, var den ansvarlege statsråd i Borten-regjeringa frå 1965 – 1971, mannen som greip og  sette dei nye ideane ut i livet med enorm fart og kraft. Bondevik vart desse åra den store arkitekten, «the game changer» i norsk høgare utdanning. Dei viktigaste strukturane i universitets- og høgskulesektoren fram til dags dato vart teikna under Kjell Bondevik. Tenk litt på det neste gong du går over Kjell Bondevik-plassen ved det praktfulle Høgskulebygget i Sogndal.

I Sogn og Fjordane, det siste fylket i Noreg der det vart etablert institusjonar av det slaget me i dag reknar for høgare utdanning, var lærarskulen ein del av denne nasjonale distriktspolitiske given. Sogndal lærarskule var nr. 18 i rekka av norske lærarskular, men var den første som vart lagt til bygdemiljø etter 1945. Då Sogn og Fjordane distriktshøgskule opna dørene i Sogndal i 1975, var dette den tredje distriktshøgskulen som vart lagt til bygdemiljø, etter Volda og Bø i Telemark.

Den første historiske lærdommen å merka seg av dette er knytt til spørsmålet: Kvifor vart høgare utdanning i fylket først lagt til Sogndal? Svaret har med geografien og folketalet i Sogn og Fjordane å gjera. Sett frå fylket si side var Førde i Sunnfjord med si sentrale lokalisering nokolunde midt i fylket den beste staden for ein lærarskule. Men då spørsmålet var oppe  til si første viktige drøfting tidleg i 1960-åra var Kyrkje- og undervisningsdepartementet under statsråd Helge Sivertsen tydleg på at Sogndal var rette staden. Departementet la til grunn at ein lærarskule i Sogn og Fjordane måtte vera til for eit langt større omland enn berre sjølve fylket. Folketalet i fylket spela inn, det same gjorde den mangelen på lærarar i fleira andre strok. Departementet ringa inn Sogn og Fjordane, Nord-Hordaland, deler av Buskerud og Oppland, som til dømes Valdres og Hemsedal.

Høgare utdanning i Sogn og Fjordane var med andre ord frå første dag sett til og var fullstendig avhengig av å rekruttera ungdom frå større deler av landet enn berre eige fylke. Det eine er folketalet, det andre er at folk i Sogn og Fjordane, i mykje likt Vestlandet elles, er vane med å reisa ut for å skaffa seg utkome i livet. Store deler av ungdommen i fylket reiser ut og skaffar seg utdanning og arbeid. Det er eit godt karaktertrekk og det er viktig for heile landet. Heimfødingar byggjer først og fremst eigen heim.

Når eg sjølv held føredrag for tidlegare studentar som har «reunion» i Sogndal, so spør eg alltid kvar i landet dei kjem frå. Tru meg; Hordaland, Buskerud og Oppland er jamt svært godt representert. Og di nærare vår eiga samtid desse jubileumssamlingane ligg, di større deler av landet kjem tidlegare studentar i Sogndal frå.

Dei siste 40 åra har den rike utviklinga av samferdsla, bygging av vegar, tunnelar og bruer, bunde i hop Sogn og Fjordane og sambandslinjene utover på ein heilt ny og langt meir effektiv måte. Når Høgskulen i Sogn og Fjordane i sitt siste leveår rekrutterte langt over 60% av studentane utanfor fylket, so kan ein likevel seia at planleggarane i departementet var framsynte. Vel, lærdommen synest i alle høve å vera at Campus Sogndal og Campus Førde ved Høgskulen på Vestlandet, må rekruttera nasjonalt for å lukkast og å utvikla seg vidare. For å klara det må me vera fagleg sterke og me må vera synlege i marknadsføringa av høgskulen. Det er ein lærdom å ta til følgje i utviklinga av Høgskulen på Vestlandet.

 

Den andre lærdommen gjeld ikkje berre nær-region Sogn og Fjordane, men heile Høgskulen på Vestlandet. Høgskulane som 1. januar  2017 vart slått saman i Høgskulen på Vestlandet har ulikt opphav, men oppgåva med å forsyna eige fylke og nærområde med arbeidskraft er tradisjonell felleseige.

