Frå ei fjellbygd til ei annan – På utveksling i det skotske høglandet.

Forfattar av innlegget er Sigrid Skjerdal

Vi har kryssa havet og skillelinja på vegen i ein Ford Transit Connect, 2005-modell. Utvekslinga til Skottland byrja med ei utvikling i køyrekunnskapar, på dei breie motorvegane i Tyskland og Nederland. I Amsterdam venta Englandsbåten på oss, og tok oss til Newcastle. Inn på ferja på venstre side, og ut att på høgre. Eller vent, omvendt! Det høyres kanskje ikkje slik ut, men det gjekk overraskande bra å halde seg på den andre sida av vegen. Til og med gjennom dei sju (!) rundkøyringane vi måtte forsere for å komme oss ut av Newcastle og vidare inn den britiske landsbygda.

Continue reading «Frå ei fjellbygd til ei annan – På utveksling i det skotske høglandet.»

Høgare utdanning og toppfotball

Eirik Bergum Skaasheim og Eirik Birkelund har i fleire år kombinert toppfotball i Sogndal Fotball med høgare økonomi-studiar. Korleis er det mogleg? Svaret er at det finst fleire og ulike vegar til mål. Skaasheim og Birkelund har hatt heilt ulike måtar å studera på. Men begge har arbeidd mykje og begge har lukkast.

Les gjerne min samtale med dei to om toppfotball og høgare utdanning ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal.

Continue reading «Høgare utdanning og toppfotball»

Nye studentar og politiattest

Med årets studiestart har fleire tusen nye studentar levert inn politiattest. Universitet og høgskular har viktig arbeid føre seg.

Ved studiar der studentar kan komme i kontakt med mindreårige eller andre sårbare grupper som del av praksis eller klinisk undervisning, så må kvar student legge fram politiattest. Politiattesten skal gje informasjon om alvorlige narkotika-, valds- og seksualbrotsverk, lekamsfornærming, ulovlege tvangsbrotsverk, fridomsfrårøving og vinningsbrotsverk. Saman med ordninga for skikkavurdering, skal systemet med politiattestar fungere som ein garanti. Garantien gjeld profesjonsutøvararar sine kvalifikasjonar både overfor arbeidsgjevar og over for dei brukarane profesjonsutøvaren møter.

 

Det som er spesielt med politiattestar i høgare utdanning, er at universitet og høgskular skal gjere ei skjønnsmessig vurdering av dei tilhøva studenten er sikta eller dømd for. Det er omfattande og komplekse spørsmål institusjonen skal ta stilling til: Er studentar som er dømt for seksuelle overgrep, grove voldsbrotsverk eller straffbare forhold knytt til rusmidlar/medikament rehabilitert til å ta utdanning som kvalifiserer for yrke som gir autorisasjon og fullmakt overfor barn, unge, funksjonshemma, demente og eitt vidt spekter av sjuke menneske og menneske i vanskelige livssituasjonar?

Feilvurderingar i desse sakene kan få store konsekvensar for sårbare grupper og rokke ved tilliten til kvalitetssikring ved Universitets- og høgskulesektoren generelt. Det er altså eit stort ansvar som no ligg på dekanar, instituttleiarar og institusjonane sine klagenemnder rundt omkring i heile landet vårt. I desse dagar sit dei nemleg med desse krevjande skjønnsvurderingane.

Tidlegare var det ei nasjonal nemnd for vurdering av politiattestar. Eg var i mange år medlem i denne nemnda og har slik fått ein del erfaring med å gjere denne type skjønnsvurdering. Når eg no veit at mange sit midt oppe i vurderingar av desse politiattestane ønskjer eg å minne på nokre viktige vurderingspunkt og vise til dokument for  rettleiing. Det fyrste eg vil trekke fram som viktig for vurderinga er at ein kjenner godt til reglane som gjeld for politiattestar. Det er ulike reglement i høve kva yrke studenten utdannar seg til. Elles skal vurderingane bli gjort ut i frå innhaldet i klinisk undervisning/praksisopplæring og opplysingar om dei forholda som ligger til grunn for politiattesten.