Det er også felles for studiestadane i Bergen, Sogndal, Førde, Stord og Haugesund at mange av dei kandidatane som ikkje tek seg arbeid på Vestlandet, reiser til hovudstadsområdet. På hi sida er det veldig fåe som tek tilsvarande høgare utdanning i Oslo som flyttar til Vestlandet.

So er det eit faktum at di meir landleg, eller ruralt eit område er, di meir avhengig er arbeids- og næringslivet i området av kandidatar frå den høgskulen som reelt er lokalisert i området. Alt dette har me historiske tal for frå Senter for profesjonsstudiar. For ein høgskule som tek særskilt mål av seg om å byggja og utvikla Vestlandet, og modig kombinerer dette med ein universitetsambisjon, er dette noko å bita seg merke i.

Fleire av oss som arbeider i Høgskulen på Vestlandet vil i vår ha opplevd rikeleg med arbeid og stått i innfløkte og intense prosessar. Arbeidsdagen har vorte meir samansett. Tidlegare arbeidsoppgåver har fått selskap av fusjonsarbeidet, og båe skal løysast godt og tidseffektivt. Om nokon i nær-region Bergen, Stord/Haugesund eller Sogn og Fjordane stundom kjenner seg trøytte og stundom litt mismodige, er dette forståeleg.

Hugs også på å ta omsyn til at alderen tyngjer. 1.1.2017 vart nær-region Sogn og Fjordane med eitt 133 år eldre.  Høgskulen i Sogn og Fjordane med røter tilbake til 1972 vart omtrent 45 år. Men Høgskulen på Vestlandet kan rekna sine institusjonelle røter tilbake til 1839 og lærarseminaret på Stord. Me er del av ei større, djupare og meir langstrekt historie no.

Dette syner seg i fleire saker i høgskulestyret, og heilt konkret ved at folk i og ikring styret har med seg historisk litteratur på styremøta. Sissel Johannson Brenna, representant for dei fagtilsette i Bergen, gav meg tidleg i haust boka «Hver dag er en sjelden gave…», eit festskrift til 90-årsjubileet for sjukepleieutdanninga ved Høgskulen i Bergen i 1998.

Bergen har altså utdanna sjukepleiarar sidan 1908. Her må  skytast inn at jordmorutdanninga reknar sine institusjonelle røter heilt attende til 1860 og Bergens Fødselsstiftelse og Jordmoderskole.  Campus Bergen kan elles rekna nokre av sine røter slik: Ingeniørutdanningane har opphav i Bergen teknisk skule frå 1875, og lærarutdanningane har opphav i  Bergen lærarskule frå 1953.

Då styret hadde møte på Stord i november 2016 kom Tage Båtsvik, vår ny-tilsette organisasjonsdirektør, berande med fleire kassar med jubileumsskrift for Høgskulen Stord/Haugesund. Kvar styremedlem fekk kvar si bok. Her står det å lesa at i Haugesund var det maritim utdanning alt i 1874 med styrmannsutdanning. På Stord var det sjukepleieutdanning frå 1977 og i Haugesund frå om lag 1980. Desse sjukepleieutdanningane vart altså til omtrent på likt med sjukepleieutdanninga i Førde som vart skipa i 1979.

 

Men lat oss avslutningsvis samla oss litt om Stord, vår eldste lærestad. Lærarutdanninga på Stord, heilt attende til 1839, har vore særs viktig for utviklinga på Vestlandet særskilt, men også for Noreg generelt. Stord har i meir enn 175 år vore vårt historiske felleseige.

«Vestlandslæraren» har vorte eit kraftfullt omgrep i norsk historieskriving. Vestlandslæraren var ein samfunnsbyggjar som gjekk inn i verv lokalt og nasjonalt i forminga av det moderne Noreg i minst eit halvt århundre frå slutten av 1800-talet. I dag ville me vel kalla dei entreprenørarar eller innovatørar. Mange av dei var avgjerande viktige for fremjinga av målsaka. I høve til folketalet var Sogn og Fjordane det fylket i Noreg som utdanna suverent flest lærarar i tidsrommet frå 1900-1950. Det var i ei tid der dei næraste lærarskulane låg anten på Stord eller i Volda. Omgrepet «Vestlandslæraren» var sterkt knytt til desse lærestadane.

Lat meg få nemna to av tallause døme der lærarar utdanna frå Stord har gjort ein varig skilnad i utdannings-Noreg.  Henrik Kaarstad (1865-1927) frå Innvik i Nordfjord tok lærarskuleeksamen på Stord i 1884. Nordfjordingen Kaarstad vart den store drivkrafta bak bygginga av Volda lærarskule frå privat lærarskule rundt 1900 fram til skulen i 1920-åra, då med statleg eigarskap, var den største lærarskulen i Skandinavia med over 400 elevar.

I Volda set ein gjerne Henrik Kaarstad i samband med ein særmerkt sterk og sunnmørsk utdanningskultur der Kaarstad inngår i ei imponerande rekkje med skriftlærde bønder, tidlege lokale trykkeri på Aarflot og vår store læremeistar, språkgeniet Ivar Aasen. Eg plar minna mine kjære kollegaer i Volda på at Henrik Kaarstad var nordfjording og berre ein del av ei omfattande, varig og kontinuerleg hjerneflukt frå Sogn og Fjordane. Frå og med 1.1. 2017 kan alle me som arbeider i Høgskulen på Vestlandet i tillegg seia: «Henriken, ja, han var utdanna hjå oss han!»

Lars Uglum (1892-1971) frå Sogndal i Sogn, tok lærarskuleeksamen ved Stord i 1915. Han vart lærar og ordførar i Sogndal, tok sentrale verv i lokale moderniseringstiltak, og var den store drivkrafta for skipinga av dei aller første gymnasklassane i Sogndal i 1942. Sogndal gymnas vart seinare det første viktige grunnlaget for å leggja dei første lærarskuleklassane til Sogndal. Det er vanskeleg å tenkja seg den moderne skule-utviklinga i Sogndal utan ein mann av Lars Uglum sitt format.
Heilt til sist; kven i helsike var Lars Hille, denne mannen som har fått ei gate i Bergen oppkalla etter seg, gata der styret for den nye Høgskulen på Vestlandet hadde sitt første møte?

I Norsk Biografisk Leksikon frå 1934 som de kan finna i det framifrå høgskulebiblioteket vårt, kan me mellom anna lesa at Lars Hille levde frå 1828 – 1898. Han var oppvaksen på storgarden Fresvik i Sogn (farsslekta kom eigentleg frå Innvik i Nordfjord). Nokre av dykk vil seia at dette var meir enn god nok grunn til å få ei gate i Bergen oppkalla etter seg.  Men det var meir ved Lars Hille enn som so.

Lars Hille var ein høgt respektert vegbyggjarar i Noreg på 1800-talet, han var vegingeniør i det «bergenske» med verkefelt i Sogn, Voss og i Hardanger. Det var likevel i arbeidet med jarnbane-utbygging han vart eit landskjent namn. Frå 1873 fekk Hille på vegne av bystyret i Bergen ansvaret for å planleggja jarnbana frå Bergen til Austlandet. Det var ei planlegging Jarnbanedirektøren i hovudstaden, «etter en flyktig befaring»,  nyleg hadde skrinlagt som teknisk umogleg.

Ingeniøren Lars Hille såg heilt annleis på saka. Arbeidsmetodikken som følgde skilde seg fullstendig frå ei «flyktig befaring». Hille vandra sjølv til fots det aktuelle land- og fjellområdet, på kryss og tvers, att og fram, dag ut og dag inn. Etter «en omfattende høifjellsbefaring» peika han med «bestemthet» ut den linja som Bergensbana seinare kom til å følgja;  over Hardangervidda mellom Hallingskarvet og Hardangerjøkulen.

Kong Haakon VII opna «det nasjonale og ingeniørtekniske storverk» Bergensbana i 1909. Dette var fleire år etter at Lars Hille var død. Men Hille var sjølv ansvarleg då den første viktige delen av bana vart bygd, den mellom Bergen og Voss, den med 51 (femtiein) tunnellar, og ei byggjetid på 8 år. Bergen-Voss var klar for opning i 1883.

Dette var Lars Hille, bondesonen frå Fresvik i Sogn, mannen som fekk ei eiga gate i Bergen by oppkalla etter seg, gata der styret for den nye Høgskulen på Vestlandet møttest til sitt første møte.  Merk dykk namnet Lars Hille, folkens, og lukka til med alt godt arbeid i bygginga av Høgskulen på Vestlandet!