Ut i frå dette må vurderinga ta omsyn til fylgjande:

  • Kva straffbare tilhøve er merka på politiattesten?
  • Når vart dei straffbare forholda utført?
  • Har studenten erklært straffeskuld?
  • Kor mange straffbare tilhøve?
  • Fleire straffbare tilhøve innan eit tidsrom?
  • Kriminell forhistorie?
  • Noverande og tidlegare forhold til rus?
  • Alder?
  • Kor lenge blir forholdet ståande på politiattesten?

 

Den einskilde student med merknad på politiattest har ganske mange plikter. Studenten sjølv har ansvar for å legge fram all dokumentasjon som skal ligge til grunn for institusjonen si skjønnsmessige vurdering. Dette gjeld eventuell sikting, tiltale, førelegg, dom, eigen forklaring inklusiv eventuelle attestar, referansar og helseopplysningar. Dette er dokument som må lesast før ein begynner på vurderingsarbeidet.

Kvar politiattestsak må vurderast individuelt og heilskapleg. Ein må vurdere om det ligg føre tungtvegande argument for at det er uforsvarlig å la studenten delta i praksisopplæringa ved den aktuelle utdanninga.  Ein må altså konkret vurdere dei straffbare tilhøva, alvorsgrad, alder på studenten når dette skjedde, kva vedkommande har gjort i etterkant av dei straffbare tilhøva og korleis deira eiga forklaring er. Kall gjerne studenten inn til eit møte med den faglege leiinga, slik at de får møtt studenten og høyrd den direkte forklaringa og refleksjonane studenten gjer kring dette no i etterkant.

Fagleg leiing og klagenemnd ved den einskilde institusjon har eit stort ansvar for å gjere  vurderingar som sikrar at det er forsvarleg å eventuelt la ein student med merknad på politiattesten gjennomføre praksis. Det er avgjerande viktig at studentar i praksis er skikka for arbeidslivet. Mindreårige og andre sårbare grupper har like mykje rett på å bli beskytta i kontakt med studentar, som dei har overfor ferdigutdanna yrkesutøvarar. Ved vurdering av politiattestar må ein altså gjennomføre ei konkret vurdering av om studenten er skikka til å delta i klinisk undervisning eller praksisstudiar, eller om studenten si deltaking i klinisk undervisning eller praksisstudiar skal vurderast som uforsvarlig.

Dei som sit med politiattestvurderingar kan finne god rettleiing i desse dokumenta:

Klausen, Marianne et.al (2015) Politiattestnemnda si årsmelding og veileder

Felles klagenemnd (2015) Årsmelding

Høgskulen på Vestlandet (2017) Retningslinjer for behandling av politiattestsaker

 

Foto: Høgskulen på Vestlandet

«Jippi! Moro, moro, moro..!»

…kom det frå ein av deltakarane som kom fykande ned skibakken. Vi som tredjeårs vernepleiestudentar har som del av undervisning i nettverks- og frivilligheitsarbeid teke del i aktivitetsdag for personar med funksjonsnedsetjing ved Sogn Skisenter, Heggmyrane. Nav hjelpemiddelsentral, Sogn og Fjordane skikrins, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Sogndal United inviterte til aktivitetsdag 11.februar.

Tekst og foto av studentar ved Vernepleieutdanninga: Ida Kannelønning Engen, Anna Yttri, Kine Øvstetun, Morten Kleppe, Line Kristine Thorstensen. Hovudbilde: Elisabeth Tveit

Continue reading ««Jippi! Moro, moro, moro..!»»

Med historiestudentene til Wien

Forfattar: Ulrike Spring

Nå var det igjen tid for vår årlige studietur til Wien. Fra 6. til 10. oktober lærte vi om forholdet mellom romerne og kelterne i Wien, om keiser Franz Joseph og hans arbeidsvilje, som sto opp hver dag kl. 5 for å jobbe, om bikuber på katedralens tak, et tiltak som skal bidra til å hemme bidøden, og om den tradisjonelle Tafelspitz, som i følge studentene smakte veldig godt. Continue reading «Med historiestudentene til Wien»