 

 

 

 

 

 

 

 

Strukturreforma i historisk perspektiv. Dei nye høgskulane – akademiske springbrett eller regionale kraftverk?

Av Gunnar Yttri, forskar, Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal.  Styremedlem,Høgskulen på Vestlandet

Innlegg på konferansen «Fusjoner i høyere utdanning – på bekostning av distriktene?», 29. mai 2017  ved Senter for profesjonsstudier, Høgskolen i Oslo og Akershus

 

Lat meg få byrja med å takka Senter for profesjonsstudiar og Høgskulen i Oslo og Akershus for å stella til ein konferanse med det grunnleggjande viktige spørsmålet: Vil fusjonane i høgare utdanning i vår tid gå på kostnad av distrikta?

Eg vil i mitt innlegg dra nokre historiske linjer i dette, og ikkje minst vera oppteken av dei nye høgskulane si samfunnsbyggjande rolle. Fusjonane kan nyttast til akademisk springbrett, der høgskulane får tyngde nok til å verta universitet. Men dei nye høgskulane kan også verta regionale kraftverk som spelar ei viktigare rolle lokalt, regionalt og nasjonalt enn tidlegare.

Tillat meg å gjera ein personleg avstikkar. Det er uråd for meg å ikkje nemna Harald Grimen når eg er ved Senter for profesjonsstudiar og Høgskulen i Oslo og Akershus. Den særmerkt fine filosofen, forfattaren og læraren Harald Grimen var frå Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Han arbeidde ved Senter for profesjonsstudiar fram til han døydde so altfor tidleg i 2011. Frå 2009 og fram til han døydde var Harald også  professor II Avdeling for samfunnsfag, Høgskulen i Sogn og Fjordane. Eg var dekan ved avdelinga på den tida. Me var mange som lærte  av Harald, ikkje minst kor viktig det var i profesjonsutdanningane å hausta frå fleire kunnskapsområde, og kunna handtera ulike former for kunnskap. Me kjem stadig tilbake til lærdommane og  forfattarskapen til Harald Grimen når viktige spørsmål skal drøftast. Det skjer ofte.

Dei rike distrikta. Lat oss bli kvitt førestillinga av distrikta som svake eller tilbakeliggjande. Tvert om vil store delar av distrikts-Noreg kunna visa styrke – sosialt, økonomisk, kulturelt og politisk. Og du som stiller deg tvilande til dette kan lesa ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, si vinterhelsing til finansbyråd i Oslo, Robert Steen. Ordførar Bjørlo med utsiktspunkt Nordfjord skildrar med tilvising til handfaste døme Noregs mest rurale fylke Sogn og Fjordane med eit næringsliv som er høg-teknologisk, kunnskapsdrive, internasjonalt og i brodden for det grøne skiftet i Noreg. Satsing på utdanning og kunnskap har skjedd gjennom mange tiår. 8 av dei 20 beste grunnskulane i Noreg ligg i Sogn og Fjordane. Ungdommen i Sogn og Fjordane ligg på topp i Noreg når det gjeld evna til å gjennomføra 12-årig skulegang.

Lat meg for eiga rekning føya til at dette skjer i eit fylke som framleis driv ein omfattande råvareproduksjon. Primærnæringane står sterkt, næringsmiddelindustri vert drive og utvikla i framhald av dette. Fiskeoppdrett og fiskeri, og industriell produksjon av aluminium og ferrosilisium har gitt landet viktige eksport-inntekter gjennom generasjonar.

Når det gjeld fornybar energi, Sogn og Fjordane er fylke nr. 2 i Noreg, etter Hordaland, i høve til produksjonsvolum for vasskraftbasert elektrisitet. Ikkje noko fylke har dei siste 10-15 åra bygd ut so mykje fornybar energi i form av nye småkraftverk.

Dette skjer i eit fylke med fjordar, fjell og isbrear, reisemål i verdsklasse, i eit fylke der reiseliv og turisme får stadig  meir heilårspreg, i spennet frå individualisert opplevingsturisme til større reiselag med cruiseskip eller buss-transport. Dette skjer i eit fylke  med 110 000 innbyggjarar, og der stadig fleire av desse er arbeidsinnvandrarar og andre innvandrarar.

Sogn og Fjordane og mange av distrikta treng universitet og høgskular til å utvikla dei ulike næringsgreinene, til å skapa heilt nye næringar, til å utvikla velferdssamfunnet, og i heile til å byggja og utvikla gode samfunn. Ikkje minst treng distrikta universitet og høgskular fordi lokaliseringa av desse i Noreg har vorte stadig meir bestemmande for kvar unge menneske ikkje berre utdannar seg, men også bestemmer seg for å leva resten av liva sine med arbeid, heim og familie.

 

Noreg er eit land der kunnskap i ulike former spelar ei auka rolle for samfunnsutviklinga. Eit sentralt kjenneteikn ved det moderne kunnskapssamfunnet er jo nett dette at det skjer eit skifte i økonomien: symbolske innsatsvarer vert viktigare, materielle innsatsvarer taper i verdi.

I det idealtypiske kunnskapssamfunnet vert vekst og konkurransefortrinn, innovasjon og endring, stadig meir avhengig av skaparkraft og kunnskap. Merk berre at i kunnskapssamfunnet so er det  «the human factor» – mennesket sjølv – som er omdreiingspunktet. Nøkkelen til skaparkraft og endring ligg i kunnskap og kapasiteten til einskildmenneske og samfunn til å ta i bruk kunnskap.

Merk også at dette i rikt monn opnar for ulike typar kunnskapsformer, der det føremålstenlege og meiningsfulle ikkje på nokon måte er avgrensa til målretta vitskap og vitskapleg rasjonalitet. Kunnskapar som kjem til i praktisk arbeid gjerne i utøvinga av eit fag eller handverk, gjennom erfaringar over tid og ikkje minst i samarbeid med andre, kan vera vel so viktige og samfunnsbyggjande som dei ein har lært seg i utdanning og i forsking.

Det er i denne samanhengen forstemmande og skremmande at vår eigne universitet og høgskular i sine ordskifte og utviklingsstrategiar ikkje klarar å handtera dette rike kunnskapstilfanget. To uttrykk er særleg tydlege: Med kvalitetsreforma og endringa i universitets- og høgskulelova, vart det gjort ei tett kopling mellom personleg akademisk karriere og institusjonell utvikling. Den vitskapleg tilsette fekk byggja seg sjølv til professor med publisering i internasjonale forskingsjournalar og bidrog samstundes til at eigen institusjon kunne tilby fleire mastergrader og doktorgrader, og i fleire tilfelle til at eigen institusjon kunne ta steget frå høgskule til universitet.

På hi sida har det vore klåre tendensar til at  kompetansen til førstelektorar og dosentar, kjernetroppane i dei gamle profesjonshøgskulane, har vorte systematisk devaluert. Dette trass i at regelverk/forskrift sidestilte førstelektor-kompetanse med doktorgrad, dette trass i at fleire førstelektorar og dosentar publiserte forskinga si i dei same journalar som førsteamanuensane og professorane.

Ein ting er at NOKUT-systemet ikkje krediterte institusjonar som satsa på førstelektorar og dosentar. Me har også sett korleis fleire av dei nye fusjonerte høgskulane, desse nye robuste einingane,  i ordskifte og tiltak har reservert både leiaroppgåver og utviklingsstrategiar for tilsette med doktorgrad, alt i strevet med å verta internasjonale forskingsuniversitet.

Det kunnskapsteoretiske grunnlaget for denne praksisen er i beste fall svak, som arbeidsgjevarpraksis er det sterkt klanderverdig, og sektoren har opplagt skusla vekk fine talent både innanfor fag og leiing. Konsekvensane for tilhøvet mellom dei høgare utdanningsinstitusjonane og det omkring-liggjande praktisk innretta norske samfunnet, kan me berre spekulera i.

What Are Universities For?  Kva føremål skal universitet- og høgskular tena? Spørsmålet må stadig stillast og svarast på.  For som samfunnsinstitusjonar er universitet og høgskular over tid avhengige av aksept frå større samfunnsgrupper. Universitet og høgskular er viktige og vert verande viktige i den grad samfunnet omkring finn noko verdifullt i desse institusjonane. Dersom Noreg med strukturreforma riggar seg med universitet og høgskular som ikkje byggjer og vidareutviklar distrikta, so har me ein universitets- og høgskulesektor som er i fullstendig utakt med sitt eige land.

I fotball-sporten snakkar ein om å passa på garderoben. Ein trenar som taper garderoben er ein trenar utan jobb. I Sogndal, som er Noregs, Europas og verdas einaste eliteserie-bygd, veit me litt om verdien av å kjenna, passa på og å vinna garderoben. Pass på garderoben, folkens!

Senter for profesjonsstudiar sine studiar svarar  på eit av dei viktigaste spørsmåla i universitets- og høgskulesektoren. Kvar tek dei utdanna kandidatane vegen og kvar kjem utdanninga til nytte?

Analysar av sambandet mellom geografisk lokalisering av høgare utdanning og faktisk geografisk rekruttering til arbeidslivet har vore mangelvare i det elles so gjennom-analyserte utdannings-Noreg.

For Vestlandet sin del stadfestar og dokumenter desse studiane det som folk i regionen gjennom åra har røynt og lenge har visst om høgare utdanning, Ungdom frå Vestlandet som tek utdanning i hovudstaden, flytter i liten grad tilbake til Vestlandet. Ungdom frå Oslo-området som tek utdanning i hovudstaden, vert verande der. Oslo-ungdom som tek utdanning utanfor Oslo, har hang til å flytta raskt heim etter siste eksamen.

Dermed er me tilbake til slutten av 1960-åra og det grunnleggjande viktige historiske omstendet at Stortinget valde å satsa på ei storstila utbygginga av distriktshøgskular i Noreg. Dette vart grunnlaget for den moderne høgskulesektoren. Universitetet i Tromsø sprang ut av det same ordskiftet. Dette var grunnlaget for at høgare utdanning i Noreg gjekk frå å vera eit gode for eit fåtal til å verta eit gode for mange. Ottosen-komiteen førebudde saka grundig i fleire år, Kjell Bondevik var ansvarleg statsråd i Borten-regjeringa frå 1965 til 1971. Det var brei semje i Stortinget om det nye tiltaket som lekk i ein meir aktiv distriktspolitikk.

Meir omstridd var spørsmålet om kvar dei nye distriktshøgskulane skulle lokaliserast. Men kyrkje- og undervisningsminister Bondevik losa vedtak gjennom i Stortinget om å lokalisera fleire av dei nye distriktshøgskulane i bygdemiljø, til bygda Volda i Møre og Romsdal i 1969, og til bygda Bø i Telemark i 1970.

Lokaliseringa av lærarskule i Sogndal i Sogn i 1972 var ein del av den same distriktspolitiske given. Sogndal lærarskule var nr. 18 i rekka av norske lærarskular, men var den første som vart lagt til bygdemiljø etter 1945. Då Sogn og Fjordane distriktshøgskule opna dørene i Sogndal i 1975, var dette den tredje distriktshøgskulen som var lagt til bygdemiljø.

Vestlandsbygdene Volda og Sogndal har mellom anna det felles at ingen av desse bygdene har storbyar innanfor eller nær fylkesgrensene. Eitt av funna i studiane frå Senter for profesjonsstudiar er at arbeids- og næringsliv i slike rurale område i fleire tiår har vore særleg avhengige av dei høgare utdanningstilboda som er lokaliserte i distriktet. Det gjeld heile spekteret av velferdsutdanningar og  næringsretta utdanningar.

Ser me på Sogn og Fjordane særskilt kan ein merka seg ei lenger historisk linje: Sogn og Fjordane er det fylket i landet som i høve til folketalet har rekruttert suverent flest ungdommar til læraryrket i Noreg. Slik er det ikkje berre på 2000-talet, slik har det vore i eit hundre år, mykje lenger enn det har vore lokalisert høgare utdanning i fylket. Men fram til ein fekk eiga lærarutdanning lokalisert til fylket i 1972, var Sogn og Fjordane fylket i Sør-Noreg som hadde størst mangel på kvalifiserte lærarar. Lokalisering av høgare utdanning gjorde og gjer ein skilnad for den som vil byggja samfunn.

Høgskulane som 1. januar 2017 vart slått saman i Høgskulen på Vestlandet har ulikt opphav, men oppgåva med å forsyna eige fylke og nærområde med arbeidskraft er tradisjonell felleseige. Høgskolen i Bergen, Høgskulen Stord/Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane var alle i si verketid frå 1994 til 2016 kjenneteikna av å forsyna eige fylke og Vestlandet med arbeidskraft.

Det store fleirtalet av kandidatar frå desse høgskulane kom i arbeid på Vestlandet. Det gjeld grunnskule- og barnehagelærarar, sjukepleiarar, sosionomar, vernepleiarar og barnevernspedagogar. Og det gjeld heile spekteret av næringsorienterte utdanningar med økonomar og ingeniørar i frontlinja. Denne verdifulle arven fører den nye Høgskulen på Vestlandet vidare.

Me kan sjølvsagt gle oss over nasjonale satsingar som gir framifrå spissa fagmiljø, og over at einskilde institusjonar som Handelshøgskulen BI og Noregs handelshøgskule gjer det brukbart på internasjonale rangeringar. Men for Vestlandet og distrikta er det liten varme i at fagmiljøa er internasjonalt framifrå om kandidatane dei utdannar ikkje er tilgjengelege.

  1. mars i år melde Bergens Tidende at berre seks prosent av studentane ved Noregs Handelshøgskule sikta mot ei karriere i Bergen etter fullførte studiar. Resten av Vestlandet eller distrikta elles var ikkje nemnt.

For Handelshøgskulen BI sitt vedkommande kan ikkje ein gong det omstendet at institusjonen vert leia av sogningen  Inge Jan Henjesand, utdanna ved Sogn og Fjordane distriktshøgskule midt på 1980-talet, endra på det faktum at BI-kandidatar ikkje gir grunnlag for å byggja distrikta.

 

Eit viktig vilkår for at Høgskulen på Vestlandet skal lukkast er at styre, leiing og tilsette er tru mot den avtala som ligg til grunn for samanslåinga. Det er ei særs god avtale, forhandla fram og vedteken av dei tre tidlegare høgskulane, stadfesta i kongeleg resolusjon.

Det er ein avtale som kombinerer ambisjonen om å verta universitet med ein profesjons- og arbeidslivsretta profil med høgare regionale mål. Høgskulen på Vestlandet skal ta betre vare på den regionale rolla enn det dei tre høgskulane makta kvar for seg. Høgskulen på Vestlandet skal ikkje berre vera eit springbrett for universitetsstatus, men har som mål å vera eit regionalt kraftverk på Vestlandet.

Sentrum-periferi problematikken gjeld sjølvsagt ikkje berre tilhøvet mellom hovudstaden og andre landsdeler. Den gjeld også innanfor det geografiske området der Høgskulen på Vestlandet er lokalisert. Bergen by har eit langt sterkare folketalsgrunnlag, ei heilt anna tiltrekkingskraft på unge menneske og har ein annan dynamikk enn mindre byar og bygdesamfunn. Det vert slik viktig at den nye institusjonen, med styre, leiing og tilsette, i all si ferd er medvitne om den store samfunnsrolla Høgskulen på Vestlandet har aksla. Det fordrar stor klokskap og kraft og vilje til endring.

Dette fordrar fagleg og strategisk satsing i tre nær-regionar og på fem ulike campus. Det vil seia at leiinga i høgskulen må vera på plass i Stord/Haugesund, i Bergen og i Sogn og Fjordane, og ha inngåande kunnskapar om utfordringar og moglegheiter i den einskilde regionen, og samarbeida godt med arbeids- og næringslivet der. Leiinga må vera kompetent, aktiv og nær.

På fem ulike campus, i Førde, i Haugesund, på Stord, i Bergen og i Sogndal, må fusjonen styrka fagmiljøa og studiegrunnlaget. Som me har lært her i dag: lokalisering av høgare utdanning gjer ein skilnad.

Universitetet som skal springa ut av Høgskulen på Vestlandet må slik ikkje berre løfta Vestlandet, men også verta sterkt forma av og få kjenneteikn frå dei rike ressursane på Vestlandet, naturlege og menneskeskapte. Truleg må det og kan det verta eit universitet av ein type Noreg tidlegare ikkje har sett maken til.